Flott eng i Hyllestad

20.05.2019 (Oppdatert: 20.05.2019) Arve Arstein

Camilla og Bjørge Avedal Ulvik, Sørbøvåg i Hyllestad, har i fleire år hatt svært høg fokus på å få betre grovfôravlingar på areala dei driv. Dette fokuset hadde også foreldra til Bjørge, då dei bygde opp gardsdrifta til ei stor bedrift som slaktar 250-300 oksar i året.

Førsteårs eng står svært fint 7. mai. Den vart sådd midt i juni 2018 etter forenkla jordarbeiding (langfingerharv med såmaskin).

Stort grovfôrbehov

Stort grovfôrbehov gjer at dei legg ned stor innsats i drenering og engfornying, slik at areala skal gi så gode avlingar som råd er. Med over 500 dekar eng og mange skifte innan knappe 2 mil frå garden, lyt Bjørge planlegge godt og ha fokus på å vere effektiv i alt han gjer. Husdyrgjødsla vert til dømes køyrt til satelittlager med lastebil utanom sesong og spreidd med slepeslange.

 

Fornyingsmetode

Arbeidet med attlegga startar alltid i september. Då brakkar han alt areal som skal fornyast våren etter. Fornyingsmetoden varierer, men ofte vel han forenkla jordarbeiding; han brukar flittig ei 6 m brei langfingerharv med såmaskin. Husdyrgjødsel og kalk vert køyrt på, og så vert det køyrd over to gonger med harva. Til slutt sår han med same maskina, men då løfter han opp harva slika at frøet vert breisådd. Trommelen moldar frøet godt nok ned. Dette  er ein svært tidseffektiv metode som fungerer godt, gitt at haustbrakkinga er vellukka; det hender at det må brakkast på nytt rett før jordarbeidinga startar i april. Løvetann, krypsoleie og høymole må vere skikkeleg sanerte før det vert sådd. Grasugras som kveke er svært utfordrande ved denne fornyingsmetoden.

Tradisjonell jordarbeiding med plog, slodd og harv vert også brukt i fornyingsarbeidet. Det vert vurdert i kvar enkelt tilfelle kva metode dei skal bruke. Det er stor skilnad i kostnad og tidsbruk mellom dei ulike metodane, så redusert jordarbeiding vert brukt i dei fleste tilfella.

 

Fin førsteårs eng

Fjoråret vart utfordrande for Bjørge også. Det som vart sådd midt i april kom svært fint. Verre vart det for attlegga sådde i mai; tørken resulterte i elendig spiring og mykje ugras. Fleire av desse areala måtte brakkast på nytt tidleg i juni. Nedbør og varme rett etter andre gongs såing midt i juni, gjorde susen, så frøet spirte raskt og enga etablerte seg fint. Bjørge satsa på artsrik frøblanding med 35% timotei, 10% engsvingel, 10% strandsvingel, 15% engrapp, 10% raigras, 8% raisvingel, 7% hundegras og 5% kvitkløver. Det ligg til rette for tre slåttar på dette arealet; førsteslåtten er klar til hausting i månadsskifte mai-juni.

 

Hjorteskade

Hjort som beiter på areala store deler av året medfører store ekstrakostnader for Bjørge. Dei er glade for skadeløyve frå kommunen siste åra, men ytterlegare tiltak må til. Sidan dei har stort fokus på å fornye enga, trekkjer hjorten til desse areala for å beite. Sterk beiting frå august til april er ei veldig påkjenning for grasartane, og enga misser avlingspotensialet raskt.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.