Det er krevjande å vere menneske, vi har oftast god tru, og når det har gått bra lenge, ja så trur vi at det går bra av seg sjølv. Men det gjer det aldri. Difor treng de oss HMS-rådgjevarar som spør og grev om førebygging og vurdering av risiko. Enkelt sagt, så handlar det om å sjå litt lenger fram, og gjere tiltak for at det som går bra, skal gå bra framover også.

Sjølv om vi er framsynte og gjer tiltak, så kan det likevel gå gale, fordi vi greier aldri å sjå alt, og ikkje er det sikkert at alt går slik vi har tenkt heller. Trass alt er landbruket mykje risikofylt arbeid med levande dyr, store maskiner, og skiftande vêr og føre. Når vi veit at det kan gå gale, trengst ulike tiltak for å rette oppatt tilstanden og kome attende til normalen. Beredskapsplan, førstehjelp og forsikringar er dei viktigaste tiltaka for å rette opp att situasjonen raskast mogleg. Er du budd?

Korleis er beredskapen hjå deg? Kva om brannalarmen går midt på natta? Har de i fellesskap snakka om møteplass og og handlingar ved brann? Brannøving? Risiko ved å prøve å evakuere dyr? Kven kan stelle fjøs ved akutt sjukdom? Er du budd?

Sløkkeapparat for brann er ein del av førstehjelpsutstyret på garden. Når sjekka du apparata sist? Er du sikker på at dei verkar? Visste du at skumapparat må ha sørvis eller skiftast etter 5 år, og pulverapparat etter 10 år? Og at det er krav til årleg kontroll av kompetent person for apparat i næringsverksemd?

I NLR Vest har vi starta med tilbod om kontroll av sløkkeapparat, førebels med noko avgrensa kapasitet. Det heng overraskande mykje falsk tryggleik både i hus og fjøs; apparat utgått på dato, nedstøva apparat, skøyteleidningar og kle som heng over apparata, feil plassering og manglande skilting av apparata.

Korleis er situasjonen når du treng eit sløkkeapparat? Oppkava, på grensa til panikk. Apparata må henge synleg, lett tilgjengeleg, alle som kjem til må finne dei lett, og dei må verke. Rask handling er heilt avgjerande for å kunne sløkke tilløp til brann. Men obs! Hugs på eigen tryggleik. Er du budd?

Førstehjelp er ferskvare, og må øvast på. Siste vekene har NLR Vest gjennomført 5 kurs i livreddande førstehjelp i samarbeid med dyktige instruktørar frå Bedriftshelse1 og Avonova. På kvart kurs har HMS-rådgjevar frå NLR vore med, for å få dette mest mogleg tilpassa landbruksnæringa. Deltakarane har blitt drilla i knallharde øvingar på hjarte/lungeredning, fordi dette reddar liv ved pustestans. Men det aller viktigaste fokuset har vore: Sikre skadestaden, hindre at du sjølv eller andre hjelparar blir skada. Ta den tida det tar å vurdere situasjonen, sikre deg sjølv, før du hjelper andre. Når gjekk du førstehjelpskurs sist? Er du budd?

Dette vart litt negativt tenkjer du, litt mykje om alt som kan gå gale. Reine KSL -revisjonen i spørsmål. Men kanskje er det dine kunnskapar og handlingar som bergar eit liv, eller sløkkjer ein brann? Og om du skulle falle om med hjarte- eller pustestans, er det grådig godt å vite at dei rundt deg har fersk øving på livreddande førstehjelp? Resultatet av å vere godt budd kan berre vere positivt.

Om du fann noko du skulle ha gjort ved å lese dette, så ta tak med ein gong. Så håpar vi at vi aldri kjem til å bruke verken forsikring, førstehjelp, eller brannsløkkjeapparat. Men du veit aldri, så det er best å vere budd.

20230217 115719