Stell av beite

Geografien på Vestlandet kan gjere det utfordrande å halde stell på beita. Kombinasjonen av bratt terreng, tungt utstyr, dårleg tid og store nedbørsmengder kan fort skape farlege arbeidsforhold. Uansett er det viktig å pusse over beita minst ein gong i løpet av beitesesongen for å stimulere veksten av graset og hemme utviklinga av ugraset. Dette gjeld spesielt på areal med låg beiteintensitet.

Vidare er det viktig ikkje å snaubeite beita til høgtytande kyr. Kyrne skal ikkje tvingast til å ete opp det siste og dårlegaste graset i beitet. Beitepussing er derfor viktig for å gje graset lik vekststart, samt spreie ut kuruker som ligg igjen etter beitinga. For beite som skal gje høg avkastning tilrår vi å halde graset på rundt 12 cm gjennom heile beitesesongen. Desse beita bør pussast etter annankvar avbeiting. Pussing er eit mekanisk planteverntiltak, som kan noterast i plantevernjournalen som eit integrert planteverntiltak.

Beitepussing
Både Brielmaier med påmontert Carroy TBF og Rapid Rex med påmontert BIO-klyppar takla den kraftige underveksten på lite stelt beiteareal.

Tohjuls slåmaskiner

Bruk av tohjuls slåmaskiner er vanleg på Vestlandet, og mange bruk disponerer slike maskiner til kantslått og slått av bratt areal. Utfordringa er ofte dårleg kapasitet og brukarvennlegheit ved eldre maskiner, samt tunge og potensielt farlege arbeidsforhold. Beitepussing krev robust utstyr. På fleire stader er det ikkje mogleg å køyre på beiteareal med traktorar, men finst det andre løysingar?

Dei som var på markdag med tema beitepussing i gamle Sogn og Fjordane og på Sunnmøre i haust, kan no lett svare på spørsmålet: Ja! NLR Vest samarbeidde med Rindal Maskin og Lauvrud Maskin om fleire markdagar der det vart presentert utstyr frå Brielmaier og Rapid. Maskinene er spesielt eigna for bratte og vanskeleg arronderte beite, eller beite med kraftig vekst av t.d. siv og sølvbunke.

Slikt utstyr gjer det mogleg å pusse vanskeleg beiteareal, eller areal som ikkje har vore stelt dei siste åra. Dei lette maskinene har brei hjulgang og framtungt tyngdepunkt, eller ei vekt som er plassert sentralt på akselen. Dette medfører at ein brukar minimal eiga kraft når ein går bak maskina, eller nyttar stigbrettet ein kan montere og stå på medan ein køyrer. Brielmaier har også moglegheit for fjernstyring.

Beitepussing 2
Stor interesse for tohjuls slåmaskiner. Maskina i midten (Brielmaier med påmontert INO Alpin H 130) blir fjernstyrt. Både Brielmaier og Rapid har hurtigkopling som gjer det enkelt å skifte mellom ulike reiskapar.

Unngå jordpakking!

Om hausten er det stor fare for jordpakking og dårleg jordstruktur som eit resultat av køyring på beresvak jord på denne årstida. Demonstrasjonane vart gjennomført på våte beite etter lange periodar med regn. Likevel viste det seg at dei presenterte maskinene nesten ikkje laga spor i jorda. I tillegg kjem eit minimalt forbruk av drivstoff, samanlikna med ein vanleg traktor med front- eller sidemontert beitepussar.

Potensialet til lett utstyr for beitepussing er utan tvil stort. Som tidlegare omtala, er prisen enno ei utfordring ved innkjøp av høgteknologiske maskiner av typen Rapid og Brielmaier. Det er spørsmål om det vil svare seg økonomisk eller behovsmessig for den einskilde bonde. Dersom fleire naboar, eventuelt eit maskin- eller beitelag, går saman om innkjøpet, kan det fort bli meir aktuelt. Også entreprenørar bør nytte seg av mogelegheita til å leige ut slike maskiner.