I område med godt klima er gjerne fleirårig raigras førstevalet, men i store delar av Møre og Romsdal er overvintringa for usikker til å satse på berre fleirårig raigras.

Strandsvingel har vore i vinden dei siste åra, og det har kome fleire frøblandingar med større eller mindre innslag av strandsvingel. Det er særleg Strand 22 som har vore sådd i vårt område dei siste åra. I praksis har vi sett veldig varierande tilslag av strandsvingel i denne blandinga. Ofte har strandsvingelen tilsynelatande «drukna» i timotei og raigras i starten og etter eit par år har ein enda opp berre med ei tynn raigraseng. Ein har og sett at strandsvingelen har klart å etablere seg i blandinga og når den slår til er dette ei blanding som gir høg avling over fleire år. Det er og sådd ein del Spire surfôr/beite Vestland. Her er det 10% strandsvingel. I 2022 vart det sådd ein del Nutrifibre og Spire surfôr-fiber.

Aktuell for Møre og Romsdal

Vi trur strandsvingel er ein aktuell art for Møre og Romsdal, men føler at det er mykje vi ikkje veit. For å lære meir om strandsvingel, søkte vi om midlar hos Møre og Romsdal fylkeskommune og fekk finansiering av to forsøksfelt. Prosjektet skal gå i 2022 – 2024. Strand Unikorn, Felleskjøpet og Gjølstad Gård har sponsa oss med frø. Hovudmålet er å sjå på kva blandingsforhold mellom strandsvingel og timotei som fungerer best. Men ein viktig del av prosjektet er òg at vi og medlemmene skal lære meir om korleis strandsvingel i blanding og reinbestand ser ut og oppfører seg i vår jord og vårt klima.

Våren 2022 etablerte vi eit felt hos Jan Henrik Moen i Surnadal. Nokre resultat frå dette feltet finn du seinare i artikkelen. Vi håpar å få etablert eit felt på Sunnmøre i 2023.

Kva veit vi frå før?

Strandsvingel blir oftast beskrive slik: Eit bladgras med rask gjenvekst. Den er sein i etableringa, men når den er etablert konkurrerer den godt, har evne til å ta over der andre grasartar går ut, har god rotutvikling og toler godt både tørre og våte forhold.

I andre land har strandsvingel vore brukt lenger enn hos oss. I Sverige og Finland har det vore mest vanleg å dyrke den i blanding med timotei, kløver og eventuelt raigras. Den blir da brukt omtrent som engsvingel hos oss med eit innslag i blandingane på 15-25%.

Lenger sør i Europa har den òg vore ein del brukt. Ofte på areal som er tørkeutsette, eller for å få ei grasavling med meir struktur enn det ein får i tidleg slått raigras.

Strandsvingelforsoksfelt LNV 2022
Forsøksfelt med Strandsvingelfelt hos Jan Henrik Moen i Surnadal, oktober 2022. Foto: Frode Grønmyr.

På Furneset

I forsøk utført av NIBIO Fureneset i Sunnfjord der strandsvingel utgjorde mellom 10 og 35% av blandingane, var det god etablering av strandsvingelen i alle blandingar. I denne forsøksserien var det teke både to og tre slåttar. Ved to slåttar såg ein i fjerde engår m.a. at andelen timotei i Strand 22 auka litt, og andelen strandsvingel minka litt i forhold til innhaldet i frøblandinga (50% timotei og 30% strandsvingel). Ved tre slåttar var andelen timotei berre 20% og strandsvingelandelen ca. 50%. Tørrstoffavlinga var lik.

Sunnfjord og Valdres

NIBIO Fureneset og NIBIO Løken i Valdres gjorde og forsøk med timoteibaserte blandingar der strandsvingel utgjorde 25%. I tillegg var det med engrapp og kløver i blandingane. Ved to slåttar på Løken var det berre timotei i førsteslåtten tredje engår. Truleg på grunn av eit slåtteregime og vekstsesong/klima som passar godt til timotei. På Fureneset derimot var andelen timotei 30% og andelen strandsvingel 65% i førsteslått tredje engår. Konklusjonen var difor at lengda på vekstsesongen har betydd mykje, og at strandsvingel etablerte seg best der vekstsesongen var lang nok til tre slåttar (timotei har dårleg gjenvekstevne på seinsommaren). I den same forsøksserien hadde ikkje engsvingel same evne som strandsvingel til å ta over plassen i eit treslåttsystem.

