Godt grunnlag leggjast i forkant

Vegen til godt grovfôr startar allereie ved etablering av gjenlegg. Kjem såfrøet på riktig djupne, er jordkontakt viktig for god oppspiring. Tromling kan gjerne gjerast både før og etter såing, og er viktig for både jordkontakt og å presse ned stein. I grovfôrdyrking blir det mange overfartar i løpet av sesongen, og tromling er ei enkel og billig forsikring for problemfri hausting i åra framover. Ei jamn og steinfri overflate sikrar at river og pick-up ikkje dreg med jord inn i graset. Samtidig slepp ein at stein fører unødige stopp i innhaustinga og dyre reparasjonar. Ein vanleg feil ved tromling er å halde for høg hastigheit, som fører til at trommelen støyter mot stein og sprett over. For å rulle over og presse steinen ned, er ei fart på 6-8 km/t passeleg – litt avhengig av diameteren på trommelen.

Vinteren bør nyttast til å sjå over og vedlikehalde traktor og reiskap.

  • Belte og keie bør sjekkast for rifter og spenn.
  • Kvalitet, nivå eller timetal på olje i girkasse og liknande kan vere grunnlag for å bytte eller fylle på.

Har ein ikkje hatt tida i vinter, er det framleis råd å bruke nokre feittpatronar på å smørje opp lager og ledd, særleg på kraftoverføringsakslar. Sjekk også at vern er i orden og at verneduk på slåmaskin er heile og utan rifter.

Slå «høgt» på stubben

Anbefalt stubbehøgde er 8-10 cm. Det er på dei lågaste 10 cm på stengelen ein finn det meste av sopp, sporar og klostridier ein ikkje vil ha med i konservering av fôret. Stubbehøgda kan justerast ved å bytte til høge slepesko på slåmaskina, eller endre lengde på toppstaget.

Knivar bør vere slipt eller erstatta før sesongen. Skarpe knivar gjev eit reinare snitt, raskare gjenvekst, samt mindre dieselforbruk.

Sprei graset så breitt som mogeleg

Sprei graset så breitt som mogeleg med slåmaskina. Unntaket er om jorda er bæresvak eller kupert og det er stor fare for forureining.

Spreie og samlerive bør ikkje køyrast lågare enn 2 cm ned på stubben, gitt ein køyrer anbefalt stubbehøgde. Det er viktig å unngå forureining i fôret, og dess meir kupert terrenget er, dess høgare bør ein stille riva. Det er betre at nokre grasstrå ligg att på jordet, enn feilgjæra eller mygla fôr.

Hardt pressa buntar

Me ønskjer ei laus og luftig jord, men slik er det ikkje med rundballane. Lause rundballar kan ein sjå har foldar langs kanten og er meir eggeforma enn sylindriske kort tid etter pakking. Når graset er slått, fortsett det å ande og forbruke sukker så lenge det er luft tilgjengeleg. Ein hardt pressa rundball eller silo er difor viktig for ei suksessfull konservering av fôret. I tillegg til betre fôrkvalitet blir behov for netting, plast og transport mindre med færre ballar å handtere. Ei forutsetting for god pakking er god kutting og riktig køyrefart. Kva som er riktig køyrefart varierer mellom ulike produsentar og type presse.

Ensileringsprosessen består av fire fasar.

Aerob fase er startar når graset er slått. Det fortsett anding for å halde koken og forbruker sukker som er tilgjengeleg. Fasen stopper når lufta er bruka opp. Det er her hard pressing og rask pakking er viktig.

Fermenteringsfasen varer i fire til seks veker. Ved god fermentering er smørsyre fråverande og mjølkesyre dominerande. Det dannast først noko eddiksyre, før produksjon av mjølkesyre tek til. Held ånding på for lenge blir det varmt i bunten, og smørsyrebakteriane florerer. Handtering av rundballar bør skje så raskt som mogeleg etter pressing eller etter fermenteringsfasen er ferdig.

Etter fire til seks veker er fôret ferdig og i ein lagringsstabil fase. Denne kan vare over år dersom det ikkje kjem luft til.

Siste fase er uttak eller varmgang. Når det kjem luft til, enten ved opning eller det blir ei rift i plasten, vil bakteriane igjen begynne å jobbe og bryte ned fôret.

Ikkje spe på ensileringsmiddelet

Er tørrstoffinnhald over 35 % kan ein klare seg utan ensileringsmiddel. Da vil mjølkesyrebakteriane forbruke sukker i graset og fermentere fôret i prosessen. Under 35 % TS er det ikkje å anbefale droppe ensileringsmiddelet.

Ensileringsmiddel kan ikkje redde dårleg fôr, men det kan bevare og sikre det gode.

Syrebasert ensileringsmiddel senker pH direkte, og reduksjonen begrenser all gjæring. Doserer ein for lite, vil ikkje pH reduserast nok, og smørsyrebakteriar får lengre tid til å formere. Difor er det viktig at ein doserer riktig og nok syre.

Saltbasert ensileringsmiddel for TS under 35 % inneheld i hovudsak nitritt og heksamin, som senker pH, drep bakteriar og hindrer vekst av sopp. Over 35 % tørrstoff anbefalast middel med meir effekt mot varmgang og sopp, som natriumbezoat og -propionat. Saltbaserte middel har eit smalare bruksvindauge i form av tørrstoff enn syrebaserte, men er til gjengjeld meir skånsamt mot reiskapen.

NB! Syre- og saltbaserte middel må ikkje blandast.

Bakteriemiddel inneheld gjerne frysetørka mjølkesyrebakteriar, som er tiltenkt ei rask mjølkesyregjæring.

Det var ei kort hugseliste før årets innhausting. Nokon er allereie i gong, og for de som ikkje er det – lukke til med innhaustinga!

JKH Slamaskin gras teknikk
3 slatt hos Roy Vidar Svendsen