Kva grunnar er det for å byrje med økologisk frukt? Kva er føremon og eventuell ulempe? Optimisme og framtidstru rår grunnen og det er planta mykje nytt etter moderne tettplantingsprinsipp siste åra. Litt uklare signal om økologisk drift, samt utfordringar med ymse skadegjerarar, uroar derimot litt.

− Me arva mange gamle hagar

Mette Marie Heiberg med familie har overteke Amble gard i Kaupanger, Sogndal kommune, med økologisk drift etter foreldra.

Ho har planta mykje nytt, investert i utstyr og satsar meir på konsumfruktproduksjon enn tidlegare. Utsortert frukt går til eigenprodusert juice. Gardsbutikken på tunet er open for fastbuande og turistar, der lokalproduserte økologiske eple og juice er populære.

− Interessa for frukt har auka i takt med nyplantinga, seier Mette Marie. Dei har no 34 dekar totalt med 10 dekar nyplanta Discovery og Aroma Fagravoll, i tillegg til eldre Idunn og Eir som går til juice. Dei eldste trea er ca. 30 år. Då vi er på besøk driv Mette Marie med lysskjering i desse gamle hagane.

Mette Marie Heiberg på Amble gard, Kaupanger i Sogndal kommune. Foto: Marianne Bøthun

1 Mette Marie

Mekanisering av arbeidsoperasjonar

Til ugrasreinhald blir det brukt ei traktormontert maskin, med både fres og skålharv for å halde jorda svart i trerekkene. Kombinert med manuell luking av høymole og god planlegging av avstand mellom tre og stolpar, går det veldig greitt. I mellom trerekkene blir det slått med beitepussar.− Største utfordringa i produksjonen er plantevernarbeidet, der har det vore mykje nytt å setje seg inn i, seier Mette Marie. Målet er å produsere mest mogleg konsumfrukt. Familien har gått til innkjøp av ei ny tårntåkesprøyte som gjer at sprøytinga også blir meir «treffsikker» på trea. Det blir gjødsla med pelletert hønsemøkk (Marihøne) tidleg på våren i tillegg til gjødselvatning utover i sesongen. Å vere påpasseleg med vatning er særs viktig.

Så giftfritt som mogleg

Eit ynskje om å drive mest mogleg giftfritt var grunn til å halde fram med økologisk drift. I år med stort smittepress av rognebærmøll kan det likevel bli spennande, sidan ein berre har vegetabilsk olje og såpe som lovlege middel. Når det gjeld insekt er det få økologiske tiltak å setje inn om ein får problemskadegjerarar i hagane. Sjukdomar som sopp o.l. er lettare å hanskast med. Dataverktøyet RIMpro er eit godt hjelpemiddel.

2 grete og ove
Ove Eliassen og Grete Hamre på Hamre, Leikanger i Sogndal kommune. Foto: Marianne Bøthun

Flytta heim og tok over

Grete Hamre og Ove Eliassen flytta med familien til Leikanger for nokre år sidan og tok over garden etter Grete sine foreldre.

Garden var då konvensjonelt driven med mange eldre frukttre av ulike sortar, der dei nyaste var planta i 2007. Dei har siste åra planta nytt av både eple, pære og plomme, og starta frå 2014 omlegging til økologisk drift. Omlegginga kom dermed med generasjonsskiftet på garden.

Heksekost gjorde at fornying måtte til

I 2013 vart det påvist heksekost på mange av trea på garden. Det medførte krav frå Mattilsynet om at hagane skulle ryddast, og det vart gitt erstatning til å plante nytt. Dette vart ein ny start for garden på Hamre. Dei byrja med planting av to felt Celina-pære i moderne tettplanting, med stolpe- og strengsystem til støtte, samt dryppvatning. Feltet i 2014 vart planta på Kvede C grunnstamme og feltet i 2015 på Kvede Adams.

