Ally i grasmark

19.06.2017 (Oppdatert: 19.06.2017) ,  Dag-Arne Eide

Ally har vore godkjent til bruk mot høymole i grasmark i mange år. (Off-label). Midlet verkar også godt på fleire andre ugras.

Først var det i tablettform (Ally 50 ST), no i granulat (Ally SX). For at du "lovleg" kan bruke Ally i grasmark, må du underskrive ei ansvarserklæring, og få utdelt ein etikett som syner dosering av midlet i grasmark. Dei som har gjort dette ein gong kan bruke Ally så lenge det er godkjent. Det er viktig at du skaffar deg ein ny etikett for bruk av granulat dersom du berre har den gamle som gjeld dosering med tablettar.

Sidan granulatforma kom, har det vore to ulike etikettar i omløp. I den første var det ein feil. Ta kontakt med ein av rådgjevarane om du er i tvil, så kan du få ein ny etikett.

Ally SX er førebels godkjent ut 2017.