Alternativ til glyfosat ved brakking av eng

29.04.2020 (Oppdatert: 29.04.2020) Olav Martin Synnes

Glyfosat verka raskare og sterkare mot grasartar enn dei andre grasherbicida ved sein haustsprøyting i eng. Fokus Ultra kan ha tilfredsstillande verknad mot strandrøyr.

I EU drøftar ein framtida for glyfosat. Om det skulle bli forbod eller innsnevra bruk av dette ugrasmiddelet, vil det krevje omstillingar i landbruket. Finst det andre ugrasmiddel som kan vere alternativ til glyfosat? Dette blir undersøkt i eit forsøksfelt som vart lagt ut hos Blindheim samdrift på Vigra hausten 2018. Prosjekteigar er NIBIO.

Veret veka før og veka etter sprøyting var uvanleg vått. Det var stort sett mildt, utan nattefrost. Det var tørre plantar ved sprøyting, og det gjekk 12 timar mellom sprøyting og første regnbye. Verknaden ved siste gradering i november er vist i tabell 1.

Tabell 1. Verknad av fire ulike herbicid mot grasartar ved brakking av eng seint om hausten. Forsøket har 5 ledd og 4 gjentak. Sprøyting vart gjort 1. oktober 2018. Registrering av verknad vart gjort 22. november 2018 og 6. mai 2019.

Kjemisk stoff

Preparat

 

Mengde preparat

per dekar

Daude plantar, %

Levande

strandrøyr, %

Daude plantar, %

Levande

strandrøyr, %

 

 

 

2018

2018

2019

2019

Usprøyta

-

-

0

100

0

100

glyfosat

Glypper

350 ml

95

0

99

0

propakvizafop

Agil 100 EC

150 ml

53

28

18

5

sykloksydim

Focus Ultra

600 ml

74

15

53

0

kletodim

Select

100 ml

55

30

19

8

Signifikans

 

 

S

S

 

 

Resultat

Glyfosat hadde raskare og sterkare verknad mot grasartar enn dei andre midla. Fokus Ultra hadde raskare og betre verknad enn Agil og Select. Fokus Ultra hadde tilfredsstillande verknad mot strandrøyr, men ikkje mot dei andre grasartane. Berre glyfosat er effektivt nok mot raudsvingel.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.