Ifølgje plantevernmiddelforskrifta frå 2015 er det obligatorisk for alle yrkesbrukarar av plantevernmiddel å ta i bruk IPV. Kjemiske plantevernmiddel skal berre brukast dersom andre førebyggande og direkte tiltak, inkl. overvaking av skadegjerarar, ikkje gjev ynskt verknad.

Puzzle
Teknikkar og metodar i integrert plantevern (IPV). Bruken av plantevernmiddel skal avgrensast.

Generelle prinsipp for IPV

Dei åtte prinsippa er formulert av EU, og teke inn i norsk lovverk (plantevernmiddelforskrift, vedlegg nr. 2).

  1. Førebygging og/ eller utrydding av skadegjerar ved hjelp av alternative metodar (t.d. vekstskifte, drenering, gjødslings- og kalkingsplan basert på jordprøver, jordarbeiding, val av tilpassa artar og sortar, optimal stubbehøgde, reparasjonssåing).
  2. Overvaking av skadegjerarar (t.d. observasjonar i kulturen, vitskaplege varslings- og prognoseordningar, rådgjeving). Kjenn igjen skadegjerarar (plantevernleksikonet).
  3. Bestem tiltaka ut ifrå overvakinga.
  4. Prioriter biologiske, fysiske og andre ikkje-kjemiske metodar.
  5. Bruk av målspesifikke plantevernmiddel med færrast mogleg biverknader for menneskeleg helse og miljøet.
  6. Avgrens bruken av plantevernmiddel (t.d. reduserte dosar, redusert tal behandlingar, avgrensa spreiing).
  7. Unngå resistens (t.d. bruk av ulike plantevernmiddel med ulike verkemåtar).
  8. Kontrollere om tiltaka har verka (med utgangspunkt i sprøytejournal og overvaking).


Les meir om IPV her.