Avstandskrav for plantevernmiddel til vatn

14.07.2017 (Oppdatert: 14.07.2017) ,  Rune Vereide

Den nye plantevernforskrifta som kom i juni 2015 legg stor vekt på å unngå ureining av vatn. Plantevernmiddel har eit generelt avstandskrav på 3 meter dersom ikkje anna er oppgitt på etiketten. Mange plantevernmiddel har strengare krav, og fleire preparat brukt i frukthagane har krav om 30 m minsteavstand til ope vatn. Det betyr at ein open bekk som renn gjennom frukthagen kan bandlegge ei breidde på 60 meter for enkelte plantevernmiddel, t.d. for Delan og Steward.

Roundup har ikkje oppgitt minsteavstand til vatn på etiketten. Likevel gjeld ein minsteavstand på 3 meter og ein kan difor ikkje sprøyte heilt i vasskanten slik det er gjort her.

I den nye Plantevernjournalen ("sprøytedagboka") er det spørsmål om ein har følgt avstandskrava på etikettane og om ein har vurdert kva sprøyteteknikk som gjev minst mogleg fare for avdrift til vatn. Vurder korleis du kan redusere avdrift til vatn i din eigen hage og noter litt om slike tiltak i plantevernjournalen.

I Danmark og Sverige har ein fått godkjent reduserte avstandskrav til vatn ved å innføre sprøytepraksis som gjev redusert avdrift under sprøyting. NLR har starta eit samarbeid med Norges Bondelag m. fl. for å kunne få tilsvarande ordningar med Mattilsynet her i landet. Dette vil m.a. gå på sprøytepraksis som gjev redusert avdrift ved bruk av tåkesprøyter; dette kan vere å bruke sprøyter med konstruksjonar som gjev mindre avdrift, bruk av lågavdriftsdyser, redusere luftmengde og - hastigheit, sprøyte rader som ligg nærmast inn til ope vatn kun i retning frå vatn osv. Inntil vidare er det heilt formelt avstandskrava som er oppgitt på etikettane som gjeld…

 

Sjå avstandskrava til ope vatn for plantevernmidlar i DENNE oversikta som er laga av NIBIO.