Hege Våtevik er mjølkeprodusent i Fjærland. Det er ikkje noko nytt at ho tek surfôrprøve, men etter at ho fekk utarbeidd NLR Surfôrtolken på analysebevisa sine, opplever ho at nytteverdien av surfôrprøvane har blitt endå større for ho.

Du får inntrykk av god oversikt når du ser utover rundballelageret til Hege. Her er merka rundballar, lagra i grupper, alt etter kvar dei er hausta og kva for slått dei er frå.

« for meg er det viktig å få til ei jamn fôring gjennom heile sesongen, sidan eg har kalving gjennom heile året. Då må eg vita kvaliteten av dei ulike partia, og blanda på ein slik måte at det sikrar mest mogeleg stabil kvalitet på fôrbrettet»

Det blir teke ut representative fôrprøvar frå dei viktigaste partia etter at rundballane har lege minimum 6 veker, og deretter startar planlegginga.

«tidlegare, når analysebevisa kom, så var det gresk for meg. Det var nok rådgivarane som skulle hjelpa meg å planleggja fôringa mi, som hadde størst nytte av at eg tok fôrprøvar. Men fyrste gongen eg fekk utarbeidd NLR Surfôrtolken så forstod eg mykje meir. Eg opplevde at eg hadde eit heilt anna grunnlag for diskutera med rådgivaren min, når eg forstod samanhengane, og kvar dei ulike resultata burde liggja.»

Hege og Lise
Bonde Hege Våtevik (t.v.) saman med rådgjevar Lise Elvagjeng, NLR Vest. Foto: Privat.

NLR Surfôrtolken er eit tilbod NLR har utvikla for å hjelpa bonden med å vurdera korleis resultatet av grovfôrproduksjonen vart denne sesongen, og gi gode innspel til kva som kan gjerast betre neste sesong. I grove trekk kan ein seie at ein får svar på næringsinnhaldet i fôret, korleis gjæringsprosessen har gått og mineralinnhaldet. Kvart enkelt resultat kjem opp med ein kommentar om kva som er optimale verdiar, og kva dette resultatet betyr. I tillegg samanfattar rådgivar alle resultata i ei samla vurdering. Der kjem det fram kvifor resultata vart som dei vart, og kva som bør endrast neste sesong for å nå eit betre resultat. Men her kan det òg vanka skryt, rett og slett ei stadfesting av at dette er godt grovfôr. Så er det også viktig å hugsa på at godt grovfôr ikkje nødvendigvis er høgast mogeleg verdiar på det meste. Godt og rett grovfôr til ei ammeku i tidleg drektigheit, er ikkje brukande grovfôr til ei høgtytande mjølkekyr. Det er òg stor skilnad på kva grovfôr som er optimalt til ei geit i tidleg laktasjon, og ein sau på midtvintersfôring. Det er viktig å produsera det grovfôret som er rett for deg og di drift, og det kan du vita om du har lukkast med ved bruk av NLR Surfôrtolken.

Tilbake i Fjærland har bruk av NLR Surfôrtolken ført til at det no blir endringar i drifta, og at det skal redusera gjødselkostnadane neste sesong.

«Sjølv om me har utnytta husdyrgjødsla godt her på garden tidlegare, har det vore tradisjon for å bruka Fullgjødsel 25-2-6 som mineralgjødsel. Dei siste åra har eg bytt den ut med OPTI- NS, men eg har vore usikker på om det har vore godt nok. Når eg no ser resultatet av NLR Surfôrtolken, og den viser at mineralinnhaldet i plantene er optimalt, så har eg fått stadfesting på at det er tilstrekkeleg å nytta OPTI- NS. Og når proteininnhaldet i fôret er høgare enn det som strengt tatt er nødvendig, så veit eg at eg kan gjødsla litt svakare med nitrogen. Det kan tyda på at eg har ein større gjødselverknad av husdyrgjødsla enn det me tidlegare har kalkulert med. Då kan eg rett og slett spara litt peng, noko som kjennest heilt greitt med den kostnadsveksten som me no opplever!»

Fjosbilde Hege

Hege har diskutert gjødselpraksisen sin med andre mjølkeprodusentar. Nokon utrykkjer skepsis til om det blir god nok gjødseldekning med berre OPTI- NS, graset blir for lyst meiner dei. Kanskje har Hege meir møk enn dei, og kanskje ein betre gjødselverknad av den, men det er ikkje av så stor betydning kva som er årsaka, så lenge Hege veit at i si drift, så blir det rett og godt nok.

Når det gjeld gjæringskvaliteten spelar stubbehøgde, forturking, tal lag plast og bruk av ensileringsmiddel inn. Er sukkerinnhaldet lågt, og summen av gjæringsprodukt høg, ja då har næringa som kunne vore tilgjengeleg for dyret, blitt brukt til å senka pH tilstrekkeleg for få ein stabil silomasse. Målet med å få utarbeidd NLR Surfôrtolken må vera å gjera dei endringane som skal til for at mesteparten av den næringa som var tilgjengeleg i utgangspunktet, gagnar dyret til slutt.

Samspelet mellom mineral, og differansen mellom kation og anion, spelar mellom anna inn når det gjeld å førebygga mjølkefeber hjå mjølkekyr. I Fjærland er det mykje syreløyseleg kalium (KHNO3) tilgjengeleg i jorda, noko som ofte fører til at det er vanskeleg å produsera eit grovfôr med låg nok differanse til sinkyr. Hege fortel at ho er klar over at grovfôret hennar er lite eigna til sinkyr, men at den største utfordringa hennar er at fjøsen er utforma slik at det ikkje let seg gjera å differensiera fôringa mellom kyr i laktasjon og kyr i sinperioden. Men når den løysinga kjem på plass, kan Hege produsera sitt eige sinkufôr, ho som har så god oversikt over både innhaldet i ballane, og kvar dei er lagra.

Ynskjer du hjelp til å få utarbeidd NLR Surfôrtolken kan du ta kontakt med oss i NLR Vest. Me kan hjelpa til å ta ut fôrprøve, men har du allereie eit analysebevis frå årets sesong, så brukar me det. Prisen på NLR Surfôrtolken er 600 kr per prøve i 2023.

Hege