Tørka fiskeslam frå oppdrett på land -Kan det nyttast som gjødsel i grasmark ?

28.11.2019 (Oppdatert: 28.11.2019) Olav Martin Synnes

Resultat frå eit toårig feltforsøk på Vartdal, tyder på at tørt fiskeslam, i kombinasjon med rett type og mengde mineralgjødsel, kan gi like god avling og fôrkvalitet som «vanlege» gjødseslag.

Forsøk med tørka fiskeslam i eng på Vartdal 2017-18. Ulike mengder slam blir samanlikna med normal og halv mengde Fullgjødsel 22-2-12. Feltet har 7 forsøksledd og 2 gjentak.

Å bruke fisk som gjødsel har vore vanleg langs kysten tidlegare. Røynsler og forsøk har vist at fiskeprotein har god gjødselverdi, særleg av nitrogen og fosfor. Innan fiskeoppdrettsnæringa går utviklinga no mot auka smoltproduksjon på land. Dette slammet er ei blanding av fiskegjødsel og fôrrestar, og må samlast opp.  Ein har utvikla ein tørkemetode for vått slam, der ein oppnår ein tørrstoffprosent på over 80%.  Tørkinga gjer det enklare å transportere, lagre og spreie slammet. Kan bruk av slammet som gjødsel i eng eller åker vere eit alternativ? Kan dette vere lønsamt og praktisk for både gardbrukar og oppdrettar?  Etter initiativ frå lokale gardbrukarar og MOWI på Sunnmøre, vart det lagt ut eit forsøksfelt på Vartdal i Ørsta kommune 2017.  Forsøket vart avslutta i 2018.

 

Forsøksplan

Tabell 1.- Feltet har 7 forsøksledd og 2 gjentak. Feltet vart hausta i juni og august 2017, og i juni 2018.

Forsøks-

ledd

Gjødsling 2017,

 vår, kg/dekar 1)

Gjødsling 2017 etter 1. slått, kg/dekar

Gjødsling 2018 vår, kg/dekar

1

Ugjødsla

 

Ugjødsla

Ugjødsla

2

150 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

3

300 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

4

600 kg slam

7 kg Kalium

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

5

 

30 kg F22-2-12

15 kg F22-2-12

30 kg F22-2-12

6

 

60 kg F22-2-12

30 kg F22-2-12

60 kg F22-2-12

7

300 kg slam

 

10 kg F22-2-12

10 kg F22-2-12

1).- Innhald per 100 kg slam: N: 4,5 kg, P: 2,0 kg, K: 0,1 kg.

 

Tabell 2.- Resultat frå registreringar og haustingar i 2017.  Avlingstala er kg tørrstoff per dekar, i gjennomsnitt for to gjentak.

Forsøks-

ledd

Avling 1.

slått, kg

Avling 2. slått kg

1

397

175

2

506

283

3

519

307

4

565

312

5

541

256

6

647

296

7

519

293

LSD5%

86

56

 

 

Resultat

I første slått 2017 var det sikker meiravling for alle ledd med fiskeslam, i høve til ugjødsla ledd. Det er tendens til auka avling opp til største mengde slam.  Trass høgt innhald av nitrogen i slammet, var det likevel størst avling på ledd 6, med «normal mengde» Fullgjødsel. 

Fiskeslam inneheld lite kalium. I ledd 2,3 og 4, vart det tilført små mengder kalium i tillegg. I avlingsmålingane fann ein ikkje sikre utslag for slik tilførsel. Derimot er det ein tendens i planteprøvene, der det er høgare innhald av kalium i planteprøver frå ledd 3 enn i ledd 7. Ledd 7 fekk ikkje tilført ekstra kalium.

Det var sikre meiravlingar i 2.-slåtten på alle ledd med slam.  Avlingstala er på same nivå som ved bruk av normale mengder Fullgjødsel. Sidan frigivinga av nitrogen i fiskeslam går saktare enn i Fullgjødsla, vil mykje av næringsstoffa frå slam spreidd om våren, kome til nytte i håslåtten i august.

 

Etterverknad av fiskeslam året etter spreiing

Resultat og observasjonar tyder på at mesteparten av nitrogenet i fiskeslammet frå våren 2017, vart nytta av plantane vår og sommar. Det var få teikn til gjødselverknad av største mengde slam, hausten 2018 og våren 2018.

 

Drøfting

Verknaden av tørka fiskeslam som gjødsel på overflata av eldre eng har vore god første året. Det var ingen teikn til veksthemming etter største mengde fiskeslam. Dette gjeld mengder som er mykje større enn dei det er aktuelt å nytte i praksis.

 

I første slått gav største mengde fiskeslam lågare avling enn normal mengde Fullgjødsel. Skilnaden kunne truleg ha vore mindre om fiskeslammet hadde vore tilført tidlegare, til dømes siste veka i april.

 

Etter første slått i juni, vart det gjødsla svært svakt med Fullgjødsel på ledd med fiskeslam. På denne måten unngjekk ein å viske bort mogleg etterverknad av fiskeslam spreidd i mai. I håslåtten i august var det tydeleg etterverknad av fiskeslam. Observasjonar i september syner også at det framleis er etterverknad av dei største mengdene fiskeslam spreidd i mai. Observasjonar i november 2017 og avlingsregistreringar i juni 2018, tyder på at det er lite att av plantetilgjengeleg nitrogen, sjølv etter største mengde fiskeslam. For god utnytting av fiskeslam som gjødsel, bør denne tilførast i moderate mengder, tidleg i vekstsesongen.

 

Planteprøvene frå 1. slått 2017 syner tendens til auka innhald av N og råprotein på ledd med fiskeslam. Det syner at opptaket i plantane har vore effektivt. Med tanke på fôrkvaliteten, er det likevel ingen fordel med for høgt innhald av råprotein.

 

Det er tendens til høgare innhald av fosfor i plantar frå ledd med fiskeslam. Tilførsel av ekstra kalium saman med fiskeslam har ikkje ført til auka avlingar første året. Det er sannsynleg at fleire år med underskot på kalium, vil føre til avlingsnedgang.  På ledd med fiskeslam utan kaliumtilførsel, finn ein lågare innhald av kalium i planteprøver.

 

Det er tendens til høgare innhald av kalsium og svovel i planteprøver frå ledd med fiskeslam. Også innhaldet av magnesium er minst på høgde med det ein finn på ledd med Fullgjødsel.

 

For god nok dokumentasjon, og nøyaktig gjødselplanlegging, vil det vere naudsynt med fleire feltforsøk, som går over minst 2 år. Det bør også kartleggjast betre om innhaldet i tørka fiskeslam varierer, mellom ulike verksemder, eller i ulike sesongar.

 

Skal ein i framtida nytte tørka fiskeslam som gjødsel på gardsbruk, i stort omfang, vil det vere ein fordel med pelletering og levering i storsekk. Ein må også overtyde styresmakter og gardbrukarar om at slammet vil vere trygt nok, med tanke på tungmetall, medisinrestar og smitte.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.