I trerekkene vart ugras slått med ryddesag med tråd og seinare med traktormontert slåtteutstyr. Frå 2017 vart det planta nytt av eple etter same mal. På grunn av ekstensiv drift siste åra, utan bruk av handelsgjødsel og syntetiske plantevernmiddel, fekk dei korta ned karenstida, og garden vart Debio-godkjent denne sesongen. På bruket er det i dag 36 dekar frukt.

Genuint interessert i natur

Både Grete og Ove er utdanna innan biokjemi. Som aktive i Naturvernforbundet undra dei seg ofte over livet, både over og under bakken. Kva konsekvensar har til dømes bruk av Roundup og handelsgjødsel for dyreliv i frukthagane? At enkelte plantevernmiddel er så giftige at dei berre kan sprøytast på nattetid, tykte dei ikkje var så forlokkande. Restfunn av DDT i eldre fruktjord ein annan stad i bygda, vart også ein vekkjar. Konklusjonen vart at dei ynskte å produsere litt sunnare eple, om enn med forventning om litt lågare avlingar.

Eple og plomme på bruket er difor no økologiske med dertil eigna sortar. For eple er det Raud Aroma og Discovery. Av plommer er det Edda og Mallard med Opal til pollensort, dessutan Reeves med Victoria og Valor som pollensortar. Pærene har dei enno ikkje tort å legge om til økologisk, men luktar på det, ettersom Njøs Frukt og bærsenter har bra resultat frå økopærefeltet sitt.

Kald vår og skadegjerarar

Våren i år var særs kald og lite gunstig for pollinering i blomstringa. Plommeavlinga er difor minimal i høve til normalen. Tilhøve i sommar ga mykje av skadegjeraren plommeviklar, eit insekt ein ikkje har tiltak mot i økologisk drift. Viklaren legg egg på kart og blir til mark i plommene utan at det nødvendigvis viser på utsida av plommene. Men ofte tvangsmodnar dei litt før tida, slik at ein kan få plukka dei vekk før hovudhausting.

Soppsjukdomen plommepung som er utbreidd i kjølege, fuktige vårar på Vestlandet kan dei derimot handtere også i økologisk drift, med sprøyting av låge dosar kopar (Nordox). Eple vart det noko avling av i år, men mykje vart utsortert med skade av rognebærmøll. Pærene er den kulturen som har klart seg best i år.

Er spent på økosalet i framtida

Frå å bli oppmoda til meir økologisk drift både frå myndigheiter, fruktlager og grossist, så tykkjer Grete og Ove at det no har blitt litt meir uklart kva som eigentleg er målsetting og ynskjeleg av økologisk fruktproduksjon. Signala om kva som bør dyrkast kan variere mykje over kort tid. Det er viktig at økologisk vare også blir omsett som økologisk og til økologisk meirpris, då dette vere avgjerande for økonomien i drifta.

3 torstein
Torstein A. Fretheim, Flåm i Aurland kommune. Foto: Marianne Bøthun

Økologisk midt i turistbygda

Torstein A. Fretheim i Flåm, Aurland kommune, har teke over heimgarden som har vore i økologisk drift sidan 1992.

Produksjonen har vore ammekyr av rasen Dexter og noko eldre ekstensiv frukt i kombinasjon med turisme. Sjølv har han valt å satse meir på frukt og moderne dyrking for konsum. Det er hittil planta ca. fire dekar med tettplanting av planlagt 14 dekar nyplanting totalt, dersom han får tommelen opp frå Gartnerhallen til å ferdigstille resten. Både fruktlager og Innovasjon Norge har gitt klarsignal til nyplantinga.

Økologisk agronomutdanning i botn

Torstein har agronomutdanning frå Sogn Jord- og Hagebruksskule i nabobygda, og er overtydd om at økologisk er rette måten å drive landbruk på. Etter å ha arbeidd utanom bruket i nokre år, har han lyst til å vere heime og få meir ut av garden. Økologisk frukt er i vinden, og han har difor vald det som eit ekstra bein å stå på. Dette høver også godt inn i driftsopplegget elles med vinterkalving på kyr, samstundes som ein kan skjere frukttre innimellom. Dexter er ein etterspurd rase, og han sel mykje livdyr. Det er lokale leveransar av både kjøt og frukt, og det kan også vere ein potensiell marknad for torgsal, om ein er flink til slikt.

