Bruk verneutstyr ved sprøyting, og bruk det rett!

21.05.2019 (Oppdatert: 21.05.2019) Kolbjørn Taklo

Blanding og bruk av plantevernmiddel utgjer alltid ein helserisiko, særleg er det grunn til å vere merksam på moglege langtidskadar. Les etiketten nøye, og bruk det verneutstyret som er tilrådd!

«Betre føre var enn etter snar», er eit gammalt ordtak, og etter snar vil alltid vere for seint. Mange skal no til med sprøyting i attlegg og eng, mot løvetann, høymole, meldestokk, og kanskje brakking etter 1.slått. Ofte er det snakk om «litt flekksprøyting» med ryggsprøyte, og då er det vel ikkje så nøye med verneutstyr? Eg har jo tett hytte på traktoren, treng ikkje maske då vel?

Det er all grunn til å verne seg når ein skal sprøyte, uansett kor lite det er. Lag deg faste rutinar for arbeid med plantevernmiddel, og følg dei. Ha fast blandingsplass, lås inn midla, også i sesongen. Ta på deg verneutstyr før blanding, pass på at verneklede ikkje blir hengde i lag med vanlege klede. Ha gjerne eit eige skåp til dei. Vask dei separat, dersom du skal bruke dei fleire gongar.

På etiketten og sikkerheitsdatabladet står faresignal og risikosetningar, og der står tilrådd verneutstyr. Væsketett kjeldedress med hette, kjemikaliehanskar og støvlar bør vere standardutrusting ved sprøyting, anten det er lite eller mykje. Pass på å ha kjeledressen utapå støvlane, og bruk hanskar med lange mansjettar. Maske må brukast etter det som står på etiketten. Ved tåkesprøyting må det alltid nyttast heilmaske. Pass og på at du har nye filter ved sesongstart, og at du har rette filter på maska.

Ved bruk av traktor med tett hytte, vil det over tid samle seg plantevernmiddelrestar i luftinntak til hytta. I desse inntaka er der pollenfilter, nokre har og kolfilter. Desse må skiftast etter ei tid. Hugs eige vern når du skiftar filtra. Dersom der er kome plantevernmiddel inn i traktoren, så vask med lunka såpevatn med ein gong.

Hysterisk? Nei, berre føre var for skader som kan oppstå over svært lang tid. Lukke til med sprøytinga, og hugs plantevernjournalen. Har du spørsmål om sikkerheitsdatablad og verneustyr, ta kontakt med HMS-rådgjevar i NLR Vest.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.