Etablering av attlegg -Kva kan vi lære av tidlegare forsøk og røynsle i praksis?

26.04.2019 (Oppdatert: 26.04.2019) Dag-Arne Eide, Olav Martin Synnes

Timoteifrøet skal ikkje såast djupare enn 1 cm. Det vil gje dårleg spiring og større rom for ugraset. Dekkvekst kan gje større avling i attleggsåret, men neppe i sum for engåra.

Bygg er den vanlegaste dekkveksten. I dette høvet var det brukt 4,5 kg pr. dekar. Biletet er frå Sandane i Gloppen, og er teke 12.07.2017. Sådato var 14. mai. Etter slåtten og våren etter såg vi bøter på bøen der enggraset var tynt eller heilt borte. Arealet blei isådd med engfrøblanding våren 2018. Foto: NLR Vest.

LYS

Bruk av dekkvekst i eit attlegg fører til svakare tilgang til lys for engvekstane. Havre gir meir skugge enn bygg. Det kan også vere skilnader mellom sortar. Stor såmengde av dekkveksten, og sterk gjødsling med nitrogen, fører til sterkare skuggeverknad.

 

VATN

Tilstrekkeleg tilgang til vatn i såbedet er viktig for vellukka spiring. Undersøkingar har vist at det er skilnader mellom kornartane når det gjeld å forbruke vatn. Vårsådd havre brukar meir vatn enn bygg, og gir tørrare forhold i jorda. Ein vurderer dette som ei medverkande årsak til at havre som dekkvekst ofte gir svakare vekst hos engvekstane enn bygg.

 

VERKNAD AV VERET

Mange undersøkingar har vist at veret ved såing og i vekene etter, har stor påverknad på kor vellukka eit attlegg blir. Kjøleg og vått ver gir normalt best resultat. Eigentleg er det tørkeperiodar, og lengda av desse, som er avgjerande for spiringa og veksten av engvekstane. Gras har små frø og må såast grunt. Spesielt er det viktig for timotei. Røtene til dei nye spirane ligg i det øvste jordlaget, og vil døy under langvarig tørke.

 

MED ELLER UTAN DEKKVEKST?

Korn til modning som dekkvekst blir rekna som økonomisk lønsamt i korndistrikta. Av bygg gir seksradssortar, med kortast veksetid, oftast betre eng enn toradssortar. Undersøkingar i alle landsdelar syner likevel at grønfôr til dekkvekst, som blir hausta tidlegare, gir betre attlegg og eng enn korn til modning som dekkvekst.

Det er godt dokumentert at attlegg utan dekkvekst oftast gir betre eng enn attlegg i grønfôr. Dette gjeld alle landsdelar. Ein har likevel funne unntak. Dette gjeld forsøksfelt der ugraset har teke overhand i attlegget.

Jamt over gir dekkvekst høgast avling i sum for attlegg og engår. Dette gjeld likevel ikkje i forsøka på Vestlandet. Her har vanlegvis ikkje grønfôravlingane i attlegget vore store nok til å utlikne dei lågare avlingane i engåra. I regnrike strok, og på beresvak jord, kan det i tillegg vere vanskeleg å hauste grønfôret utan å få køyreskadar. Har ein korn som dekkvekst bør det haustast ca. 2 månader etter såing.

Påverkar dekkveksten innhaldet av kløver og ugras i engåra? Jamt over er botanisk samansetning i engåra lite påverka av dekkveksten. Resultata frå forsøka varierer likevel. I nokre tilfelle var det litt meir kløver i enga etter bruk av korngrønfôr som dekkvekst. I andre tilfelle var det motsett. Det same gjeld for ugras.

 

ANDRE DEKKVEKSTAR

Fleire andre artar har vore prøvde som dekkvekstar. Av dei som har vore prøvd er fôrraps og eittårig raigras. Under våte forhold på Vestlandet har likevel eittårig raigras hemma veksten hos engvekstane, og ført til lågare avling i engåra. Eittårig raigras (Westerwoldsk) og toårig raigras (italiensk) må ikkje brukast som dekkvekst. Dei er for aggressive i attlegget og konkurrerer ut det sådde enggraset.

