Tid for lyngbrenning

25.03.2011 (Oppdatert: 11.12.2018) Øyvind Vatshelle

Det har vore nokre korte periodar med gode tilhøve for lyngbrenning så langt denne vinteren. Det kan framleis komme ny opptørking og nye sjansar til brenning før ’fristen’ 15. april. Les praktiske tips for brenninga!

 

Førre veke blei det halde lyngbrenningskurs i Fitjarøyane. Tilhøva var nokså gode etter nokre dagar med kraftig vind som tørka opp vegetasjonen. Mange som deltok på kurset blei overraske over kor enkelt det var å planlegge brenninga ut frå terrenget, slik at elden stoppa av seg sjølv. Her var mange gode tips å hente.

 

Dei ti råda for lyngbrenning

  1. Brenn alltid om vinteren
  2. Gi alltid beskjed til brannvesenet
  3. Informer alltid alle grunneigarane
  4. Planlegg alltid brannen på førehand
  5. Brenn aldri aleine
  6. Brenn aldri i sterk vind
  7. Ha alltid brukbart slokkingsutstyr
  8. Ikkje bruk klede som lett tek fyr
  9. Forlat aldri ei rykande brannflate
  10. Ikkje mist hovudet

Les meir:
  > Praktiske tips for lyngbrenning
  > Fitjarøyane er referanseområde for lynghei
  > NM i lyngbrenning 2011
  > Mykje sviing på Haugalandet



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.