Karbonfangst – kva er det?

Karbonfangst er populært for tida. Det er plantane som gjennom fotosyntesen "fangar" karbon (C) frå lufta og forsyner mikrolivet i jorda med karbon. Dermed vert det mindre CO2 i lufta. Det er berre plantar og tre som kan gjera denne jobben med å binda karbon frå lufta. For at karbonet som plantane tilfører jorda skal kunne utnyttast må det vera til stades eit rikt og mangfaldig liv i jorda frå meitemark og andre organismar som ein kan sjå med berre auga, og til bakteriar som ein må bruka mikroskop for å sjå.

Høgast karboninnhald i eng

Karboninnhaldet er høgare i eng enn der det vert drive vekstskifte med intensiv dyrking av potet og grønsaker. I jorda på Vestlandet er det difor jamt over høgt innhald av karbon. Karbonet vil heile tida vera utsett for "åtak" frå mikrolivet i jorda. Difor må det heile tida fyllast på med organisk materiale. Det gjer ein ved tilførsel av husdyrgjødsel og plantar med godt rotsystem. Det er stor skilnad i biologisk aktivitet i jord. Det viser resultat frå prosjektet "Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak for Vestlandsjordbruket". Prosjektet er eigd av Voss herad. Resultatet viser høgare innhald av sopp i økologisk driven jord samanlikna med konvensjonell drift.

Karbon i eiga jord?

Ein kan finna karboninnhaldet i eiga jord ved å sjå på resultatet frå jordanalysane. Ved å dela glødetapet på 2 finn ein om lag kor myke karbon som er i jorda.

Kompostering av gardsavfall

For å auka innhaldet av sopp kan kompost av vrakfôr, øydelagde rundballar (utan plast), litt møk og lauvtreflis vera ei kjelde for tilføring av sopp i jorda. For å snu komposten må ein ha tilgang på frontlastar eller gravemaskin. Kompostvendarar er dyre og difor lite eigna til kompostering i mindre skala. Det er viktig å få temperaturen i kompost opp i omkring 60 grader for å drepa ugrasfrø og uønskte organismar. Ulempa med kompostering på ein slik måte er tap i form av CO2.

Biologisk mangfald

Dersom ein ikkje vil gå for kompostering av gardsavfall, er det andre aktuelle tiltak for å auka karbonbindinga som til dømes å bruka frøblandingar samansett av ulike artar og sortar med ulike rotsystem. Timotei har eit grunt rotsystem, medan strandsvingel har røter som går djupare. Raudkløver og luserne er artar som har djupt rotsystem. Spire Surfôr/beite Vestland er døme på ei frøblanding samansett av ei rekkje ulike artar og sortar.

Korleis læra om eiga jord?

For å læra om di eiga jord må du fram med spaden. Grav, lukt, sjå etter rotutvikling, meitemark og andre organismar. Er jorda pakka? Kontakt gjerne ein rådgjevar.