Kan ei betre forvaltning minske HJORTESKADE?

24.06.2011 (Oppdatert: 14.03.2017) , Mari Aker

Eit verktøy for å objektivt vurdere avlingstap på eng er snart klart til bruk, noko som kan brukast både for å få betre forvaltning og eventuelt som grunnlag for kompensasjon til dei med mest skade. Gardbrukarane må vere aktive ved utarbeiding av bestandsplanar. Ved skade i granskog kan kortare omløpstid vere aktuelt. Les diskusjon frå markdag i Voss.

Biletet syner skog i Raundalen i hogsklasse IV som er fullstendig ringbarka av skog. Foto: Anbjørg Nornes.


 

Kan ei betre forvaltning minske HJORTESKADE?

Dette var spørsmålet då i underkant av 30 bønder, grunneigarar,  jegerar, forskarar og  tilsette i hjorteforvaltninga møttest til markdag på Dyrvedalen laurdag 21. mai.

Landbruksrådgivinga har i år forsøk der det er sett ut byggplassgjerde for å hindre hjortebeiting. Avlingsmengda innanfor og utanfor gjerdet skal samanliknast. Pål Thorvaldsen frå Bioforsk innleia dagen på forsøksfeltet med å fortelle om takseringa av skade og om verktøyet som kjem for å berekna avlingstapet på eng med hjorteskade. Tidlegare har ein reist på synfaring for å gje ei vurdering av graden av hjortebeiting og det har ikkje vore nokon referanse slik at ein kan samanlikne graden av beiting frå stad til stad.

 

Dette verktøyet kan brukast for å få ei objektiv vurdering av hjorteskade. Ein føljer grasveksten frå starten om våren til fyrste slått gjennom 3 registreringar. Resultatet kjem i form av ein sum som skal tilsvara hjorteskaden.

 

Kor lang bør jaktsesongen vere?

Nokre bønder var raskt frampå og meinte at løysinga er å få ned bestanden raskt blant anna ved å forlenge jaktsesongen til vinter og vår også. Anbjørg Nornes frå Voss kommune meiner at ein kan redusera hjortestamma og at kommunal forvaltning ikkje skal stå i vegen for dette, men at det må skje etter ei god forvaltning; prinsipp om human jakt og ta ut dei rette dyra. Nornes fortalde at Voss hadde sendt innspel til Direktoratet for naturforvaltning om å starte jaktsesongen tidlegare enn 10. september, men at dei til no hadde fått signal om at den i første rekke vert forlenga til ut i desember. Nornes understreka at der ein har fått vald som dekker heile ‘forvaltningsområde’ er det grunneigarane som sjølv lagar bestandsplanar og bestemmer uttaket av dyr. I utgangspunktet er det eit minsteareal per hjort på 1 000 daa i Voss kommune, men ho sa det var fullt mogleg å søkje om mindre areal dersom hjortestammen er stor og ein har problem med skade. I området der markdagen vart arrangert seier Nornes at minstearealet er ca 500 daa.

 

Koreleis gje kompensasjon til dei som har stor skade?

Alf Erik Røyrvik frå Sogn og Fjordane skogeigarlag/Vestskog tok opp tråden og foreslo forskjellige framgangsmåtar jaktfelt og storvald kan nytte slik at bønder som slit med stor hjorteskade kan få kompensasjon. Ein måte er å fordele løyva etter både areal og skadepress no som ein etter kvart får ein objektiv metode for å berekne beiteskade. Ein annan måte er å auke fellingsavgifta per hjort slik at bønder kan søkje om midlar til å førebyggje eller dekke skade. Røyrvik meinte også at storvalda i større grad kunne selje jaktløyve for så å kunne bruke potten til tiltak innan hjorteskade. Røyrvik vart utfordra til å skrive litt om desse forskjellige tiltaka i bladet Vestskog; følg med!

Mange av dei frammøtte var aktive under møtet og kom med innspel. Røyrvik fekk spørsmål om kor mykje ein måtte auke i tal løyver for å redusera hjortebestanden. Svaret var at ein måtte “ta litt i” for å klare akkurat dette. Tal hjort ein ser på teljing og elles er berre ein del av stammen. I dei fleste av områda våre aukar hjortestammen fortsatt. Berre for å stoppe veksten meinte han ein kan auke uttaket med 30 %. Ein av dei frammøtte som presenterte seg som jegar meiner at for få aktive bønder engasjerer seg i hjorteforvaltninga. Dersom skade skal vere eit av kriteria for bestandsplaner og tildeling må aktive bønder møte opp der desse planane vert laga og vedteke.

 

Hjorten beiter på gran

Det er ikkje berre enga som får hjorteskade. Per Eivind Rekve frå Vestskog orienterte om at gran var det “siste” treslaget hjorten beiter på, men også her gjer hjorten no stor skade. Grantreet er svært sårbar for skade. Det er ikkje berre plantefelt som vert beita, men óg borken på vaksne tre. Rekve seier det går sopp i alle sår. Dersom ein hjort har gnege eit sår på ein ½ m2 vil soppen spreie seg to meter oppover frå øvste sårkant på dei fyrste 10 åra etter skaden oppsto. Vidare vil den spreie seg to meter til på dei neste 15 åra. Eit fire gonger så stort sår gir dobla spreiingshastigheit. Sår med utbreiing horisontalt (rundt stamma) gir verre skader enn dei vertikale.

 

Kva skal ein gjere med eit skada plantefelt?

Rekve delte ut eit notat med føljande oversikt over tiltak ein kan gjere ved ulik skade.

Situasjon

Tiltak

Eldre skade – stort skadeomfang

Ordinær omløpstid minus 10 år

Eldre skade – lite skadeomgang

Ordinær omløpstid

Eldre skog – ny skade

Hogst

Ung skog – ny skade

Ordinær omløpstid minus 10 år

Stort skadeomfang – stor horisontal utbreiing

Hogst før brot i skadd område

Høge driftskostnader

+ 10 år relatert til ovanståande

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.