Eit optimalt og mest mogeleg miljøvennleg plantevernarbeid er avhengig både av høveleg utstyr og rett innstilling og bruk av dette. Mange nyttar eldre sprøyter med vesentlege svakheiter i design og konstruksjon i høve til meir moderne modellar. Dei viktigaste er mangel på tårn for å styra luftstraumen, og plassering av dysehaldarane inne i luftstraumen i staden for på sida, med dusjen vinkla inn i luftstraumen. Sjølv om sprøyta kan gå nokre år enno, bør ein byrja å planleggja utskifting om ein sit med slikt utstyr.

Alle tåkesprøyter har krav om funksjonstesting kvart 3. år, men det er viktig å vera klar over at testen ikkje nødvendigvis sjekkar noko særleg meir enn om sprøyta er i brukbar teknisk stand. Dette er eit viktig grunnlag, men ei optimal innstilling og korleis fordelinga i praksis vert i frukttrea eller bærbuskane, vert i liten grad dekka av funksjonstesten.

Ved bruk av tåkesprøyter vert dropane frakta til målet med ein luftstraum for avsetning. I funksjonstesten vert det kontrollert om dysene gjev likt, og om dei gjev det dei skal i følgje spesifikasjonane. Men om luftstraumen er jamn nok til å gje ei jamn fordeling i trea, vert ikkje nøye kontrollert. I ein del land vert det kontrollert korleis væskefordelinga er i høgda, ved hjelp av ein vegg med renner, der væska renn ned i måleglas. Slik kan ein kontrollera om væskestraumen som når trea er jamt fordelt, tilsvarande det ein kan gjera med eit bord med renner for åkersprøyter. I dag er det berre NLR Østafjells som disponerer slikt utstyr i Noreg.

For å oppnå ei jamn fordeling av lufta vert sjølve luftstraumen og -hastigheita målt, kontrollert og finjustert i ein del land på kontinentet. Til dette trengst forholdsvis avansert måleutstyr som ikkje finst her i landet, men enkelte sprøyteprodusentar kan tilby innstilling og finjustering av luftstraum og væskemengde frå fabrikk. Modellar og fabrikat som vert tilrådd i område med sterkt fokus på optimal luftfordeling kan ein m.a. finna på www.aircheck.eu.

Vegg med renner for kontroll av vaeskefordeling
Vegg med renner for kontroll av væskefordeling, her i ferd med å tøma rennene over i måleglasa. Foto: E. Bjotveit.

Sprøytetype og avdrift
For å oppnå eit best mogeleg resultat må tåkesprøyta ha ei form for tårn for å styre luftstraumen. Med ei gamaldags tåkesprøyte med rundt vifteaggregat må ein blåsa ganske bratt oppover over trea for å få dekning i toppane, og ein vil då skapa svært mykje avdrift. For å unngå dette problemet bør tårnet vera så høgt at vinkelen frå den øvste dysa til toppen av trea ikkje overstig 45°.

For best mogeleg avsetjing bør viftehastigheita ideelt sett ikkje vera høgare enn at tåka så vidt vert blåst gjennom trerekkja. Dette tyder at ein som regel må køyra farten på kraftuttaket ein godt stykke under 540 rpm, som regel i området 300-400 rpm. Om vifta har gir er det også som regel best å nytta innstillinga som gjev lågast hastigheit. Få gjerne med ein person som kan gå bak traktoren og sjå kor langt tåka vert blåst inn i neste køyregang når du skal stilla inn sprøyta.

Sidan ein med ei sprøyte utan tårn må blåse ganske kraftig for å nå toppane, er det ikkje så lett å gå ned på viftehastigheit på desse. Ein kan difor fort få ein del gjennomslag lengre nede i trea, slik at ein i realiteten sprøyter 3-4 rekkjer, og aukar risikoen for overdosering og sviskadar. I bringebær, som ikkje er like høge som frukttrea kan ei slik sprøyte framleis vera eit alternativ, sidan ein ikkje treng å nå like høgt som i frukthagen, og det difor kan gå greitt å redusera farten på vifta utan å redusera dekningsgraden.

Med tanke på avdriftsreduksjon og redusert sikkerheitsavstand til ope vatn er det krav om at ein må ha ein eller annan form for tårn for å styra luftstraumen i kulturar med ei høgde over 2,5 m. I bringebær kan såleis ei «gamaldags» tåkesprøyte framleis oppfylla Mattilsynet sine krav, føresett at denne er godt innstilt.

Køyrehastigheit
Køyrehastigheita påverkar dekninga og risikoen for avdrift både for åkersprøyter og tåkesprøyter. Medan auka køyrefart aukar faren for avdrift frå åkersprøyter, er det omvendt med tåkesprøyter. Køyrer ein svært seint vil ein ofte blåsa tåka gjennom rekkjene og laga mykje avdrift, med mindre ein har eit vifteaggregat med svært god luftfordeling der viftehastigheita kan justerast svært langt ned, og framleis gje ei god luftfordeling i heile høgda. Aukar ein køyrefarten vil ein blåsa sprøytetåka inn i rekkja, men vera forbi før ein bles den heilt gjennom. Utprøving og erfaring viser at ein då får ei betre avsetjing på bladverket. Med dei fleste sprøyter viser erfaring at det går ei grense på om lag 4,5-5,0 km/t der ein byrjar å få ei slik avbøying av sprøytetåka bakover frå traktoren med tilpassa turtal (350-450 rpm).

