Bekjemping av frøugras i attlegg

18.06.2020 (Oppdatert: 18.06.2020) Dag-Arne Eide

Våren kom til svært ulike tider i år. Det blei sådd attlegg svært tidleg somme stader, så blei det kjøleg og vått i mai. Det gjorde til at ein god del attlegg blei sådde i slutten av mai, og over i juni. Tidspunkt for sprøyting mot frøugras nærmar seg for dei første.

Kløver skal ha fått varige blad ved sprøyting. Først kjem to frøblad, så spadebladet, det store bladet i framkant, som liknar ein spade. Deretter kjem dei varige blada.

Normalt går det om lag ein månad frå såing til det stadiet gras og kløver toler sprøytinga. Kløver skal ha fått varige blad. Samstundes må det sjølvsagt vere ugras tilstades før ein kan sprøyte. Nesten alltid vil det kome meir ugras enn det kan sjå ut til på eit tidleg stadium. Såleis er vi freista til å seie at å sprøyte eit attlegg mot frøugras er obligatorisk i konvensjonell drift. Når ein har lagt ned tid og pengar i eit attlegg, så er det dumt ikkje å fullføre jobben ved å bekjempe ugraset. Spesielt kan vassarve gjere stor skade. I attlegg med kløver har vi no i praksis berre lågdosemiddel igjen. Alle desse skal blandast med 50 ml MCPA pr. dekar. Basagran M75 er utgått, men det let seg gjere å blande Basagran SG med MCPA. Dette er ei dyr løysing. 0,75 gram Express SX + 50 ml MCPA er i dag den klart mest brukte blandinga mot frøugras i attlegg med kløver. Svært rimeleg løysing. Express SX er spesielt god mot vassarve og fleire andre frøugras. Det er viktig at ein ikkje overdoserer med Express. Dette midlet kan skade gras og kløver. I praksis er det gjort gode erfaringar med ein litt redusert dose med Express. I attlegg utan kløver har vi andre alternative middel, og kombinasjonar av middel, mot frøugras. Også her er Express eit sentralt middel. Det er og råd å blande Express, Gratil og MCPA. Ver varsam, unngå overdosering!

 

Sjå verknadstabellen her

 

Hugs plantevernjournal! Den finn du her



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.