Artsrik beitemark (naturbeitemark, hagemark, strandeng)

31.07.2017 (Oppdatert: 07.08.2017) ,  Gunnlaug Røthe

Artsrik beitemark er areal som har vore beita kontinuerleg over lang tid, i fleire generasjonar. Området har vore lite eller ikkje gjødsla sprøyta eller jordarbeidd. Beitemarkene kan vera open naturbeitemark utan tre, dei kan vera tresette hagemarker eller det kan vera ei strandeng med gras−dominerte flater.

Beitemark-soppar er gode indikatorar for ugjødsla artsrike beiteområde som har vore beita i lang tid.

Artsrik beitemark er viktige leveområde for ei rekkje sjeldne og truga karplantar, sopp og insekt. Av meir enn 160 beitemarksoppar i Noreg er 100 artar rekna som truga eller sårbare. I Hordaland er det særleg kommunane Bømlo, Kvinnherad, Stord og Tysnes som har mange raudliste− og trua artar av beitemarksopp.

Større område kan òg vera viktige for fuglar som storspove og vipe. Tradisjonell beitemark i god stand har vorte stadig sjeldnare dei siste åra.

Les heile faktaarket