I fleire år har NLR Vest tilbydd medlemstenesta NLRpluss Grovfôr. Eit fleksibelt tilbod der du sjølv kan velje både omfang og tema. Du betalar for dei timane du brukar rådgjevaren. Rådgjevinga vert tilpassa behovet du har på din gard. Om du berre treng litt, litt meir eller mykje rådgjeving gjennom sesongen, så er NLRpluss Grovfôr ei hjelp til deg for å auke avlinga og betre kvaliteten på grovfôret ditt. Dette vil sjølvsagt også bidra positivt på økonomien i drifta di. Du vel sjølv kva vi skal ha fokus på, og i kor stort omfang du ynskjer bidrag frå oss som rådgjevarar. Tenesta NLRpluss Grovfôr kan og brukast til økonomirådgjeving, presisjonslandbruk, dreneringsspørsmål, finjustering av gjødslingsplanen, avlingsregistrering, fôrplanlegging m.m.

Dei som har kjøpt tenesta kjem med gode tilbakemeldingar. Nokre har vore med kvart år sidan vi starta opp. Spesielt nyttig er ei synfaring av enga om våren, med etterfølgande råd om tiltak vidare i sesongen. Besøk på garden er viktig for å sjå på eng og areal. Dette vil gje det beste grunnlaget for god rådgjeving og dei rette tiltaka. Ein ting er ein telefon til oss omkring eit problem, men ofte er det viktig å sjå og diskutere problemstillinga på staden.

Felde Samdrift i Gloppen har vore med kvart år. Vi har teke ein prat med bøndene Per Asbjørn Felde og Anders Felde om korleis dei har brukt rådgjevingstenesta, og kva for erfaringar dei har gjort seg:

«Vi har stort sett brukt rådgjevaren til eit besøk om våren. Dette har vore nyttig, og det har også medført at vi har endra planane for sesongen når vi har gått rundt og vurdert enga. Vi driv med isåing av eittårig raigras i litt eldre eng, samstundes som vi driv omlegging frå timoteibasert eng med to slåttar til treslåttseng basert på raigras, raisvingel og strandsvingel m.m. på dei lågareliggande skifta. Oppi dette er det gunstig å ha ein rådgjevar tilgjengeleg, både når det gjeld val av frø, gjødsling og slåttetidspunkt. I tillegg er det godt å ha ein rådgjevar som kan svare kjapt på spørsmål om plantevern m.m. i løpet av sesongen, gjerne også utanom vanleg arbeidstid. Det er også greitt å ha besøk av rådgjevar når det nærmar seg hausten. Då kan vi diskutere kva som har gått bra og kva som ikkje har fungert. Det er då aktuelt å vurdere kva for skifte som skal brakkast og om det er behov for haustsprøyting mot t.d. høymole eller andre tiltak.

Så legg Anders til: Så verkar det svært bra å lokke rådgjevaren med ferske bollar, då kjem han med ein gong!

NL Rpluss Anders og Per Asbjorn 07 06 22
1. års eng av Spire Surfôr/beite Vestland 7. juni 2022. Enga står svært fint. Rett nok står bøndene på kne.

Rapport

Døme på ein rapport etter besøk. Denne gongen blei det gjort vurderingar m.o.t. veret som var meldt og litt andre praktiske utfordringar. Ein typisk situasjon der vertilhøva m.m. blei avgjerande for slåttetidspunktet. Denne gongen var det ikkje grunnlag for å tenkje optimalisering av slåttetidspunktet i høve til døgngrader og utviklingsstadium:

Anders og Per Asbjørn møtte. Ein rundtur gjennom vestlandsblanding sådd i fjor. Denne står svært bra. I dag såg vi berre sporadisk aks frå raigras. Timotei utgjer ein god del av avlinga. Det er for tidleg å hauste dersom ein ser på graset isolert sett. Her er fleire faktorar som gjer at det blei bestemt hausting nedanfor Feljavegen anten i kveld eller i morgon. Pressing torsdag 9. juni.

Avgjerande faktorar er at det er meldt regn, og at det kan bli lenge til det blir tørt nok til å kome utpå igjen. Litt manglande arbeidshjelp og behov for å få møk ut igjen også rett før regn var gode argument. Det er vanskeleg å arbeide med møk på dette arealet når det er vått. Det største minuset med slått no er at dette er uheldig for timotei, men det er råd å stubbe bra høgt. Dessutan var det alt no litt legde. Denne kan bli mykje verre om det kjem regn før slått. Meir legde gjer haustinga vanskeleg.

Det var alt slege på Moldestad og arealet nedom hovudvegen, så med dette får ein unna ein del slått før regn (der er meldt fare for ettermiddagsbyer…). Desse areala skal slåast 3 gonger, og det er såleis viktig å kome i gang.

NL Rpluss Felde juni 22
Fineversdag 7. juni 2022. Yr.no blir ivrig studert. Det var meldt regn. Valet stod mellom å starte slått her umiddelbart, eller vente til etter regnveret var over og det hadde tørka opp igjen.
NL Rpluss Alva var 2022
God stemning under rådgjevingsbesøk hjå Alva Samdrift, Stryn våren 2022. Foto: Ingvild Berge.

Som rådgjevarar i NLR Vest ser vi at mange kan ha god hjelp av rådgjevingsbesøk. Det skal ikkje alltid så mykje til før du som bonde har god nytte av råda vi kan kome med på ein rundtur på garden. Vi håpar at også fleire medlemar ser dette, og at oppslutninga omkring NLRpluss Grovfôr vil auke framover.