Grovfôrmangel- på helsa laus

24.09.2018 , Kolbjørn Taklo

Situasjonen med sviktande grovfôravlingar har vore framme i media i heile sommar, og sjeldan har landbruket fått slikt fokus utanom jordbruksoppgjeret. Media forsvinn, men det gjer ikkje belastningane. For mange er det no utover hausten og vinteren dei verkelege problema byrjar med fôrmangel og redusert produksjon, med påfølgande økonomiske konsekvensar. Dette kan fort gå på helsa laus, og det er difor viktig å vere merksam på signal hjå oss sjølv som kan tyde på at vi er i ferd med å "møte veggen", og setje inn tiltak før det skjer.

Føre var

Alle leverandørar og aktørar innan landbruket veit at situasjonen er spesiell i år. Det er difor lurt å snakke med bank, andre  kreditorar, fôr- og maskinleverandørar, varemottakarar og gjere avtalar om utsetting av avdrag/nedbetalingar dersom du ser at dette ikkje går bra. Det er viktig å gjere dette tidleg, slik at ein skaffar seg handlingsrom.

Snakk om det

Det er ikkje bra å bere bekymringar inne i seg sjølv.  Snakk om dei med nokon. Naboar, andre bønder, Tine eller NLR-rådgjevar, dyrlege. Det gir deg ikkje meir fôr, men bekymringar kan bearbeidast og blir kanskje mindre gjennom å få snakke om dei. Og kanskje får du tips om nokre gode løysingar og?

Lytt på andre

Om du ikkje er bekymra sjølv, så er kanskje andre du kjenner det. Ta deg litt ekstra tid til å høyre på andre sine bekymringar, inviter gjerne på ein kopp kaffi eller ta ein ekstra tur til kaffikråna i butikken no utover hausten og vinteren. Nettopp du kan vere ei viktig fyrlykt for andre.

Norsk Landbruksrådgiving, ta kontakt

Gjennom rådgjevingsapparatet og samarbeidsavtalar med bedriftshelsetenester over heile landet, kan NLR tre støttande til og hjelpe i vanskelege/kritiske situasjonar. Vi formidlar kontakt for samtale med helsepersonell i bedriftshelsetenestene. Ta kontakt med HMS-rådgjevar eller andre i din region dersom du eller andre treng slik hjelp. Innan visse råmer er dette tilbodet gratis til alle bønder.

Signala

Nervøsitet, vondt i magen, dårleg matlyst, vanskar med å få sove, oppfarande, ulyst til å vere i lag med andre, kan vere signal på at ein nærmar seg ei grense for at det kan bli ein kritisk situasjon. Dette er kanskje ting som er normale når det oppstår av og til, men om det skjer hyppig og ikkje går over ganske fort, kan det vere eit faresignal. Hugs at det er du sjølv som veit mest om deg – og veit korleis det skal vere. Når det ikkje fungerer over tid, må du søke hjelp. Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Ola M. Hestenes oppsummerte det vesentlege i ein oppheta vegstrid: “Eg ete gøtt, og eg søve gøtt”, og i lag med sunnfjordkjenneteiknet "ete fysst”, er vel dette kjernepunkta i eit godt liv.

HMS- rådgjevarane våre

Kolbjørn Taklo

Tlf: 913 96 560

Epost: kolbjorn.taklo@nlr.no

Kontor: Sandane

Dag Erik Hauge

Tlf: 976 59 609

Epost: dag.erik.hauge@nlr.no 

Kontor: Sandane og Ørsta

 

Charlotte Joys

Tlf: 411 24 222

Epost: charlotte.joys@nlr.no

Kontor: Kokstad

Trude Iren Saure

Tlf: 975 28 775

Epost: trude.iren.saure@nlr.no

Kontor: Ørsta



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.