Strandsvingel og andre bladgras mot hjortebeiting

21.08.2020 (Oppdatert: 21.08.2020) Arve Arstein

Magne Norddal i Fjaler opplever svært høgt beitepress frå hjort. Kostnaden i form av tapt avling er svært høg. Auka uttak av dyr og bruk at engfrøblandingar dominert av bladgras er tiltak som Magne håpar vil betre situasjonen.

Norddalen 12. august i år: Ove Sørestrand, NLR Vest (t.v.) og Magne Norddal i fin eng dominert av bladgras.

Mjølkeproduksjon i Norddalen

Magne Norddal driv med mjølkeproduksjon med ca. 35 årskyr i Norddalen i Fjaler kommune. Gardstunet ligg på 350 m.o.h. og engarealet er 160 dekar. Sjølv om Magne driv areala svært intensivt og godt, lyt det leigeareal til for å ha nok grovfôr. Dette er areal til dels langt vekke, så eige areal i Norddalen der det vert nytta husdyrgjødsel, og transportavstandane er korte, bør normalt kunne gi det klart billegaste grovfôret. Stor beiteskade av hjort har i mange år vore ei stor utfordring m.o.t. avlingsmengde. Denne ekstrakostnaden kan Magne ikkje akseptere.

Veldokumentert beiteskade

Sidan sommaren 2017 har NLR Vest registrert avlingsnivå i eng med og utan beiteskade i Norddalen. "Hjortebur" på 9 m2 vart sett opp på tre ulike skifte på garden. Avling er registrert på begge slåttane i fire år. Vi vil presentere samla resultat frå avlingsregistreringane seinare i haust.

Auka uttak av hjort

Det mest aktuelle tiltaket er å auke uttaket av hjort i jaktfeltet. Dette er eit tiltak som valdet sjølve kan ta tak i. Dette er gjort og dei siste åra er det tildelt og skote meir dyr enn nokon gong før. Berre på dei 2-3 siste åra har jaktfeltet fått ein auke frå 20 til 35 dyr. Fellingsprosenten ligg stabilt på 100 %.

Endra grasblandingar

Beiteblanding med 50 % timotei har vore den mest brukte frøblandinga i Norddalen i mange år. Dette har endra seg i det siste. No nyttar Magne frøblandingar med mange grasartar, og mengde timotei er mykje mindre enn før. I dette arbeidet har forskingsresultat frå prosjekt ved Nibio Fureneset vore til stor inspirasjon. Nye artar i blandingane er bladfaks (strågras), strandsvingel og andre bladgrasartar. Ved synfaring i Norddalen 12. august i år fekk vi sjå at tilslaget av "nye" grasartar var godt.

Erfaringar

Magne registrerer at beitepresset av hjort er klart størst på areal med mykje timotei. Dette var lett å sjå under synfaringa. Biletet viser eng dominert av bladgras, men på andre sida av driftsvegen kunne vi sjå hardt beita eng sådd med beitefrøblanding (50 % timotei). Etter kvart som slåtten gjekk mot slutten og det minka på eng med ein god del timotei, trekte hjorten over på skiftet vi ser på biletet. Då vart dette skiftet hausta, sjølv om det ideelt sett skulle stått på rot i enno ei tid.

Ein del av bladgrasa i blandingane Magne har sådd siste åra er mindre vinterherdige enn ei tradisjonell beiteblanding med timotei, engsvingel og engrapp. Mange artar gjer likevel risikoen for vinterutgang liten. Bladfaks, strandsvingel, engsvingel og engrapp vil syte for at enga til Magne vil tole ein vinter med langvarig snødekke.

Meir fagstoff om temaet:



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.