I dei fleste land er det likevel sett avgrensingar på køyrefarten i regelverket for avdriftsreduksjon. For Noreg sin del er maksimal fart 7,5 km/t.

Særleg her på Vestlandet kan det vera problematisk å køyra så fort som 5 km/t. Desto viktigare er det å skaffa ei sprøyte som gjev ei optimal luftfordeling, også ved låge viftehastigheiter.

Dysetype og plassering
Val av dyser og plassering av dysehaldarane er endå ein faktor som påverkar dekningsgrad og avdrift. Sistnemnde er gjerne først og fremst eit tema ved kjøp av nye sprøyter, men det kan også vera aktuelt å byggja om sprøyta ein har. Når dysehaldarane er plasserte midt i luftstraumen har dette to negative konsekvensar. For det første påverkar det luftstraumen slik at ein får meir turbulens og ujamn luftfordeling, og for det andre risikerer ein at luftstraumen pressar saman væskedusjen frå dysene slik at ein får dårlegare overlapping, og felt med dårlegare dekning.

Med tanke på dyser, bestemmer valet kor mykje væske sprøyta skal gje per minutt. Ein må difor vurdera kor fort ein vil køyra, og kva som høver til plantingane. NLR Vest har rekneark der ein kan leggja inn data om køyrefart og plantingar, og sjå kva storleik som er høveleg.

Ulike dysetypar har også ulike spreiebilete. Her vil me i første omgang tilrå utskifting av gamle platedyser (Albuz AMT, gjerne merka med 1.0,1.2 eller 1.5) ettersom desse erfaringsvis gjev svært varierande dropestorleik, og dropestorleiken vert også meir påverka av trykket enn på meir moderne dyser. Ulike holkjegle-/holkondyser, som t.d. Albuz ATR/ATI er i utgangspunktet førstevalet til tåkesprøyter. Desse gjev jamt små dropar som gjev god inntrenging og avsetjing på bladverket. Ulempa er at dei kan vera noko utsette for avdrift.

Dysene bor sta utanfor luftstraumen
Dysene bør stå utanfor luftstraumen. Foto: E. Bjotveit.

Injektordyser
For å redusera faren for avdrift vert såkalla injektordyser mykje nytta lenger sør i Europa, og det er også mange stader krav om bruk av slike dyser for at sprøytene skal verta klassifiserte som avdriftsreduserande. Desse dysene syg inn luft ved hjelp av Venturi-prinsippet (ei innsnevring inni dysa aukar hastigheita på væskestraumen, og dette skapar eit undertrykk). Dysa produserer på denne måten ganske store dropar med luftbobler i. Desse skal kollapsa og fordela væska jamt utover når dei treff målet, samstundes som dei er mindre utsette for avdrift grunna den auka dropestorleiken.

Det finst injektordyser med spreiebilete som vanlege holkjegledyser, t.d. Albuz TVI. Desse kan vera aktuelle til eldre sprøyter der dysene er plasserte i luftstraumen, men til nyare sprøyter vert det tilrådd flatstråledyser t.d. Albuz CVI e.l. Dette fordi luftstraumen ikkje klarar å fanga alle dei større dropane når dysene er plasserte på sida av denne. Ved bruk av flatstråledyser er det viktig at dei vert sett litt på skrå, slik som dysene langs bommen på ei åkersprøyte, slik at dusjen frå kvar dyse ikkje treff sprøytedusjen frå neste dyse og skapar meir turbulens. Ulempen med injektordysene er at dei ikkje gjev like god dekning som ei dyse som gjev små dropar, og risikoen for at væska byrjar å renna på bladverket og dryp av aukar. Me vil difor ikkje tilrå full overgang til injektordyser utan meir utprøving.

Ei mellomløysing frå Sør-Europa som kan redusera avdrifta mykje, er å nytta injektordyser i dei øvste 2-3 haldarane på kvar side av sprøyta, og vanlege holkjegledyser lengre nedover. Ein vil då få små dropar som gjev god inntrenging og dekning i den tettaste bladmassen nede i trea, og god nok dekning i toppane, utan at mykje av væska som vert blåst i retning toppane driv vekk.

I dag er det ingen krav om å nytta injektordyser i norsk regelverk, og det gjev heller ingen gevinst i høve til klassifisering av tåkesprøyter som avdriftsreduserande. Ei sprøyte som gjev ei jamnast mogeleg fordeling og plasserer mest mogeleg av plantevernmidlane i trea der dei skal vera, vil uansett gje det beste resultatet av plantevernarbeidet.

NLR Vest har to UV-lampar som kan brukast til å sjekke væskedekning i tre og bærbuskar. Dei er hovudsakeleg brukt på markdagar hittil, men med betre kapasitet håpar vi etter kvart kunne tilby sjekk av væskedekning som ei fast teneste for medlemar.

Flatstraledyser ma monterast litt pa skra
Flatstråledyser må monterast litt på skrå. Foto: E. Bjotveit.