Strandsvingel er ein varig treslåttsart med eit kraftig og djupt rotsystem som er kjent for å tole både tørke og flaum. Strandsvingel etablerer seg sakte, men har god gjenvekstevne etter slåttane. NutriFibre® er basert på mjukblada strandsvingelsortar, utvikla av Royal Barenbrug-gruppas internasjonale avlsprogram «gras til høgproduktive mjølkekyr» i Nederland1.

Blandinga med NutriFibre som blir selt i Noreg inneheld 75 % mjukblada strandsvingel (tre ulike sortar), 15 % fleirårig raigras og 10 % kvitkløver. Dei dominerande strandsvingelsortane og raigraset i blandinga frå 2022 er ikkje testa ut på Vestlandet. NutriFibre-blandinga frå 2021, som inneheldt blant anna strandsvingelsorten «Barolex», ser ut til å ha usikker og varierande overvintring, både i Noreg2 og Finland3. Barolex var ikkje ein del av 2022-blandinga.

IMG 20220822 211106 144
Rotutvikling av "NutriFibre" i gjenleggsåret i Innlandet. Foto: Benedikte Tveit

Kva blanding kan du bruke?

Barenbrug reklamerer bl.a. med at «eit treårig forskingsprosjekt (NL) demonstrerer at NutriFibre® gjev 30 % meir tørrstoff, og 30 % meir protein enn fleirårig raigras» og at «NutriFibre® har lang levetid og kjem til å produsere store avlingar i minst fem år.»4 For å kunne bekrefte eller avkrefte om denne og andre påstandar stemmer, er vi nøydde til å teste ut NutriFibre under våre klimatiske (og lokale) forhold over fleire år.

«De i NLR Vest må vere litt framme i skoa og tilrå nye ting!» Vi er heilt einig- vi skal ikkje sjå bort frå nye blandingar, men vi skal heller ikkje sjå bort frå lokal forsking og kor viktig det er å bruke klimatilpassa artar og sortar.

Det finst ein del blandingar på den norske marknaden som inneheld strandsvingelsortar som er testa ut under norske forhold, i tillegg til fleire artar i blandingane som sørger for meir stabil avling. NIBIO dokumenterer gjennom eit treårig forsøk (2020-22) på Fureneset at det er store avlingsskilnadar mellom strandsvingelsortane (avlingsskilnad på opp til 250 kg TS/ daa) som er brukt i desse blandingane, sannsynlegvis pga. varierande overvintring.5 Det vil bli sådd fleire demonstrasjonsfelt i NLR Vest med ulike frøblandingar som inneheld mjukblada strandsvingelsortar (inkl. NutriFibre), for å teste overvintringsevne, etablering m.m. under lokale forhold.

Strandsvingel 1 2022 12 08 123716 ylvg
Tradisjonell strandsvingel har grove, litt stive blad. Gjennom foredlinga ynskjer ein å kome fram til sortar som har mjukare blad, betre smak og betre fordøyelegheit, samstundes som dei gjev høg avling.

Raigras eller strandsvingel?

Sjølv om raigraset kan sjå ut til å overvintre betre enn før somme stader, er vinteren framleis ein usikker faktor. Strandsvingel har ein styrke mot fleirårig raigras når det gjeld overvintring, toleranse for tørke og under svært våte forhold. Strandsvingelsortar som er prøvd ut i Noreg kan difor blir tilrådd på areal som er marginale for fleirårig raigras.

Kva kan du gjere?

Du har veldig lyst å teste ut nye blandingar? Vi tilrår at du testar deg litt fram. Start med eit lite skifte for å finne ut kva som fungerer på jorda di og på garden din.

Vil du etablere eit gjenlegg med NutriFibre? Vi tilrår at du les dyrkingsrettleiinga: Dyrkningsmanual.pdf (gjolstadgard.no)

Nye blandingar kan, men må ikkje nødvendigvis bety større avlingar og betre fôrkvalitet! Det er svært viktig å bruke klimatilpassa sortar. Hugs at blant anna slåttetidspunkt, vêrtilhøve under fortørking, ensilering, jordforholda og mange andre faktorar er avgjerande for ei god avling av høg kvalitet.

NIBIO- forskar Liv Østrem understrekar at mange artar i blandingane sørger for ei meir stabil avling, og plantedekket som konkurrer mot ugras er tettare i mangfaldige blandingar. I tillegg har bladgrasartar stor gjenvekstevne. Legg merke til at mange sortar av same art i ei blanding (t.d. tre ulike strandsvingelsortar) kan utfylle kvarande, men ikkje i same grad som artar.


Treng du hjelp til å finne rette frøblandinga til enga di? Ta kontakt med ein av våre grovfôrrådgjevarar.



Kommentar: Artikkelen vil bli oppdatert etter vinteren 2022-23.

Kjelder