Skjøtselsplan for slåtte- og lauvengene på Ulvund

14.01.2011 (Oppdatert: 11.12.2018) Øyvind Vatshelle

Grenda Ulvund i ytterkanten av Myrkdalen i Voss har no fått eige skjøtselsplan for dei artsrike slåttemarkane med styvingstre. Grunneigarane i det bratte og særprega landskapet har inngått tiårige skjøtselsavtalar med Fylkesmannen. (Foto: Kirsti Dukstad)

 

I skjøtselsplanen kan ein lese meir om den tradisjonelle drifta på Ulvund, råd ved skogrydding, råd for å ta vare på artsrik natureng, råd for styving av tre, arbeidsomfang og om dei konkrete planane i grenda.

 

Ulvund har store areal med tradisjonell slåttemark og svært mange styvingstre i god hevd. Gamle slåttemarker og lauvenger er ofte svært artsrike. Skjøtselsplanen omtalar korleis arbeidet kan gjerast for å ta vare på desse verdiane. Planen er skrive av Ellen Svalheim, Bioforsk og Øyvind Vatshelle, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland i samarbeid med grunneigarane.

 

Gamal artsrik slåttemark har oftast blitt dyrka opp, er omgjort til beite eller er utan bruk og har grodd att. Vegetasjonstypen er sterkt trua både i Noreg og elles i Europa. Dei små restane vi har igjen av gamal slåttemark er viktig å ta vare på og blir no prioritert. Med handlingsplanen for slåttemark som kom i 2009 er det sett av pengar så gardbrukarane får betalt for halde fram med tradisjonell drift. Organiseringa blir gjort gjennom Arvesølvprosjektet der ein har tett kontakt mellom grunneigarane landbruksforvaltning,  miljøforvaltinga og fagmiljø. I desember 2010 blei det inngått tiårige skjøtselsavtalar med alle grunneigarane på Ulvund. 

 

I skjøtselsplanen blir det tilrådd drift nær opptil den tradisjonelle drifta med vårbeiting til slutten av mai, ein sein slått og haustbeite med høgt nok beitetrykk. På artsrike område bør flest mogleg av planteartane rekke å blomstre og setje frø før slåtten tar til. Slåtten bør gjerne vere etter 10. juli. Graset bør tørkast på bakken eller i hesje så plantane får slept frøa på staden.

 

På Ulvund er det mål om å auke areal med artsrik eng og å styve enda fleire tre enn i dag. Ei slik auking av arbeidsmengda er berre mogleg med god og føreseieleg økonomi. Direktoratet for naturforvalting har difor sett av pengar til skjøtsel. Prioriterte areal kan dermed få ekstra tilskotsmidlar frå Fylkesmannen når ein inngår avtale for kva arbeid som skal utførast.

  

LAST NED SKJØTSELSPLANEN 

 

Sjå også:

Handlingsplan for slåttemark

Arvesølvprosjektet

Kulturlandskapsprisen 2010 til Ulvund



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.