Moderne tettplanting

Som driftsopplegg har Torstein planta tett med moderne støttesystem av stolp og streng. Det skal vidare monterast dryppvatning og eventuelt bordsystem. Han har satsa mest på kjende økofruktsortar som Discovery og Raud Aroma som pollinerer kvarandre, med klonane Fagravoll og Amarosa for sistnemnde. Det er også planta ei rekke av sorten Asfari som er relativt ny i Noreg og i økologisk drift. Grunna unge tre var det berre 2-3 eple på Asfari i år, men epla såg innbydande og fine ut.

Trea er hittil ikkje sprøyta, noko ein av erfaring veit at Discovery og Raud Aroma kan tole for ei tid, om enn meir usikkert for Asfari. Det er viktig at skurvresistens ikkje blir broten. Torstein funderer på utstyr for plantevern og ugrasreinhald. Så lenge ein har lite areal kan det meste gjerast manuelt og med enkle hjelpemiddel, men etter som arealet aukar, er det viktig å ha utstyr som gjer det mogleg å utføre dei ulike arbeidsoperasjonaneeffektivt og til rett tid.

Ventar på snarleg avklaring

Dei første fire dekar står flott på geledd, ferdig, planta og Torstein er no meir enn klar til å gå vidare med resten av planlagt utplanting. Hjortegjerdet som er sett opp er tilpassa ei planting på 14 dekar. Gartnerhallen må avgjere om dei vil sleppe til meir økologisk dyrking av eple i Sogn eller ikkje. Med leveransar også frå jordbruksskulen, og eit par andre økofruktdyrkarar i nærområdet, skulle både logistikk og dyrkingsmiljø vere på plass.

4b nikolaj sjh
Nikolaj Busk Andersen ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland, Aurland kommune. Foto: Marianne Bøthun

Ny giv for eldre hage med ny ansvarleg

Nytilsett fruktansvarleg Nikolaj Busk Andersen ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, er godt nøgd med avlinga i år og feltet såg bra ut.

Hagen hadde store utfordringar med tegeskade på bladverk og frukt, men fleire sprøytingar med vegetabilsk olje gjennom sesongen, såg ut til å ha god effekt. Lenge håpa ein at oljesprøytingane også skulle ha gunstig effekt på rognebærmøllen i eit angrepsår som i 2020, men det vart likevel mykje utsortering grunna stikk på baksida av epla.

Økologisk demonstrasjonsfelt à la 2004

Eplehagen tilknytt jordbruksskulen er på kring 23 dekar og vart planta i 2004, etter den gong gjeldande råd, med avstand 1,5 x 4 meter mellom tre og rekker. Plantinga er med ein støttestolp for kvart enkel tre og dryppslange lagt under Mypex-duken i trerekkene i trerekkene, for å lette arbeidet med ugras. Hovudsortane er Discovery og Raud Aroma av klon Ylvisåker, med Tohoku2 som støvsort og godt eigna til eplejuice.

Feltet vart planta som eit industrifelt med kontraktlevering til Balholm i Balestrand. Alle tre sortane er kombisortar godt eigna til både konsum og juice, samt tilrådde til økologisk drift. Frå feltet er det seinare år også levert konsumfrukt til Sognefrukt for vidaresal til Gartnerhallen/Bama. Høgare del klasse 1 frukt gjev betre økonomi i dyrkinga.

Økologisk ubalanse?

Feltet i Vinjane har, trass lite sprøyting, klart seg bra med omsyn til skurv og sjukdom. Det var også lite problem med insekt første åra. Etterkvart auka det med tegeskade både på bladverk og avling. Dette medførte lite avling og stor utsortering av eple. Det er usikkert kva som utløyste tegeproblema, men mykje ugras i feltet og i kantsonene kring feltet, kan ha hatt negativ påverknad. Feltet ligg også ganske tett på skog.

