Mange planteartar er genetisk tilpassa liv i vatn, andre i ørken. Den enkelte art eller den enkelte plante kan tilpasse seg ulike vilkår, men det er stor skilnad på tilpassingsevna. God vassbalanse er avgjerande for all plantevekst. Plantene treng god tilgang på vatn, men vert det for vått, kan det føre til vantrivsel, auka sjukdomsangrep og døde planter.

Vatnet si rolle

Vatnet inngår i mange kjemiske og biologiske prosessar i planta. Så godt som all transport av næringsstoff, karbohydratar, protein, hormon osv. skjer ved hjelp av vasstransport i planta. Planta hentar mineralar frå jorda og CO2 frå lufta. Sjølv produserar planta karbohydratar gjennom fotosyntesen. Alt skal flyttast rundt i planta og brukast i biologiske prosessar og som byggesteinar i ny plantestruktur. I varme periodar kan planta bruke fordamping som avkjøling. Spalteopningane på blada er pustehol for planta: Gjennom desse skal oksygen, CO2 og vassdamp. For vanlege landplanter er dette eit dilemma og ein fin balanse. Plantene treng CO2 som råstoff i fotosyntesen, og dette skal inn gjennom spalteopningane. Ut gjennom spalteopningane skal vassdamp. Dette er drivkrafta i væsketransporten oppover i planta, men også ein trussel, fordi det kan føre til for stort væsketap.

Uheldige verknader av våt jord

For mange av kulturplantene er våt og tett jord ein trussel, slik som også tørke kan vere det. Oksygenmangel i jorda er ofte ei hovudårsak til rotdød. Røtene treng oksygen for normal vekst og utvikling. Ofte gir ei vassjuk eller tett jord også lite gunstig utvikling av mikroorganismer og auka risiko for enkelte sjukdommar. Vassjuk jord gir som regel også endring i jordkjemien: Ein kan få ei opphoping av metan, sulfid og redusert jern. Våt eller tett jord kan gi endra konkurransetilhøve mellom kulturplanter og ugras. Krypsoleie er for eksempel tolerant for vassjuk jord! Våt jord har dårleg bereevne, og det er vanskeleg å bruke maskiner utan å gjere skade. Dette er ofte det største problemet i dag når vi har tunge maskiner. Som regel er dette ein vond sirkel: Dersom jorda vert komprimert av tunge maskiner, vil også dreneringsevna verte dårlegare. Vassjuk jord er ofte kaldare og dermed seinare om våren. Det er stor skilnad på korleis jordartane reagerar på for mykje vatn. Sandjord har for eksempel stort luftvolum, er lett å drenere og har god bereevne (Fig. 1).


Figur fordeling luft vatn faste partikler i jord
Fig 1. Fordeling av luft, vatn og faste partiklar i ulike jordtypar.

Luft og vatn i jorda

Luft finn ein i dei store porane i jorda. I godt drenert jord er jordlufta ganske lik atmosfæren, men har ti gongar så høgt innhald av CO2. Innhaldet av oksygen og nitrogen er litt lavare enn i atmosfæren. Mikroorganismer står for 90 % av CO2-produksjonen i jorda. Ein finn normalt vatn i dei små porane. Vatn i dei aller minste porane eller som er sterkt bunde til jordpartiklar, er utilgjengeleg for plantene. I vassmetta jord fyller vatn alle porar. Vassinnhaldet i jorda etter at det frie vatnet har runne vekk vert kalla feltkapasitet.

Oksygenmangel i rotsona

Gassutveksling med omgivnadane er avgjerande for planterøtene. Oksygenmangel i rotsona kan oppstå i vassmetta jord eller i jord med få grove porar. Røter og jordbuande organismar brukar store mengder oksygen og produserar store mengder CO2 i løpet vekstsesongen. Behovet for oksygen i rotsona betyr mykje for konkurransen mellom planteartar. For eksempel kan gras forbruke så mykje oksygen at tre kan ha problem med å vekse i same jorda. Hemmande effekt av oksygenmangel i jorda er verre enn overskot på CO2. Likevel er rota mykje meir tolerant for oksygenmangel enn overjordiske plantedelar. I vassmetta jord har vatn fortrengt lufta og fyller heile porevolumet. Oksygenmangel i rotsona fører til redusert vekst, redusert fotosyntese og redusert transport av vatn og næring. Dette fører igjen til lukka spalteopningar. På denne måten kan oksygenmangel gi same symptom som tørke. Drukning og tørke kan altså gi like symptom, som visning og gulning. I planta kan ein i tillegg måle auke i stresshormon og aldringshormon, og nedgang i veksthormon.

Tilpassing

Mange planteartar har sin naturlege vekseplass i vatn eller i svært våt jord, gjerne kalla vassplanter. Andre artar er tolerante, det vil seie at dei lett kan tilpasse seg våte vilkår. Likevel høyrer mange kulturplanter til dei mindre tolerante plantene, som lett tek skade av for våt jord. Ein enkel strategi som mange planter brukar, er å danne nye siderøter høgt i jorda der det gjerne er litt tørrare. Inne i nye røter som vert danna under våte vilkår, vert det ofte utvikla luftkanalar (aerenkym). Desse kanalane kan gi ein viss luftdiffusjon til røtene. Det kan også vere biokjemiske skilnader i evna til å takle oksygenfattig miljø. Det er stor skilnad mellom artar, og verknaden er avhengig av mange andre faktorar, som temperatur og årstid.

Biologi, teknikk og økonomi

Ein ting er kva som best for plantene, noko anna er det at vi er avhengig av maskinar. Det set grenser for korleis vi kan bruke jorda. Drenering er dyrt, og til sjuande og sist er det økonomien som bestemmer om eit areal skal brukast som det er, drenerast eller ikkje brukast. Vassjuk jord kan ha fleire årsaker. Dersom grunnvatnet står for høgt, må det drenering til. Andre stader kan det vere vatn som samlar seg i dumpar. Då kan det vere enklare og betre med profilering eller planering.

Staende vatn i jordbaeraker
Fig.2. Ståande vatn i jordbærfelt. Plantene viser symptom på drukning.
Vassjuk jord tabell
Fig. 3. Utvikling i fotosyntesen i surkirsebær i vassjuk jord samanlikna med jord med høveleg vasstilgang. (Etter Beckman, Perry og Flore i Hort Sci 27:1297, 1992)
Drukningsymptom jordbaeraker
Fig. 4. Symptom på drukning i dumpane i eit jordbærfelt som elles er grønt og frodig. Foto: Aksel Døving