Stadig fleire bønder slit med aukande grovfôrkostnader grunna mykje hjort. Ein reduksjon i hjortestammen er det klart viktigaste tiltaket for å få ned kostnadane som mange bønder har med intensiv beiting av hjort.

Beiteskade gir auka grovfôrkostnader

Stort tap av avling p.g.a. hjort som beiter i eng medfører auka grovfôrkostnader for bøndene. Sidan ein stor del av kostnadane knytt til grovfôrdyrkinga er faste, vil redusert avling ikkje redusere kostnadane noko særleg. Mindre avling vil føre til at bonden må leige areal eller kjøpe inn fôr (grovfôr eller kraftfôr). I sum vil dette føre til auka grovfôrkostnader.

Tiltak

Bønder som bur i område/bygder med høg bestandstettleik av hjort bør sette i verk tiltak for å redusere skadeverknadane/kostnadane som beitinga medfører. Fleire tiltak er aktuelle:

  • Auka og/eller endra avskyting
  • Aktive bønder må engasjere seg i lokal og regional hjorteforvalting
  • Bruke grasartar og sortar som toler beiting og/eller er mindre attraktive for hjort
  • Sette opp gjerde (enkle kortvarige eller permanente)

Vi har intervjua to bønder som opplever beiting av hjort som svært krevjande for si drift.

Magne Norddal, Fjaler kommune i Sunnfjord

Magne Norddal driv med mjølkeproduksjon med ca. 35 årskyr i Norddalen i Fjaler kommune (380 m.o.h.). Eige fulldyrka areal er 160 dekar, og sjølv om Magne driv areala intensivt, lyt det leigeareal til for å ha nok grovfôr. Desse ligg 3-15 km frå garden, så transportkostnadane vert store.

Stor beiteskade av hjort har i mange år vore ei stor utfordring. I dei siste fire åra har NLR Vest registrert avlingstapet som fylgje av hjortebeitinga sommar og haust. I gjennomsnitt for desse åra er kostnaden berekna til 850 kr pr. daa. (samla 136 000 kr). Magne har hatt fokus på alle tre tiltak nemnde over: Auka uttak av hjort, endra frøblandingar og bruk av gjerde.

Magne har engasjert seg i styret i storvaldet og argumentert for auka uttak av dyr. Berre på dei 2-3 siste åra har jaktfeltet fått ein auke i tildelte dyr frå 20 til 35. Fellingsprosenten ligg stabilt på 100. Det er samarbeid mellom jaktfelt i valdet for å få til auka uttak av dyr

Beiteblanding med 50 % timotei har vore den mest brukte frøblandinga i Norddalen i mange år. No nyttar Magne frøblandingar med mange artar, og timotei utgjer ein langt mindre del av frøblandingane enn før. Nye artar i blandingane er bladfaks, strandsvingel og raisvingel. Beitepresset av hjort er klart størst på areal med mykje timotei; skifta sådde siste åra med overvekt av bladgras ser ut til å ha mindre beitepress så lenge hjorten har eng med timotei å beite på.

Magne har i mange år skjerma enga i attleggsåret med flyttbart elektrisk gjerde med plastpålar på 1,70 m. Dette enkle tiltaket har vore effektivt; attlegga har fått etablert seg godt. Nydyrka areal i 2021 vart skjerma for hjortebeiting med permanent HT-gjerde. Sjølv om gjerde vart profesjonelt oppsett har normal snøvinter gitt stor slitasje på gjerde allereie første vinteren.

Tiltak hjorteskade
Norddalen 12. august 2020: Ove Sørestrand, rådgjevar i NLR Vest (t.v.) og Magne Norddal i fin eng dominert av bladgras.

Han Olav Husby, Aure kommune på Nordmøre

Hans Olav Husby har store utfordringar med hjortebeiting på mykje av jorda si. Han har prøvd å ta fleire grep for å møte denne utfordringa, og eit viktig grep har vore å engasjere seg i den lokale hjorteforvaltninga via lokalt bondelag.

Dei seinare åra har han sådd grasblandingar som er betre tilpassa beiting, og han direktesår årleg med fleirårig raigras på en del av skifta. Han har også prøvd eittårig beite med rug eit par år.

Hans Olav har gjerda inn ein del av skifta. Førebels har han ikkje sett opp permanente gjerde, men brukar flyttbart straumgjerde med glasfiberstolpar. Han brukar dobbelt gjerde, dvs. eit yttergjerde med 2 straumtrådar og eit innergjerde, ca. 1 meter innom, med ein tråd. Dette blir sett opp om våren på dei mest utsette skifta. Gjerdet blir forsterka i hjørna. Innergjerdet må flyttast ved slått. Heile gjerdet blir teke ned etter andre- eller evt. tredjeslåtten. I løpet av sommaren må det brukast ryddesag under det ytterste gjerdet for å hindre at gras veks opp i tråden. Hans Olav understrekar at det må vere god straum på gjerdet. Hjorten held seg stort sett borte frå desse skifta heile vekstsesongen, men han har fri tilgang elles i året. Ein må derfor rekne med avlingsnedgang på grunn av haust- og vinterbeiting.

Sjølv om tiltaka er til god nytte, så vurderer Hans Olav å gjerde inn dyrka jorda heime med permanente gjerde. Høg kostnad er grunnen til at det har vore sett på vent.

Dobbet gjerde
Dobbelt elektrisk gjerde mot hjort