Heilt frå etableringa av feltet har det vore fuglekassar både i og kring feltet, då småfuglar kan ete mange gonger si eiga vekt med insekt gjennom ein vekstsesong. Nytt av året er også flaggermus-kassar rundt feltet i håp om at flaggermusene skal ete ein del nattaktive insekt. Kassane har innflyging i botn og hengevegg i toppen innvendig. Til og med Batman-logoer på plass på fronten av kassane.

5 jon asbjoern og lars arne
Jon Asbjørn Målsnes og Lars Arne Målsnes, Balestrand i Sogndal kommune. Foto: Marianne Bøthun

Som far, så son

Lars Arne Målsnes med familie har teke over garden etter far Jon Asbjørn Målsnes, som i si tid planta frukt etter å ha avslutta dyrehaldet på garden.

Garden har lang historie som konvensjonell fruktgard, men kring 1990 la Jon Asbjørn om til økologisk drift, sterkt påverka av rådgjevinga og ein kampanje for auka omlegging til økologisk frukt. Med bakgrunn frå landbruksskulen Søve i Telemark og gartnarskulen Hjeltnes i Hardanger, var grunnkompetansen på plass. Når så Lars Arne tok over, var det økofrukt det var lagt mest til rette for, men også det han hadde mest erfaring i frå tidlegare. Å starte opp att med husdyr var ikkje aktuelt. Lars Arne kombinerer no gardsdrifta med arbeid utanom garden, slik også far har gjort

Stor overgang

Då Jon Asbjørn la om til økologisk, var dette ein stor overgang frå konvensjonell drift. Han likte ikkje all giftsprøytinga og såg økologisk drift som eit godt alternativ. Ikkje alle sortane dei hadde då var eigna til økologisk drift. Sortar som Summerred og Vista Bella har dei gitt opp å få til økologisk. I dag blir eigna sortar dyrka økologisk og andre sortar konvensjonelt. På garden er det også økologisk plommedyrking.

− Økonomien er litt pluss/minus med økologisk drift, seier Jon Asbjørn.

− Det er bra at ein får ekstra tilskot til økologisk drift for det er meir plundrete, men kanskje burde ein fått premiert meir for produsert avling, til dømes som distriktsstilskot, ikkje berre gjennom arealtilskotet som no. Miljøaspektet er uansett viktig. Driftsforma føreset også naudsynt meirpris for varene, istemmer Lars Arne.

Ting tek tid i økologisk drift

Det er investert i traktormontert mekanisk ugrasutstyr for fresing i rekkene. Ugrashandsaming er noko av det som tek mykje tid i den økologiske drifta. Avhengig av planteåret varierer det om felta er støtta opp med enkeltstolpe per tre og stor planteavstand, eller moderne tettplanting med strengsystem i felta. Det er montert dryppvatning i alle hagar.

− Det er ei utfordring å klare å gjødsle slik at det blir tilstrekkeleg med nitrogen tilgjengeleg for trea, særskilt i blomstringa. Om ein klarar det, oppnår ein mykje jamnare avling, seier Jon Asbjørn.

Dei har bikubar til pollinering. Ulike skadeinsekt kan elles vere ei utfordring i økologisk drift, då ein ikkje har effektive tiltak mot store angrep. Berre å ha lov til å punktsprøyte til dømes lusetoppar med lovlege hobbypreparat, tek for mykje tid når ein driv stort.

Framleis optimistar og plantar nytt

Drifta består i dag av 45 dekar økoeple og 14 dekar økoplomme. I tillegg er det 20 dekar konvensjonell eple, noko konvensjonell bringebær og ein del grøngjødslingsareal som forkultur før nyplanting. Sesongen 2020 var prega av lite avling og mykje skade av rognebærmøll. Det vart difor mykje pressfruktlevering, til glede for Balholm som er lokalisert i same bygd. Balholm utgjer eit viktig sikkerheitsnett for økodyrkarane i regionen, særskilt i år med stor utsortering som i år. Hovudsortane av eple er godt eigna både til konsum og press. Dei skulle elles ynskje at ein også kunne få plante sorten Rubinstep. Ein eplesort som dei tykkjer er veldig god og som har gitt store og stabile avlingar også i prøving på garden hjå dei. Hittil har ikkje grossist Bama vore så gira på den, medan det er planta mykje av sorten i Telemark for Coop.

