Kor ofte enga skal fornyast er eitt dilemma. Engfornying kostar, men er for mange avgjerande for å sikre avling av kvalitet. Det er heller ikkje slik at det som funkar hjå ein, funkar hjå ein annan. Areal, klima, ytelse, drifts- form etc. har stor betydning for kva som løner seg for den enkelte.

Utslepp

Blant utsleppa i norsk jordbruk så er det to verstingar. Det eine er metanutslepp (CH4) frå drøvtyggjaren sin fer- menteringsprosess. Lystgass (N2O) er den andre. Kjelder til lystgass er spreiing av mineral- eller husdyrgjødsel, dyrka myr og avrenning. Spreiing av gjødsel gjev utslepp fordi mikrobar bryt ned nitratet til lystgass. I tillegg finst eitt tilsvarande utslepp knytt til produksjonen av kunstgjødsel. Lystgass er ein skummel klimagass då oppvarm ingspotensialet er 298 gongar sterkare enn CO2.

Utnytt møkka

Utnytting av husdyrgjødsla er viktig. Ammoniumet i husdyrgjødsla kan lett dannast om til ammoniakk. Sjølv om ammoniakk ikkje er ein klimagass fører fordampinga til auka behov for kunstgjødsel. Tett lager, høveleg utkøyringstidspunkt, utkøyring med slange og stripespreiar er tre gode måtar å forhindre ammoniakktap på. Spreiing om hausten gjev dårleg utnytting grunna utvasking av nitrat, men lagerkapasiteten er som regel ein pådrivar for haustspreiing. Låg tørrstoffprosent i møkka gjer at gjødsla trengjer raskare ned i jorda. Ammoniakkfordampinga og lystgassutsleppa blir dermed lågare.

Vêret spelar også ei stor rolle på nedbrytinga av ammonium til ammoniakk aukar ved varmere vêr.

Fornying av eng

Det finnes fleire grunnar til å fornye enga. Avlinga har gått ned, kulturvekstane er på tur ut og ugras tek meir og meir over. Artane i kulturveksten har saman med driftsmåte mykje å seie. Grasartar som timotei og bladfaks tolar ikkje hyppig slått så godt som engsvingel eller raigras. Er høg kvalitet eitt mål, må ein finne artar som passar driftsforma. Ein generell regel er at enga er klar for fornying når mindre enn 60 % av botanikken er kulturvekstar.

IMG 7741
I intensiv drift må ein finne artar og sortar som høver seg. Foto: Morten Livenengen

Karbonbinding

Eng har stort potensiale i å binde karbon. Via fotosyntesen blir karbonet frå lufta absorbert og lagra i røtene. Ved hjelp av mikrobar vil røtene på sikt bli omdanna til karbonhaldig humus. God rotutvikling er difor viktig for å binde mest mogleg karbon, noko som fosfor bidreg til. På eitt stadium når jorda eitt punkt der ho er metta på karbon. Då er det ikkje råd å binde meir, men det er av stor interesse å bevare karbonet som alt er lagra.

Driftsmåte

Rotmassen er størst i ei gamal eng. Difor skulle ein tru at ei gamal eng har større karbonlagringspotensiale enn eng i hyppigare omløp. I Nibio sitt prosjekt «Engareal som lagringsmedium for karbon» viste målingane at yngre eng har same potensiale. Karbonet var i yngre eng lagra jamt ned til 30 cm. I eldre eng var karbonet i dei øvste 5-10cm. Ned til 60 cm var lagringsevna lik mellom gamal og ung eng. Forsøk gjort i Danmark og Frankrike har gjeve anna resultat, men har samanheng med kaldare klima her i Noreg. Det viktigaste er å ha eitt plantedekke heile året.

Drenering

Drenere bort vatn er eit godt klimatiltak. Ei grøft drenerer bort det frie vatnet som jorda ikkje har kapasitet til å lagre. Ei vassmetta jord fører til eitt høgare utslepp av lystgass. Jord som er vassjuk derimot fører nesten ikkje til noko lystgassutslepp, grunna danning av nitrogengass (N2) , men bidreg til dårleg avling. Drenering minskar jordpakking. Pakka jord gjev dårlegare avling, dårlegare utnytting av gjødsla og dermed eitt høgare lystgassutslepp per produserte einheit. Grøfting gjer jorda fortare lageleg om våren. Tidlegare såtidspunkt gjev lengre vekstsesong, sikrar spireråme og meiravling i attleggsåret.

