Fornying av eng - Kva bør vere i fokus?

08.04.2019 (Oppdatert: 08.04.2019) Dag-Arne Eide, Arve Arstein

Målet med å fornye eng er å auke avlinga og betre kvaliteten. Det er mange måtar å fornye eng på, og skilnad i kostnad er stor. Ei årleg meiravling på 60-70 FEm i eit engomløp på 7 år dekkjer inn kostnaden med den dyraste fornyingsmetoden.

Her har høymole spirt frå røter som har overlevd brakking. Høymole har også spirt frå frø. Attlegget er sprøyta, og høymola forsvann. Foto: Dag-Arne Eide

NLR Vest har i år gitt ut eit hefte om fornyingsmetodar i eng. Her blir metodane beskrivne i grove trekk, frå dyrast (mest omfattande) til billegast og enklast. Det er ikkje fullgod samanheng mellom pris på fornyingsmetode og meiravling etter fornying. Måten og tidspunktet bonden utfører arbeidet på, er vel så viktig som sjølve metoden. Det er sjølvsagt heller ikkje opplagt kva slags fornyingsmetode som bør veljast i kvart tilfelle. I artikkelen vidare skal vi peike på nokre suksessfaktorar som kan gjelde ved fleire fornyingsmetodar. Eit viktig utgangspunkt ved fornying av eng, er at jorda er godt drenert og lagleg for køyring og jordarbeiding. Målet må vere å klare seg med minst mogleg køyring. God pløgsle, brei harv og såmaskin, tung trommel med stor diameter, er ting å tenkje på.

 

Brakking

Med dette meiner vi kjemisk brakking med glyfosat for å få vekk grasugras som kveke og tunrapp, samt breiblada ugras som høymole, hundekjeks, soleier m.fl. Haustbrakking er ofte best. Dette gjer det enklare å jordarbeide våren etter. Brakking bør helst føregå i løpet av september, men mild haust etter den tid, samt tidleg vår, vil gjere at nytt ugras spirer opp før jordarbeidinga startar om våren. Då kan det vere svært viktig med ny brakking om våren, då eventuelt med redusert dosering. Dette er spesielt viktig ved direktesåing og ved redusert jordarbeiding. Ingenting skal vere grønt når ein set i gang med arbeidet. Tunrapp, kveke m.fl. må ikkje få forsprang på det sådde grasfrøet.

Dersom høymole eller andre breiblada ugras dominerer i enga som skal brakkast, må anten doseringa av glyfosat aukast opp mot det doble, eller ein kan blande inn andre middel som tek desse ugrasa betre enn glyfosat gjer. Det kan og vere aktuelt å sprøyte to gongar, ein gong med eit middel mot breiblada ugras og ein gong med glyfosat.

Brakking om våren er sjølvsagt også aktuelt. Då er det viktig å vente til graset er kome langt nok, altså til kveka har fått 3-4 blad. Det skal nærme seg stadiet der føler at du "vassar" i graset. Etter sprøyting bør du vente ei lita veke før jordarbeiding.

 

God kontakt mellom frø og jord

Dette er svært viktig, spesielt under tørre forhold. Vi tilrår alltid tromling etter såing, både ved direktesåing på brakka areal, ved innsåing i eng utan brakking og sjølvsagt etter såing i åker. Ved siste metode kan det ofte vere gunstig å tromle også før ein sår, for å unngå at såfrøet kjem for djupt. Ei timoteibasert frøblanding må ikkje såast djupare enn 1 cm, helst noko grunnare.

 

Dekkvekst?

Med dekkvekst meiner vi oftast korn sådd saman med grasfrøet for å oppnå større avling i attleggsåret. Det er mange faktorar ein skal vere klar over her. Det kan oppstå situasjonar i løpet av sesongen som i ettertid synte seg at det var lurt å så i dekkvekst, og motsett. Spesielt vanskeleg blir det på areal med moldrik jord, gjerne bratt. Dersom det blir mykje regn som gjer at vi får legde og ikkje kjem oss utpå for å hauste til rett tid, kan det gå dårleg. Kornet skyt om lag to månader etter såing. Då bør det haustast. Slåttetidspunktet er nesten bestemt ved såing. Dekkvekst høver best på køyresterk jord, med såing så tidleg at det ligg godt an til to slåttar, helst innan august er omme. Det kan også høve godt ved seint sådd attlegg med ein slått i august.

Vi tilrår såmengde på rundt 5 kg korn per dekar som dekkvekst. Bygg og havre er vanlegast å bruke, men i det seinare er det også prøvd kveite. Vi har døme på vellukka resultat ved bruk av både større og mindre såmengder. Det er viktig med moderat gjødsling for å unngå legde. Der er påvist større avling i attlegg med dekkvekst enn utan dekkvekst, men det er vanskeleg å dokumentere at dekkveksten gjev meiravling når ein ser på heile engomløpet. Spesielt i år med mykje attlegg, eventuelt med vinterskade på enga elles, kan det vere lurt å bruke dekkvekst. Korn spirer raskt og dempar spiring og vekst av frøugras. Slik sett er dekkvekst ein del av ugraskampen.

 

Ugraskamp

Når både det sådde graset og frøugraset er godt i gang, dvs. rundt ein månad etter såing, er ein inne "i finalen" i prosessen med å lage ny eng. Då er det verkeleg viktig ikkje å svikte, men å stå på heilt inn! I konvensjonelt landbruk tilrår vil oftast bruk av kjemiske middel mot frøugras i attlegget. Somme vil gå endå lenger, og seie at det er "obligatorisk". Det syner seg alltid at det blir meir ugras til slutt enn det kan sjå ut tidleg. Ein ugraskamp til rett tid i attlegget vil kunne spare deg for ein "hestekur" seinare i sesongen, eller ein ekstrarunde med reparasjon med usikkert resultat, irritasjon og ekstra kostnad. Fleire ugrasmiddel kan vere aktuelle. Ta kontakt med ein av dine rådgjevarar i NLR om du vil diskutere dette.

 

Gjødsling

Eit attlegg treng rundt 12 kg nitrogen per dekar ved ein slått. Ofte blir det brukt mykje husdyrgjødsel, gjerne både før og etter pløying. Vi tilrår moderat bruk av husdyrgjødsel i attlegg, gjerne 5-6 tonn per dekar. Oftast blir det behov for litt mineralgjødsel, gjerne i form av OPTI-NS rundt den tida ein sprøyter mot frøugras. Ved to slåttar på attlegg, bør det gjødslast med nitrogen i form av mineralgjødsel også etter 1. slåtten.

 

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Vi delte inn i 4 hovudmetodar for fornying, rangert frå tradisjonell fornying med plog til direktesåing i eng utan brakking. Her finn du artiklane om dei fire metodane:

 

 

Her finn du heile heftet: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.