God HMS?

19.09.2017 (Oppdatert: 19.09.2017) ,  Kolbjørn Taklo

«Dette er vel ikkje heilt god HMS, men det pla no gå bra», er ein kommentar som ofte kjem når eg treff bønder i arbeid. Kvifor er det slik? Korleis skulle det ha vore, og kva er god HMS?

Taping av tryggleikshandtak er ikkje god HMS

Arbeidet kan vere flytting eller levering av dyr, klatring i stige, arbeid med traktor og reiskap, løfting av sekkar, arbeid i støvete rom, bygningsarbeid, rivingsarbeid osb. Med det same eg vert observert kjem det: «Det er no ikkje heilt innafor HMS dette vel?» Og eg må svare som sant er, at det er det nok ikkje. Men ofte skal det berre ei lita endring til før det er «innafor» og sikkert nok. Denne vesle endringa kan vere skilnad på liv og død, på helse eller uhelse. I tillegg kostar kvar einaste fråverstime, også i landbruket. Tek du likevel sjansen?

Ingen kan sikre seg 100 % mot skader eller ulukker, men vi må alltid streve etter å gjere arbeidet så sikkert som mogleg. Når konklusjonen er at dette ikkje er god HMS, må det setjast inn fleire tiltak før vi set i gang eit arbeid. I tillegg til at det må vere sikkert nok, må vi og ta høgde for at uføresette ting kan hende, vi må legge inn marginar slik at vi har noko å gå på. På traktorspråk vil dette seie at vi må ha litt meir hestekrefter enn det vi akkurat treng for å drive ein reiskap.

I landbruket er tradisjonen at når det akkurat går, så er det godt nok, og det er heilt sikkert årsaka til fleire skader og ulukker kvart år. Det kan vi gjere noko med.

God HMS er når vi spør oss: Kva kan gå gale? Er det truleg at det kan gå gale, og kor ille kan det bli? Kva kan eg gjere for å hindre at det går gale? Kan eg hindre at skadane blir store? Ha desse spørsmåla med deg i smått og stort arbeid, då kan det lett gå bra.

Konkrete tips for god HMS:

  • Les alltid bruksrettleiingar og følg dei, syt for god og rett opplæring
  • Ver alltid minst to ved flytting og handtering av storfe
  • Lag rømingsvegar i alle bingar med storfe – planlegg røminga
  • Pass på vinkel på stige, at den er lang nok, står støtt og er sikra i toppen
  • Tryggleiksavstand til roterande arbeidsreiskap på traktor – stogg maskina før du går ut
  • Pass på at alle akslingsvern er heile og dekkjer alt, særleg ved stasjonært arbeid
  • Sperr av og merk område der du ikkje vil at andre skal gå
  • Bruk hjelm og vernesko ved bygnings- og rivingsarbeid
  • Bruk tryggleiksutstyret på maskina, ikkje teip eller fjern noko
  • Balanse er oppskrytt- ver nøye med fallsikring, også på lågare høgder
  • Set ned farten litt når du har det mest travelt
  • Pass på at du er opplagd og utkvild når krevjande oppgåver skal løysast
  • Er du i tvil kan du gjerne ete fyrst

Så neste gong vi møtest blir kanskje kommentaren: «Det går bra, vi driv med god HMS, og har sikra så godt som mogleg» , og eg kan svare at, jau dette ser veldig bra ut?

God haustonn, tenk og vurder fyrst, køyr varsamt.