6 svein oelnes
Svein Ølnes, Barsnes i Sogndal kommune. Foto: Marianne Bøthun

Satsar på økologisk frukt

På bruket til Svein Ølnes og Marta Kari Schawlann, Barsnes i Sogndal kommune, var det tidlegare sau i kombinasjon med konvensjonell fruktdyrking.

Deretter var det høyproduksjon før arealet no vert erstatta med nyplanting med økologisk frukt, etter moderne planteprinsipp. Frukthagane er blitt utvida siste år og utgjer no kring 7 dekar økoeple og 1 dekar plomme. Det skal vidare plantast 5 dekar økoeple i 2022.

Utdanna i landbruk med interesse for frukt og miljø

Både Svein og Marta Kari har utdanning i plantekultur frå Landbrukshøgskulen på Ås (no NMBU), der Svein skreiv hovudoppgåve om klorofyllanalysar i bringebær. Marta Kari har skrive «Håndbok i økologisk fruktdyrking» som tidlegare tilsett i Økoringen Vest. Interesse for frukt og bær har difor alltid vore der. Dei trur at vi på litt sikt må slutte med ein del kjemiske plantevernmiddel då det ikkje er berekraftig i det lange løp. Sjølv brukte dei ikkje kjemiske insektmiddel dei siste 15 åra dei dreiv konvensjonelt, berre kjemiske soppmiddel.

God erfaring mellom anna med sorten Discovery, gjer at dei ikkje er så bekymra for skurv. Det er ugrassituasjonen dei ser på som mest krevjande i økologisk drift, men også klimaet kan bli meir utfordrande frametter med meir veksling mellom tørke og ekstremnedbør. I år såg det ut som at berre få centimeter skilje i høgde frå svakt hellande terreng til flatt terreng var avgjerande for om det vart avling eller ei. Særskilt har avlingssvikten gått hardt ut over Discovery.

To ulike strategiar for ugras

Garden er relativ flat, men med nokre brattare parti. Dette gjev ulike strategiar for handtering av ugras. Der det er flatt og lett å arbeide med maskinelt utsyr, blir det satsa på traktormontert utstyr og veksling mellom fresing og slått i trerekkene. På dei brattaste areala blir det planta på Mypex-duk, for å lette arbeidet med ugras. Til børsting av duken har dei ei greinrive tilpassa traktormaskina.

Epleviklar ein ny trussel i vest

Ei aukande bekymring for økodrifta er auka utbreiing og omfang av epleviklar, ein skadegjerar som etter læreboka berre skal finnast på Austlandet, men som også har fått ei lokal utbreiing i og kring Sogndal. Epleviklaren flyg inn i hagen og legg egg på epla, der larven deretter borar seg inn i epla og grisar til inngangshol og kjernehus med ekskrement, slik at epla må sorterast ut til pressing. Dei har lenge undra seg på skadane på epla, særskilt på sorten Discovery, men også på Raud Aroma. På Idunn er det mindre skade. Fangst i feller gav til sist svaret.

I år er det difor gjort forsøk med feromonforvirring mot epleviklar på bruket, samt nokre hagar i området. Dette er eit godkjent og skånsamt tiltak for økologisk drift i dei fleste land, også i Norden, men som dessverre enno ikkje er tilgjengeleg i Noreg. Om resultata frå forsøket er gode, kan det kanskje vere med å løysa utfordringar med epleviklar også i Noreg.

Denne artikkelen står på trykk i fagbladet Økologisk landbruk nr. 4-2020 som kommer ut før jul.