Rett mengde og rett plassert innsatsfaktor reduserer overforbruk. Det gir openberre miljømessige fordelar. Økonomisk vil det vere lønsamt å spare dobbel spreiing av gjødsla samt sikre at kvar einskild plante får dosa si slik at også kvaliteten på fôret aukar. Ved å ta i bruk presisjonsutstyr får ein meir rasjonell køyring på skifta og såleis sparer ein også arbeidstid.

Rett presisjonsutstyr sparar tid, pengar og miljøet, og aukar kvaliteten på fôret.


Følg sporet med sporfølgjar

Ved handelsgjødselspreiing, spreiing av tynn husdyrgjødsel eller sprøyting, kan det vere utfordrande halde rett avstand til førre drag. Mange ventar nokre dagar til graset er lengre og viser tydelege spor. Da mistar ein tid der gjødsla kunne gjort nytte for seg i enga, sidan tidleg tildeling aukar veksten.

Siktemerker som staur, brøytestikker eller liknande kan vere ei god løysing, men er tidkrevjande og har ein tendens til å ikkje bli gjennomført. Då blir det kanskje til at ein køyrer på augemål, noko som gjer det vanskeleg å halde rett avstand. Konsekvensen er gjerne at ein køyrer for tett og då bruker ein for mykje gjødsel.

Sporfølgjaren hjelper deg å køyre nøyaktig. Skjerm, antenne og kabelsett kan monterast i alle traktorar og flyttast mellom fleire traktorar. Det trengst berre 12V straum.

Sporfølgjaren er enkel i bruk. Fyrst tastar ein inn ynskt spreiebredde, så køyrer ein første draget. Deretter får ein - basert på første drag - opp linjer med rett bredde, som ein køyrer etter på neste drag. I tillegg har dei ein funksjon som skraverer kvar på skiftet ein allereie har køyrd. Ein kan til dømes sjå kor kunstgjødselspreiaren gjekk tom, og finne tilbake til den plassen etterpå. Sporfølgjarar kostar frå 20.000,- kr + mva og er gratis i bruk.


DJI 0149

Og følg kanten med kantspreiarutstyr

Ytterkanten til typiske vestlandskifter kan vere opptil 20 % av arealet. Kantspreiaren gjer at du kan nytte arealet med full gjødselmengde heilt ut til ytterkant av skiftet og samtidig unngå å kaste gjødsel i vassdrag eller til skogs. Dette skjer ved at spreiebiletet vert endra.

Kantspreiarutstyr kan ettermonterast. Ved nykjøp av spreiar tilrår vi å ta med kantspreiarutstyr. Det vert løyst teknisk litt ulikt frå modell til modell, men dei gjer same jobben. Dette er ei investering ein tener inn att raskt. Kantspreiar saman med ein sporfølgjar vil vere eit godt hjelpemiddel for vestlandsbonden.

Presisjon 2

Neste steg kan vere seksjonskontroll

Ein spreiar med seksjonskontroll, vil basert på posisjonen starte og stoppe spreiaren automatisk, også i kilar og trekantar. Den registrerer kor den har spreia før og spreiar ikkje dobbelt.

Denne teknologien passar godt på mange vestlandskifter. Det er ofte mange kilar og trekantar. Seksjonskontrollen vil tilpasse spreiebiletet etter forma på kilane og auke/redusere tildelinga etter kvart. Merk at med ein slik spreiar, må ein også ha kantspreiarutstyr for å utnytte ytterkantar.

Ein treng ikkje ein ny traktor med autostyring og Isobus for å bruke ein slik spreiar. Dei kan leverast med komplett betjeningssystem og eiga antenne. Ein slik spreiar kostar frå 150.000,- kr + mva.

Presisjon

La traktoren styre sjølv

Med ein sporfølgjar må ein styre traktoren sjølv. Neste steg kan vere å investere i autostyring. Da får ein alle dei same fordelane, men traktoren styrer sjølv. Om ein kjøper ny traktor kan autostyringa vere integrert i styresystemet. Om ein har eldre traktor eller har kjøpt ny utan autostyring, kan det også ettermonterast. Fordelen med autostyring er at ein slepp å konsentrere seg om å halde kursen og heller kan fokusere meir på arbeidet som blir utført bak traktoren. Å sleppe å fokusere på to ting samtidig, fjernar belastning på føraren samtidig som ein klarer å utføre betre arbeid med reiskapen. Ein tenkjer kanskje at autostyring er for bøndene på flatbygdene med fleire hundre mål store teigar. Dette er ikkje tilfelle, -ein kan gjere god nytte av autostyring på dei ikkje fullt så store teigane på Vestlandet. Prisen for full pakke for ettermontering er frå i underkant av 100.000,- kr + mva.

Dersom du no ynskjer meir informasjon om sporfølgjar, autostyring, kantspreiar eller seksjonskontroll, ta kontakt!