Gamal eng – verdifull på mange måtar

13.08.2019 (Oppdatert: 13.08.2019) Marit Henjum Halsnes

Gamal og varig eng kan gi store avlingar og ha eit stort mangfald av ulike plantar. Dei gamle engene finn ein som regel der det er vanskeleg å pløye grunna steinrik jord og eller bratt terreng.

Gamal natureng på Monken i Leikanger. Det vert ikkje nytta handelsgjødsel, enga vert vårbeita, ein til to slåttar høy og haustbeita. I 2019 vart ikkje enga vårbeita, men vart slegen 26. juni, og graset vart bakketørka til høy.

Vi skriv ofte og mykje om kunsteng, attlegg og ung eng her i meldingane våre, men i realiteten har me også mykje gamal eng, spesielt på mange sauebruk. I dei bratte bakkane ligg det mykje gamal eng og beite som vert nytta både til beite og til innhausting av vinterfôr.

 

Avlingsnivå

Avlingsnivået i gamal eng er sterk påverka av gjødslingsstyrken. I ein 3-årig forsøksserie i Sogn og Fjordane (1997-1999) synte det seg at avlingane på mange felt auka heilt opp til gjødsling med over 20 kg nitrogen per dekar per år. Totalt vart 26 felt i gamal natureng hausta i løpet av 3 år og det var til dels overraskande god avlingsrespons på aukande gjødslingsstyrke. Energikonsentrasjonen i fôret vart derimot ikkje påverka av gjødslingsstyrken i desse forsøka. Ei ugjødsla, eller svak gjødsla natureng, kan difor gi fôr med god energikonsentrasjon.

 

Artsmangfald

Avhengig av kor sterkt ein gjødslar desse areala, vil ein ofte finna mange ulike planteartar av gras og urter. Vanlegvis er mangfaldet størst på ugjødsla eng og beite, medan sterk gjødsling vil stimulera næringskrevjande grasarter. Desse vil konkurrera ut mindre næringskrevjande artar. Artsmangfaldet i ei gamal eng er avhengig av korleis ho vert drifta med tanke på gjødsling, tal slåttar og tal beitingar. 

Ved enkel botanisering er fylgjande artar å finna i enga: Ulike variantar av grasartane rapp, svingel, kvein, gulaks, englodnegras, hundegras, timotei, sølvbunke og kveke. Vi fann også starr. Vidare engsoleie, løvetann, engkarse, raudkløver, kvitkløver, fuglevikke, hundekjeks, marikåpe, følblom, mjødurt, småsyre, einstape, firkantperikum, smånesle, ryllik, enghumleblom, blåknapp, blåkoll, tveskjeggveronika, smalkjempe, stor maure, tepperot, grasstjerneblom, høymole og myrtistel. Av nemnde artar er følgande indikatorplantar for artsrik slåtteeng; blåkoll, blåknapp, fuglevikke, følblom, ryllik, smalkjempe, tepperot og tveskjeggveronika.

 

Blåkoll.

 

Blåkoll (latin: Prunella vulgaris) er ein fleirårig plante av blåkollslekta (prunella) i Leppeblomstfamilien (Lamiaceae).Han veks på eng, i solrike skogbryn, beitemark og i grasplenar og er teppedannande. Planten kan etast rå i salat. Blomane på 12-16 mm er blå eller blålilla, og står i ein liten opprett klase som har gradvis mindre og litt meir raudaktige blomar oppover. Dekkblada under kronblada er mørkt raudlilla, eller brunlilla. Dei utvikla kronblada står likevel som utprega og relativt tydeleg djupt blå, eller blålilla. Blåkoll veks over heile den nordlege halvkule i tempererte strok, og er dessutan innført til Australia og Kina. I Noreg veks han nord til Troms, og går relativt høgt oppover i fjellet. Blåkoll har vore ein mykje brukt medisinplante med virkestoff som kamfer og eteriske oljer. Han dempar og lindrar krampe, betennelse, kløe, hevelsar, blodtrykk og feber, og leger sår til ein viss grad. Det tidlegare namnet brunella vulgaris kjem av tysk Bruen, som betyr halsbetennelse. Til liks som rosmarin (Rosmarinus officinalis) og salvie (Salvia officinalis) er han ein kraftig antioksidant som vernar vevet mot kroniske lidingar.

 


Frodig natureng i bløming.

 

RMP støtte til ugjødsla artsrik eng, slåttemark

I praksis er det stor skilnad på korleis den gamle enga vert driven, ulik gjødslingsstyrke og ulik plantesetnad gir ulik avling. Plantesetnaden i gamal eng varierer svært mykje. For nokon er den gamle enga ein viktig ressurs i grovfôrberginga, medan det for andre er artsmangfald og eit fint kulturlandskap som er målet. Regionalt miljøprogram gir tilskot til artsrik slåttemark, som må vera registrert i naturbasen. Den beste skjøtselen for artsrik eng er tradisjonell drift med avgrensa bruk av mineralgjødsel, sein slått og vårbeite og haustbeite med lette husdyr.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.