Erter kan også brukast som dekkvekst. Dei må ha ei veksetid på 80-90 døgn, altså ca. ein månad lenger enn det som er vanleg med korn som dekkvekst. Det vil seie at erter høver klart best som dekkvekst på attlegg som skal haustast berre ein gong. Erter som dekkvekst gjev eit svært godt fôr, men ein skal vere merksam på at det finst lite med alternative sprøytemiddel i attlegg med erter (Basagran SG). Dette middelet har avgrensa verknad på fleire av ugrasartane. Ein kan gjerne blande inn litt korn som ertene kan klive i. Ei anna utfordring er at duer og andre fuglar går på åkeren og plukkar erter etter såing.

Kveite er dei siste åra også brukt som dekkvekst, rett nok i liten grad på våre kantar. Det er tilrådd større mengder pr. dekar enn ved bruk av havre og bygg, sidan kveite har mindre bladverk og kastar mindre skugge ned i grasveksten.

 

SÅTID

Ved bruk av dekkvekst gir tidleg vårsåing oftast best resultat. Ein kan hauste attlegget tidlegare, og plantane får god tid til å førebu seg på vinteren. Ved tidleg såing av attlegg, rundt 1. mai, vil det oftast bli to slåttar på attlegg, både om det blir sådd dekkvekst eller ikkje. Brukar ein korn som dekkvekst bør attlegget ofte slåast ca. 2 månader etter såing, dvs. rundt skyting av kornet.

Når ein ikkje nyttar dekkvekst står ein friare i val av såtid. Ved tidleg vårsåing er det meir råme i jorda og betre spireforhold. Ein unngår lettare verknaden av forsommartørken. Engvekstane gir ofte låg avling i attleggsåret. Eit alternativ er å så attlegget i juli, etter førsteslått i juni. Ein fordel med såing i juli eller august er at det er færre eittårige ugrasartar som spirer på denne tida. Ein unngår også å køyre i attlegget, sidan det ikkje skal haustast i såingsåret. Vi har derimot sett at attlegg sådde i juli kjem så langt om hausten at det blir aktuelt med slått eller ei lett avbeiting.

I gode somrar på tidlege stader har vi opplevd at ein kan rekke to slåttar, inkludert brakking etter 2. slått, og haustgjenlegg i slutten av august. Vi har lært at på Vestlandet bør timotei såast seinast 20. august. Med åra har vekstsesongen auka noko, og mange blir freista til å så attlegg ein god del seinare enn dette. Resultata kan bli bra, men vi har sett mislukka døme på seint sådde haustattlegg. Kløver toler haustsåing dårleg.

 

SÅMÅTAR - DEKKVEKSTEN

 

Det er gjort forholdsvis få undersøkingar når det gjeld verknaden av såmåtar. I attleggsåret gav radsåing av dekkveksten betre resultat enn breisåing og nedmolding med ugrasharv. I engåra var skilnaden mellom såmåtane liten. Verknaden av ulike radavstandar var usikker.

 

SÅMÅTAR - ENGVEKSTFRØET

Radsåing med nedmolding gir betre spirevilkår for engvekstfrøet, og eit betre attlegg enn breisåing. Fordelane ved nedmolding er størst under tørre forhold. I ein forsøksserie gav breisåing, under gode spireforhold, lågare førekomst av tunrapp i engåra, enn radsåing. Under dårlege spireforhold var utslaget motsett. Det var ein tendens til at kryssåing med stor såmengde gav lågare førekomst av tunrapp, enn vanleg radsåing.

