Gode råd ved kjemisk brakking

12.04.2019 (Oppdatert: 12.04.2019) Dag-Arne Eide, Olav Martin Synnes

Det aktive ugrasmiddelet glyfosat finst i dag i fleire ulike handelspreparat. Døme er Roundup Ultra, Roundup Eco, Roundup Flex, Glypper, Glyphonova Pluss, Glyphogan Eco, Envision og Touchdown premium. Stort sett er innhald og verknad lik. Sjå likevel på etiketten før bruk. Roundup Flex er meir konsentrert, og skal ha lågare dose.

Kvekespiring i attlegg. Her var det brakka seint hausten før og våren etter. Likevel kjem kveka i attlegget. Dette kan tyde på brakking under dårlege tilhøve.

TID PÅ ÅRET

Glyfosat verkar stort sett berre gjennom grøne blad. Tilstrekkeleg med bladmasse er ein føresetnad for god verknad. Best verknad får ein på plantar i god vekst. Ein kan få tilfredsstillande verknad både vår, sommar og haust. Det er vist at kortvarig nattefrost om hausten ikkje påverkar verknaden mykje. Etter sterk frost som varer fleire dagar, blir verknaden dårleg. Ein grunn til dårleg verknad kan ofte vere at det blir sprøyta for seint på hausten under dårleg vekst, eller for tidleg om våren før ugraset er kome langt nok. Ved tidleg haustbrakking vil ein ofte oppleve at det vil grøne over igjen med ugras utover seinhausten, noko som kan skape behov for ny sprøyting til våren.

Grasplantane bør ha minst 3-4 blad pr. skot. Normal dose mot grasartar er 0,3-0,4 dl preparat/dekar. Om hausten bør det gå minst 14 dagar frå sprøyting til jordarbeiding. Vår og sommar, når veksten er god, er 1 veke tilstrekkeleg. Når ein ser fargeendring hos plantane, kan ein rekne med at rota er døyande. Om ein vil ha full verknad, også på høymole, løvetann, krypsoleie og andre tofrøblada artar, må ein auke dosen med 50-100 %.

Det er kanskje ikkje alltid naudsynt å oppnå full effekt på tofrøblada ugrasartar? Djup pløying, og ugraskampen i attlegg eller åker komande sesong, vil normalt vere tilstrekkelege tiltak mot ugrasartar som overlever sprøytinga med glyfosat.

 

BLANDING MED ANDRE MIDDEL?

I 1980-åra vart det, ved NIBIO Plantehelse på Ås, gjort forsøk med tankblanding av Roundup og Mekoprop eller MCPA. Føremålet med å blande glyfosat med andre middel er å betre verknaden mot høymole og andre breiblada ugrasartar. Resultata syner at verknaden av kvart middel kan bli litt nedsett. Verknaden var noko betre ved sprøyting to gongar, med midla kvar for seg. Det er gjort nokre få nyare forsøk, der glyfosat er tankblanda med Mekoprop, Tomahawk, Harmony eller Ally (Tørresen 2016). Resultata tyder på at 300 ml glyfosat pluss normale dosar av eitt av dei andre midla, har verka bra i nokre tilfelle. Eit alternativ er å auke dosen med glyfosat med 50-100 %.

 

FORUREINING?

Nedbrytinga og uskadeleggjeringa av plantevernmidla går saktare under kjølege forhold. Bruk av midla seint om hausten aukar risikoen for utvasking og restar i vassdrag og grunnvatn.

KJELDER:
K. Tørresen 2016. Nibio Plantehelse.
Personleg meddeling.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.