Dekk og diesel - korleis køyre rett?

09.11.2020 (Oppdatert: 10.11.2020) Åsmund Kristensen, Gunstein Dyrdal

Landbruket har førebels som einaste næring frivilleg inngått avtale med regjeringa om kutt i utslepp av klimagassar, tilsvarande 5 millionar CO2-eq. Bruken av maskiner som forbrenn fossilt brennstoff er stor i landbruket, og maskinparken er dermed sentral i arbeidet for å nå kuttet i utslepp av klimagassar. Spørsmålet er då, korleis kan utvikling og bruken av landbruksmaskiner bidra her?

For å redusere utsleppet av klimagassar frå norsk landbruk, er det nok mange som automatisk tenkjer på bruken av maskiner som ikkje brukar fossilt brennstoff, til dømes traktorar med elektronisk drift. Sjølv om arbeidet her går stadig framover, med utvikling av til dømes roboten Torvald på Ås, er det nok ei god stund til kapasiteten til slikt utstyr er bra nok og tilgjengeleg for den vanlege bonden på Vestlandet. Vestlandsbonden må nok i første omgang fokusere på å bruke eksisterande maskinpark smartare. Dette kan også redusere bruken av fossilt drivstoff, og dermed spare både klimaet og lommeboka.

Når ein pratar om smartare køyring, kjem sjølvsagt også bruk av ny teknologi inn, altså det vi i dag kallar presisjonslandbruk. Døme på dette er sporfølgar, autostyring, seksjonskontroll og så vidare. Med redusert overlapping og generelt smartare køyring, vil dette redusere forbruket av både drivstoff og driftsmiddel som mineralgjødsel og ugrasmiddel. Ein ny tanke som kanskje også blir aktuell i framtida, er bruken av drone. Sjølv om bruken også her er avgrensa av batteriteknologien, er drone eit fint verktøy til overvaking av til dømes beiteområde. Kanskje blir det med tida aktuelt med bruk av drone ved ugrassprøyting.

For å utnytte maskinparken betre, og bidra til smartare køyring, har fleire produsentar lansert digitale verktøy for å hjelpe bonden med kartlegging av køyringa. Her blir køyremønster og drivstoffbruk kartlagt, slik at ein kan sjå utgiftene på dei einskilde skifta og vurdere lønsemda av dei. Slik kartlegging ved hjelp av ein «svart boks» i traktoren, kjem det til å bli meir av i framtida, slik at ein får kontroll over nytte og kostnader ein har på ein traktor. Her er det stort sett ingen problem med dekning, då det ikkje krevst like nøyaktig posisjonering som ved bruk av til dømes autostyring. Eit interessant funn frå slike undersøkingar, er at opp mot 25 % av tida traktoren går, er på tomgang. Sjølv om forbruket av drivstoff er mindre på tomgang enn ved køyring, utgjer tida på tomgang 7-10 % av drivstoffbruken.

I tillegg til smart køyring, er det viktig med rett bruk av gir. Høgare gir gjer lågare turtal, mindre drivstoffbruk og dermed lågare utslepp av klimagassar. Arbeidspunktet til ein traktor er mellom 1500 til 1900 omdreiingar i minuttet. Held ein seg innanfor dette området vil ein spare drivstoff i forhold til om ein ligg på over 2000 omdreiingar i minuttet. Ved bruk av kraftuttak kan turtalet gjerne ligge rundt 1600-1700 omdreiingar i minuttet. Vidare vil korrekt dekktrykk til den arbeidsoperasjonen ein skal utføre, vere viktig for å redusere bruken av drivstoff. Ein kan i enkelte tilfelle spare opp til 10-15 % drivstoff i forhold til feil dekktrykk. Døme på dette er bruk av høgt dekktrykk ved køyring på veg, og bruk av lågt dekktrykk ved køyring på jordet, slik at trykket frå dekka fordeler seg mest mogleg ut over jorda, og dekket ikkje grev seg ned i jordprofilen. Då unngår ein at traktoren, enkelt sagt, må køyre litt i motbakke heile tida.

Det er sagt at landbruket skal følge transportbransjen sine vegkart for reduksjon av fossile utslepp, med ein reduksjon på 50 % innan 2030, og 100 % innan 2050. Her vil bruken av biodrivstoff spele ei viktig rolle då batteriteknologien som blir nytta, til dømes i elektriske bilar, ikkje er klar enno til å møte det tunge arbeidet som krevst av ein traktor. Dei aller fleste traktorar kan nytte biodrivstoff, og kvaliteten på drivstoffet har forbetra seg kraftig i forhold til det som var først tilgjengeleg. Prisen er sjølvsagt ein faktor her, og den er rundt 50 % høgare enn vanleg drivstoff. Så skal biodrivstoff bli vanleg hjå vestlandsbonden, må det støtteordningar til for å redusere prisen.

Følg også med på podcast frå NLR Vest. I episode to får vi ein lengre gjennomgang om dekk og diesel i landbruket, av rådgjevar i presisjonslandbruk, Gunstein Dyrdal. Episodane finn du her, på acast, samt på Spotify og Itunes (fungerer ikkje i internet explorer, så du må bruke ein annan nettlesar, for eksempel Edge eller Chrome).



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.