 

SÅDJUPNE - ENGVEKSTAR

Forsøk syner at grasfrø ikkje bør såast for djupt. På tung jord er tilrådinga 0,6-1,3 cm, på lett jord 1,3-2,5 cm. Artar med store frø toler djup såing best. Timotei må ikkje såast djupare enn 1 cm, helst noko grunnare. For å unngå at frøet kjem for djupt er det aktuelt å tromle også før såing. Dette er gjort i praksis med godt resultat. Dette er mest aktuelt på laus jord.

 

SÅMENGDE - DEKKVEKST

Stor såmengde av dekkveksten har i forsøk ført til nedsett avling i engåra. Dette må tolkast som resultat av sterkare konkurranse om vatn, næringsstoff og lys. Vi tilrår rundt 5 kg pr. dekar med bygg eller havre som dekkvekst. Tilrådd såmengde med erter er opp mot 15 kg pr. dekar, og kveite 12-15 kg pr. dekar. Med desse såmengdene blir såfrøkostnaden betydeleg.

 

SÅMENGDE - ENGVEKSTAR

Jamt over har auka såmengder ført til auka avlingar i dei første engåra. Tynn såing gir normalt lågare avling i første engår, særleg under dårlege spireforhold. Det er også vist at for store såmengder kan gi lågare avlingar i dei første engåra. Dette kjem av innbyrdes konkurranse som svekkar plantane.
Bruk av ulike metodar i attleggsåret gir normalt størst utslag i første engår. Når enga blir eldre blir skilnader oftast viska bort.
Under gode spireforhold kan såmengder på 2 kg vere tilstrekkeleg. Under dårlege spireforhold kan ein få meiravling i første engår for større såmengder, opptil 4,5 kg. Ved breisåing bør ein normalt nytte større såmengde enn ved radsåing. Ved djup såing bør det nyttast større såmengde enn ved grunn såing. Det er sjeldan aktuelt i praksis å bruke mindre enn 3 kg engfrø pr. dekar.

 

NITROGENGJØDSLING I ATTLEGGET

Det er ofte vanskeleg å vurdere nitrogengjødselstyrken i attlegg. Det blir ofte brukt mykje husdyrgjødsel. Denne kan vere pløgd ned etter lang tid på overflata, eller den kan blir harva ned umiddelbart etter spreiing. Difor kan verknaden av husdyrgjødsla vere både god og dårleg. Dette får konsekvensar for mengda med mineralgjødsel som trengst i attleggsåret.
Vi tilrår 10-14 kg nitrogen pr. dekar til eit vårgjenlegg. Tidspunkt for bruk av mineralgjødsel er normalt rundt tidspunktet for sprøyting mot frøugras, dvs. om lag ein månad etter såing. Somme gjødslar attlegget med mineralgjødsel ved såing. Dette er eit praktisk godt tidspunkt når ein likevel arbeider på åkeren. Vi har ikkje grunnlag for å vurdere kva for tidspunkt av desse to som er best til gjødsling av attlegg. Mengda og verknaden av husdyrgjødsla har også innverknad på når mineralgjødsla bør ut. Til haustgjenlegg i august bør det vere nok med berre husdyrgjødsel.
Det viktig at gjødslinga ikkje er for sterk ved bruk av dekkvekst. Det kan gje legde som kan vere skadeleg for enga dersom slåtten blir for sein under vanskelege tilhøve.

 

KJEMISK UGRASKAMP

I konvensjonell drift tilrår vi nesten alltid sprøyting mot frøugras i attleggsåret. I mange tilfelle kan det sjå unødvendig ut, men erfaring viser at det nesten alltid kjem meir ugras enn det kan sjå ut til. Ugraskamp i attlegget kan også spare oss for sprøyting og andre tiltak i engåra etterpå. Dette kan t.d. vere ein større kamp mot høymole eller det kan vere behov for reparasjon med isåing etter at vassarven har øydelagt bøter i attlegget. Vi går ikkje inn på val av kjemiske middel her, men ta kontakt med ein rådgjevar for diskusjon om val av middel! Dominerande ugras, kløver eller ikkje kløver i frøblandinga m.m. er avgjerande for val av middel.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.