Grovfôrkvalitet til kjøtproduksjon

05.10.2016 (Oppdatert: 11.12.2018) Arve Arstein

Ved kjøtproduksjon med basis i ammeku og full framfôring er det fornuftig å ha grovfôr med ulik energikvalitet. Til ammeku og oppdrett av kviger trengst det lite av konsentrert fôr, men framfôring til slakt krev ein høgare energikonsentrasjon i totalrasjonen.

Rett haustestrategi er viktig. Ved ammekuproduksjon og full framfôring har ein behov for vinterfôr med ulik kvalitet.

Fôrkvalitet

I denne artikkelen skal vi diskutere grovfôrkvalitet til ulike dyregrupper i kjøtproduksjonen. I begrepet fôrkvalitet innngår mange kvalitetsvurderingar: Energikonsentrasjon (FEm pr kg fôrtørrstoff), stoffleg innhald(protein, mineral og vitamin) og gjæringskvalitet (syreinnhald og pH). Vi i landbruksrådgjevinga er veldig opptekne av å snakke fram tidleg slått, for å få eit fôr med høg energikonsentrasjon, men i nokre husdyrproduksjonar bør ein ha eit meir differensiert mål for energikvaliteten i fôret. Kravet til stoffleg innhald og gjæringskvalitet bør vere nokså likt, uavhengig av produksjon.

 

Grovfôrkvalitet til ammekyr

Næringsbehovet til ammekyr endrar seg gjennom året slik figuren til høgre viser (tomtid, drektigheit og laktasjon). Samanlikna med ei mjølkeku, utgjer energibehovet til vedlikehald hos ei ammeku ein mykje større del av det samla behovet. Sidan dei fleste ammekyrne på Vestlandet har kalving i mars-april (jfr. Storfekjøtkontrollen), vil energibehovet i mykje av innefôringstida vere lågt. Lågt fôrbehov og stor fôropptakskapasitet betyr at ammekyrne bør fôrast med eit grovfôr som har lågare energiinnhald enn t.d. høgtlakterande haustbære kyr. Kravet til fôrkvalitet gjennom sesongen for vårbære ammekyr og sau er nokså likt. Brukar ein «mjølkefôr» etter innsett, må det streng rasjonering til for å unngå feite dyr. I tida før kalving aukar energibehovet. Dette kan løysast på fleire måtar, alt etter tilgang på grovfôr og pris på grovfôret. Det er fullt mogeleg å nytte middels til seint hausta grovfôr og kombinere det med kraftfôr, men grovfôr med moderat til godt energiinnhald vil spare kraftfôrkostnader i denne siste fasen før kalving.

 

Grovfôrkvalitet til slaktedyr

Produksjon av tunge kvalitetsslakt til ein lågast mogeleg kostnad er eit mål for svært mange. God tilvekst (høg fôrstyrke) kan ein oppnå med ulike fôrrasjonar, men med grovfôr med låg energiverdi betyr dette bruk av mykje kraftfôr. Krav til grovfôrkvalitet til slakteoksar skil seg lite frå mjølkeku. Ofte ynskjer ein eit grovfôr med ein energikonsentrasjon i område 0,86-0,90 FEm pr kg TS. Då kan ein få god tilvekst med moderat kraftfôrbruk. Realiteten er likevel at 55-60 prosent av energien i ein fôrrasjon til okse kjem frå kraftfôr. Dette kan forklarast med at grovfôr ofte er ein mangelfaktor, og at framfôringstida må vere kort, for å få ned det totale fôrforbruket.

 

Haustetid for enga

Sidan kravet til energiinnhald i grovfôret i innefôringssesongen for vårbære ammekyr og slaktedyr er så ulikt, bør ein ha ein haustestrategi som tek omsyn til dette. I mindre buskapar kan det sjølvsagt vere utfordrande/umogeleg å fôre med to grovfôrkvalitetar samstundes, men for større buskapar bør dette kunne gå. Vinterfôr til slakteoksar bør haustast tidleg. Rett haustetid vert i «tidleg skyting» av dominerande grasartar. Hausting før skyting reduserer avlinga så mykje, at det er lite aktuelt. Eit grovfôr med 0,86-0,90 FEm/kg TS vil det vere eit godt utgangspunkt for å lage ein fôrplan med moderat kraftfôrmengde og høg dagleg tilvekst på oksane. Appetittfôring med surfôr er sjølvsagt eit krav. «Grasfôra kjøt» er eit begrep som enkelte har teke i bruk. Det betyr i praksis ein fôrrasjon gjennom heile året med hovudsakleg beite og surfôr. I eit slikt driftsopplegg vil det vere vanskeleg å få god tilvekst gjennom vinteren utan tidleg hausta gras. Vinterfôret til ammekyr bør vere mindre energirikt enn til slaktedyra. Haustetida bør difor utsettast i høve til det som mange oppfattar som «rett» haustetid. Truleg er ein slik differensiert haustestrategi mest realistisk dersom ein konserverer graset i rundballar. Slått ei veke etter full skyting vil gje eit surfôr med energikonsentrasjon i området 0,75-0,80 FEm pr kg TS. Dette er perfekt ammekufôr for dei 4 første innefôringsmånadane. Den utsette haustetida vil auke grasavlinga betydeleg, noko som for dei aller fleste vil vere kjærkomme.

 

Litteratur: Fôring av kviger og ammekyr gjennom året (Øystein Havrevoll, Nortura, 2013). Grovfôrbasert kjøtproduksjon på storfe (Øystein Havrevoll, Nortura, 2015)

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.