Grovfôrpris i eit tørkeår

21.02.2019 (Oppdatert: 21.02.2019) Arve Arstein

I eit kriseår er det nesten alltid god økonomi å skaffe seg nok fôr til å behalde produksjonsdyra. Utover minimumskravet på 30 % grovfôr, er det prisen per fôreining som bør avgjere om du skal kjøpe grovfôr eller kraftfôr. Pris på grovfôr er ein avtale mellom kjøpar og seljar. Her vil vi trekke fram faktorar som kan vere med på å danne grunnlag for ein pris.

Tapte dyretilskot, slakt- og mjølkeoppgjer kostar nesten utan unntak meir enn å kjøpe «dyrt» fôr. Å behalde mordyra skapar større framtidig inntekt. NLR Økonomi har rekna på ulike modeller for mjølkeku, sau og ammeku. Vi kjem fram til same svar for alle produksjonar. Behald mordyra! Mjølkeproduksjonen har størst lønsemd ved fôrkjøp.
Har du i utgangspunktet låg kostnad i eigen fôrproduksjon, samstundes med høge dekningsbidrag per dyr, kan du betale meir for det ekstra fôret du må kjøpe. Har du i dag marginal lønsemd kan du betale mindre for det ekstra fôret du kjøper. Bønder i område med høge distriktstilskot på kjøt og mjølk vil òg relativt sett ha høgare betalingsevne enn dei i område med låge distriktstilskot. Kostnaden med å produsere grovfôr er i snitt høgare på Vestlandet enn elles i landet, jf. «Grovfôr 2020».

Kva kan du betale?


For grovfôr utover det som er minimum grovfôrrasjon for dyret, er det rett å bruke alternativt fôrmiddel som prisgrense (utgangspunkt for pris). For dei fleste er det kraftfôrpris. Kraftfôr kostar 4 kr per fôreining, men har låge utfôringskostnader i forhold til grovfôr. Prisen på grovfôr må difor ligge under kraftfôrprisen.

Kva kostar det å produsere grovfôr?


Produksjon av grovfôr på Vestlandet kostar i gjennomsnitt 3,50 kr per fôreining, i fylgje prosjekt «Grovfôr 2020». I dette prosjektet vart det i 2017 henta inn data frå 26 gardar på Vestlandet, totalt 200 gardar frå heile landet. Tala syner totale kostnader (innsatsfaktorar, maskiner og løn til eige arbeid) for fôret fram til driftsbygningen. Dei fleste bruka i undersøkinga er over gjennomsnittet i storleik. Mindre bruk har ofte høgare kostnadsnivå. Prosjekt «Grovfôr 2020» synte at gjennomsnittsrundballen på Vestlandet inneheldt 171 FEm, og kosta 3,50 kr per FEm. Variasjonane var svært store. Sjølvkost på ein rundball er 540 kr. Denne prisen er inkludert 200 kr per time til arbeid med dyrking og hausting. Arealtilskotet er ikkje teke med; dette vil vere ca. 135 kr per ball (ca. 80 øre per fôreining ved avling på 500 FEm per dekar). Kostnader til vedlikehald av jord (som ikkje er årleg), til dømes grøfting, er ikkje teke med.

 


Viktig å vite innhaldet i rundballen


Innhaldet i ballen er viktig når vi skal bestemme pris. Prissetjing utan å vite dette vert gjetting. For å finne innhald av energi treng du snittvekt på ballane, tørrstoffinnhald og helst fôreiningskonsentrasjonen. Det beste er å ta ein enkel fôranalyse, i tillegg til å vege 3-5 av ballane i partiet. Snittvekt på ballar x tørrstoffprosent/100 x fôreiningskonsentrasjon = fôreiningar i kvar ball. Når vi veit innhaldet i ballen kan vi diskutere pris.

 

Tabell 2: Prisdøme på rundball med ulikt innhald. Kjelde: Aslak Botten, NLR Østafjells, «Grovfôr 2020».

Tabell 2 syner prisnivået ein rundball bør ligge på for at seljar skal dekke kostnader, med forutsetningane i teksten over.

Grovfôrøkonomi som grunnlag for avgjerder


Variasjonen mellom driftseiningane i «Grovfôr 2020» er store. Dersom du ynskjer å få eit grunnlag for å ta rette avgjerder på garden din, bør du tinge ein gjennomgang av grovfôrøkonomien med ein av rådgjevarane våre.
Ved å legge inn areal du driv, maskinpark, avstandar, tidsforbruk mm, vil vi sjå korleis investeringar gjer utslag på grovfôrkostnaden.


Kjelde: Aslak Botten, NLR Østafjells: «Grovfôrpris i eit kriseår», artikkel i Bondevennen nr. 27/2018.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.