Tidleg slått

Tidleg slått gjev meir stivelse i grovfôret. I vomma til drøvtyggjaren blir stivelsen nedbrote til propionsyre av vommikrobane. Propionsyra binder til seg hydrogen- atom som elles ville vore med i danninga av CH4 (metan). Tidleg slått gjev eitt mindre metanutslepp enn eitt seinare slått fôr. Dessutan kan ein spare kraftfôr. Eitt tidleg slått grovfôr vil dessutan vere lettare å ensilere. Stengelen blir grovare ved seinare slått og vil bli vanskelegare å pakke for å hindre lufttilgangen. Ei ulempe med tidlegare slått er at det kan vere meir skadeleg for engvekstene, noko som aukar behovet for engfornying.

Botanisk samansetning

Den botaniske samansetninga endrar seg over tid. Med varierande overvintringsevne, ulike krav til jordsmonn og driftsmåte er faktorar som spelar inn. Tidleg slått er noko som timotei og bladfaks ikkje likar. Dei sett nye skot etter slått. Slått før byrjande skyting gjer at dei ikkje får lagra tilstrekkeleg mengde opplagsnæring og vil gå ut av enga ganske fort. Låg stubbehøgde forverrar dette. Engsvingel og hundegras fortsett der stenglane blei kutta etter slåtten. Desse tolar hyppig slått betre enn timotei og bladfaks. pH i jorda kan bestemme mykje av den botaniske samansetninga. Det er lett at jorda blir gradvis litt surare. Ein del ugras trivst betre enn kulturvekstane når pH-en går ned. Ved spreiing av kunstgjødsel fører, omdanninga frå ammonium-nitrat til nitrat, til ei forsuring av jorda. Spreiing av møkk bremsar forsuringa. Vedlikehaldskalking på grasmark kan vere lønsamt for å unngå at pH-en går under kulturvekstane si komfortsone. Desse faktorane spelar inn på den botaniske samansetninga. Er topp kvalitet ynskjeleg, bør artar og sortar som tolar intensiv drift veljast. Samtidig må forholda leggjast til rette for dei.

Eksentsiv

Ikkje alle er ute etter høg energikonsentrasjon. For mange så er mengda viktig. Arealressursen er kanskje knapp og vekstsesongen ligg ikkje heilt til rette for 3 slåttar. Då kan to seine slåttar vere mest gunstig. Det er vanskeleg å sjå korleis vekstsesongen blir når fyrsteslåtten for 3 slåttar skal takast. Høgenergifôr passar dessutan best for dyr i god produksjon. I mange fjøs kan eitt seinare slått fôr vere meir rasjonelt ved at alle dyr får det same grovfôret. Kraftfôrtildeling til det enkelte individ gjer resten. Dessutan vil eitt tidleg slått fôr føre til høgare fôropptak. Forbruket av grovfôr blir høgare og med knapp tilgang på grovfôr kan behovet for innkjøpt grovfôr auke. Ved å ta slåtten seinare/færre haustingar vil grasmarka vare lengre. Rett val av grasarter og gode vekstforhold kan gjeva ei eng som yter bra i fleire engår. Er fullfôrmiksar og halm tilgjengeleg er situasjonen noko anna. Då kan enga med fordel haustast tidleg.

At tidleg slått er meir klimavenleg er det ikkje tvil om. Hyppig engfornying treng heller ikkje vera det store. Ei tung og god skålharv kan gjera ei god primær jord- arbeiding medan enga er ung. Ved å så i 3. engår etter skålharving kan ein få botanikken på rett kjør igjen etter intensiv drift av enga. Uansett så er plogen kjekk å ha med jamne mellomrom. Den er utruleg god på både rot- og frøugras, viss den er godt innstilt. Kor lettvint våronna er kjem også an på mengda stein. Med mykje stein kan engfornyinga bli kostbar. Dette er ein faktor som må takast med i berekninga. Det viktigaste er å leggje til rette for gode vekstforhold. Rett gjødsling, god pH, gode hydrotekniske vilkår så har ein kome langt. Det handlar om å få graset til å trivast så godt som mogleg.