Parkslirekne – ’bambus’ i hagen

25.03.2011 (Oppdatert: 14.03.2017) , Øyvind Vatshelle

Einskilde plassar veks den høge bambusliknande planten parkslirekne i små koloniar. Ein bør hindre vidare spreiing av planten. Sprøyting med Starane 180 eller Roundup er dei beste tiltaka.

 

Eit lokalt namn på den 2 meter høge planta skal vere 'Fandens spaserstokk'. Etter innføring som hageplante for 150 år sidan har han spreidd seg meir dei seinare åra. Parkslirekne spreiar seg lett med kantklipping langs vegane, og kan ta totalt overhand på areal som ikkje er i bruk. Bilete frå Radøy.

 

Lettast å bli kvitt med sprøyting

Starane 180 har god verknad på eit tidleg stadium når planten er i strekkingsvekst. Doseringa bør vere den same som for bringebær og lauvkratt, opp mot 400-450 ml/daa. Ein kan gjerne sprøyte i mai og følgje opp med sprøyting på nye skot utover sommaren. Starane 180 må ikkje forvekslast med Starane XL, som har dårlegare verknad.

Brakking med Glyfosat/Roundup er like aktuelt. Ein bør truleg bruke høgste tillate dose, opp mot 800 ml/daa. Sprøyting med Roundup er aktuelt heile vekstsesongen. Verknaden kan vere nok betre om hausten, men då bør ein ha kutta planten tidlegare slik at det er mykje bladmasse å sprøyte på. Sprøyting kan generelt gjerne kombinerast med kutting.

 

Djuptgåande rotsystem

Ein kan prøve å utarme parkslirekne berre med gjentatt slått. Det blir då tilrådd slått 1-2 gongar kvar månad i vekstsesongen. Ein bør kutte så lågt nedtil bakken som mogleg. Sjølv små stengelbitar kan lage nye planter, planterestane  bør difor brennast. Geiter kan òg beite ned planten.

 

Ikkje gjort i ein eingong

Både sprøyting og slått bør følgjast opp i minst 3 år for å utarme det kraftige rotsystemet og hindre ny oppblomstring. Ein bør unngå å grave i og å flytte jord med rotbitar.

 

Les meir om parkslirekne og bekjemping langs veger

Kjelder: FAGUS Rådgivning, Statens Vegvesen, Bioforsk og
Grete Mari Sand, Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.