Fortørking

05.06.2019 (Oppdatert: 05.06.2019) Olav Martin Synnes

Det er fleire forhold som påverkar tapet av pressaft frå siloar og rundballar: tørrstoffinnhaldet i plantane, presset, kutting og knusing, planteart og utviklingsstadium, og tilsettingsmiddel.

Skiveslåmaskin med ekte breispreiingsutstyr og stengelknekkar. Desse maskinane kan, med rask omstilling, nyttast både til vanleg smal streng og til brei streng. Ved breispreiing vil traktorhjul køyre i grasstrengen. Ved bruk av frontmontert samlerive, unngår ein ny køyring i grasstrengen.

Av desse er tørrstoffinnhaldet i plantane ved innlegging den viktigaste. Også presset graset blir utsett for påverkar tapet.I fylgje forsøk er avrenninga av pressaft klart størst frå høge tårnsiloar. I plansiloar er avrenninga, under elles like forhold, mindre enn halvparten av det ein finn i tårnsiloar. I rundballar er avrenninga endå mindre, knapt halvparten av det ein har i plansiloar.Grovt sett reknar ein med at tapet av pressaft frå høge tårnsiloar, stoppar når tørrstoffinnhaldet kjem over 30-32 %. I plansiloar, stoppar tapet ved 25-30 % tørrstoff. I rundballar er grensa truleg endå litt lågare, 25-26 % tørrstoff (figur 2).

 

TRADISJONELL FORTØRKING

Fortørking er krevjande i vått klima, med kort tid mellom regnbyene. Den vanlege framgangsmåten har vore å legge graset i smal streng, frå slåmaskin med stengelknekkar, og om lag 3 m arbeidsbreidde. Strengen ligg deretter urørd i 1-2 døgn før pressing. Denne framgangsmåten kan gi pressaftfritt surfôr om ein får opphaldsver i heile perioden. Ei ulempe er ujamn tørking i grasstrengen. Det ligg vått gras på undersida. Sidan tørkinga går seint, aukar sjansane for nedbør. Under slike forhold vil fortørkinga ikkje lukkast godt nok.

 

BREISPREIING FRÅ SLÅMASKIN

Slåmaskin med utstyr som kan breispreie graset, aukar tørkefarten mykje. Brei rive, med 7 m arbeidsbreidde, samlar graset i ein tjukk streng før pressing. Ved frontmotert rive unngår ein ny køyring i grasstrengen. Systematiske forsøk med denne metoden vart gjennomført på 12 bruk på Vestlandet åra 2006-2010.

I gjennomsnitt for ulike vêrforhold og avlingsnivå, nådde ein moderat fortørka gras med tørrstoffinnhald på ca. 28 % etter 8 timar i brei streng mot 24 timar i smal streng. Etter 24 timar var tørrstoffinnhaldet i breispreidd gras 5-10 prosenteiningar høgare enn i smal streng. Tørkefarten på breispreidd gras var lite påverka av om det vart brukt stengelknekking. Tørrare surfôr og lågare innhald av syrer kan medverke til høgare opptak av grovfôr, og sparte kraftfôrkostnadar. Høgt tørrstoffinnhald reduserer talet på rundballar og reduserer soleis kostnadar knytt til hausting, konserveringsmiddel og plast,
samstundes som ein vinn verdifull tid med godvêr.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar lagring av rundballar. Dette er ein av artiklane i heftet.

Heile heftet finn du her: Lagring av rundballar. Gode løysingar for gardbrukar og miljø.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.