Over heile landet

I 2018-2022 hadde NLR i samarbeid med NIBIO ein serie med forsøksfelt over heile landet. Her var timotei og strandsvingel sådd i blandingsforhold 75/25. Også her etablerte strandsvingelen seg godt i dei fleste felta. I fleire av felta var strandsvingelen dominerande etter tre år. I feltet vårt i Batnfjorden var timotei heilt dominerande i første engår. Vinteren 2019-2020 gjekk mykje av timoteien ut, og strandsvingelen utgjorde dermed ein større del av avlinga, men ikkje sådde artar tok over mykje av rutene. I forsøket var det og ruter med strandsvingel i reinbestand. Her var det god etablering i feltet vårt (Kora betre enn Swaj)

I det siste har Nutrifibre og Spire surfôr fiber kome på marknaden. Begge er blandingar med 70-75% strandsvingel og anbefalt såmengd på 5-6 kg/daa. Argumentet her er at for å få god og rask nok etablering av strandsvingel treng ein både høg andel av strandsvingel i blandinga og forholdsvis stor såmengd. I ein artikkel i Buskap anbefaler Franz Anders Bakken i NLR innlandet ei blanding med 55% strandsvingel og 30% timotei. Også her er argumentet at ein må ha ei viss mengde strandsvingel i blandinga for å få god etablering. Strand Unikorn har valt å sette opp andelen strandsvingel til 45% og andelen timotei ned til 30% i Strand 22 av same grunn.

To måtar

Det er altså to måtar å bruke strandsvingel i blanding. Enten som tilleggsart i mindre mengde i ei meir eller mindre allsidig blanding, eller i blandingar der strandsvingel er hovudarten med nokre andre tilleggsartar som raigras, timotei og kløver.

Forsøket så langt

For oss som bur i marginale raigras-strøk, men samtidig ser at tre slåttar tek til å bli vanleg, er strandsvingel ein spennande art. Vi håpar denne forsøksserien kan vere med og svare på nokre av spørsmåla vi sit med. Hovudfokus er etablering, men vi håpar og å lære meir om avlingsmengd, kvalitet og overvintring.

Strandsvingelforsok sorter til utproving
Dette har vi med i forsøket av sortar.

Vi har ikkje fått svar på fôranalyser eller rekna statistikk enno. Dette kjem vi tilbake til. Ein skal difor vere forsiktig med å trekkje konklusjonar rundt eventuelle forskjellar. Men vi har gjort nokre interessante observasjonar i feltet i Surnadal i gjenleggsåret som vi tek med her.

Avling gjenleggsar strandsvingelforsoksfelt LNV
Avling i gjenleggsåret, 2022, Surnadal. Sådato: 23/5. Dato 1.slått: 19/7. Dato 2.slått: 5/9. Gjennomsnitt av tre gjentak.
Botanisering 1 slatt 2022 strandsvingelfelt
Botanisering førsteslått 2022, Surnadal. % av avling. Gjennomsnitt av tre gjentak.
Botanisering 2 slatt 2022 strandsvingelforsoksfelt
Botanisering andreslått 2022, Surnadal. % av avling. Gjennomsnitt av tre gjentak.

Når det gjeld avlingstala, kan ein ikkje seie noko sikkert utan statistisk analyse. Men tendensen ser ut til å vere at avlinga i gjenleggsåret går ned, når strandsvingelinnhaldet i blandinga er svært høgt eller i reinbestand. Blandingane med mest strandsvingel har litt større andreslått enn førsteslått. Botaniseringa viser at ein må svært høgt i strandsvingelandel før den utgjer nokon stor del av avlinga i attleggsåret, men da går det som nemnt ut over avlinga. Det er og interessant at Strand 22, Nutrifibre og Spire surfôr fiber inneheld berre 10-15% fleirårig raigras, men raigraset utgjer ein stor del av avlinga, særleg i andreslåtten. Det blir spennande å sjå korleis dette utviklar seg.

Kjelder: