Ein del stader der det er tørkesvak jord, begynner det no å bli tørt. Vi får spørsmål frå produsentar både om slått og vatning av enga.
Når det gjeld avgjerda om kor vidt ein skal slå eller vente, så gjeld følgande «hovudregel»: begynner graset å «henge med nebbet» /fell i hop, eller det alt er synleg tørkeskade (gulfarging), er det ingen grunn til å vente med slåtten. Avlinga blir ikkje større og det einaste ein oppnår er at kvaliteten blir dårlegare.
For dei som har mulegheiter til kunstig vatning, kan det gi meiravling så det moner (sjå tabellen under), og da er det berre å sette i gang, jo før jo heller og vatne skikkeleg når ein først held på. Av tabellen kan ein sjå at avhengig av kor mykje og når ein vatnar, kan ein oppnå ei meiravling på maksimalt 75 kg TS. Om dette er verdt innsatsen, er opp til den enkelte å avgjere. Eit ekstra moment på pluss-sida av reknestykket kan være at god oppbløyting av jorda i tida fram mot slått, vil kunne gi betre gjenvekst etter slått.
Prognosene i tabellen gjeld for sandjord med data for Kvithamar. Leirjord toler tørke betre enn sandjord. Enn så lenge vil iflg Grovfôrmodellen avlingsauken som følgje av vatning være vesentleg mindre på leirjord enn på sandjord.
Dato og mengd for vatninga |
9.juni - sandjord |
Inga vatning |
501 kg TS pr dekar |
10 mm, 1.juni |
529 kg TS pr dekar |
20 mm, 1.juni |
557 kg TS pr dekar |
30 mm, 1.juni |
585 kg TS pr dekar |
30 mm, 5.juni |
543 kg TS pr dekar |