Tidspunkt for gjødsling etter første slått. Har det noko å seie for avling og kvalitet i håslåtten?

14.05.2020 (Oppdatert: 15.05.2020) Olav Martin Synnes

Er det avgjerande med rask gjødselspreiing etter første slått? Eller - er det så store restar av næring i jorda frå vårgjødslinga, at plantane har nok tilgang dei første to vekene? Dette vart undersøkt i 12 feltforsøk i vekstsesongen 2019. Felt vart lagde ut i alle landsdelar, frå Bodø i nord til Grimstad i sør. NLR Vest har felt på Vartdal (Ørsta) og Voss.

Rådgjevar Lise Austrheim ute i ei god eng (arkivfoto).

Prosjekteigar var NIBIO. Gunnlaug Røthe var feltansvarleg på Voss. Feltansvarlege på Vartdal var Åsmund Kristensen og Olav Martin Synnes.

 

Tabell 1.- Verknad av tid mellom 1. slått og gjødsling, på avling og tørrstoff-% i håslåtten. Resultat frå to felt i NLR Vest, og samla for alle 12 felt i forsøksserien.

Dagar etter 1. slått

Avling 2. slått, kg tst./daa

Tørrstoff %

Voss

 

 

3

589

25,2

8

561

22,5

15

628

24,3

P

i.s.

i.s.

Vartdal

 

 

3

550

17,6

9

544

18,0

15

574

16,1

P

i.s.

0,046

Snitt for 12 felt

 

 

3

508

24,7

10

505

23,1

18

479

23,4

P

0,05

0,001

 

Førebels konklusjon.- I felta på Voss og Vartdal var det ingen sikker skilnad i avling mellom ulike gjødslingstider etter første slått. I feltet på Vartdal førte sein gjødsling til litt lågare tørrstoff-% i avlinga. Ser ein alle dei 12 felta samla, er det ein svak tendens til til lågare avling ved den siste gjødslingstida. Ser ein nøgnare etter, er det to felt på Austlandet som har utført gjødslinga seinare enn oppgitt i planen. Desse to felta er gjødsla siste gong 24 og 36 dagar etter første slått. Utan desse to felta i samandraget, ville ein neppe fått sikre skilnader i avling mellom gjødslingstider mellom 0-1-2 veker etter slått.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.