Korleis oppstallar ein kalvane ?

14.09.2010 (Oppdatert: 11.12.2018)

I seinare år er reglane for oppstalling av kalv noko endra. Saman med at storfehaldet er i endring i Noreg, motiverer det for å sjå nytt på kalvestellet. Denne artikkelen tar for seg nokre av dei nyare trendane.

 

 I den føresegna om storfehald som kom våren 2004 vart krava til plass til oppstalling av kalvar større og meir detaljerte. Krav til oppstalling i grupper er også etter kvart kome med i reglane. Som vi veit er storfehaldet i Noreg på ei ferd mot større einingar. Her vil ein av og til kunne oppleve at kalvevelferda har vorte salderingspostar i utviklingsprosjekta. I dei største fjøsa kan det vere spesielt aktuelt å vurdere utradisjonelle oppstallingsløysingar til kalvane. Bakgrunnen her er at buskapsstorleiken kan påverke smittesituasjonen mellom dyra negativt, og konsekvensen kan bli for dårleg kalvehelse.

Tradisjonelle  løysingar  i  tradisjonelle  storfebygg 

På våre kantar av landet utgjer båsfjøs av moderat storleik det store talet av kufjøsa. Her er bygga frå 1960-, 1970- og 1980-talet ofte bygde med enkeltboksar som kalveoppstalling. Gruppebingane, gjerne med spaltegolv, er ofte tilpassa dyr som har nådd ungdyralderen.I slike fjøs, kor talet kyr og dermed kalvar gjerne er relativt lågt, finn ein ofte løysing på gruppebinge- kravet til kalvane via enkle tilpassingar av det ein har eller eit mindre tilbygg. Ein får og eit litt anna fôringssystem i gruppebingen. Det kan her vere aktuelt å få tak i utstyr som gjer at kalvane får fôr på eit meir dyrevenleg vis enn frå bøtter. Å tilfredsstille sugetrong på ein naturleg måte er ei anna utfordring. I regelen gir gruppeoppstallinga auka dyrevelferd i høve til enkeltboksane.

Bruk  av  eksisterande  ombygde  rom  til  kalv

 

Hos dei som satsar vidare på storfehaldet via ombyggingar og nybygg vil det i planleggingsfasen vere viktig å få til ei god og planlagt kalveoppstalling. I ein konkret planleggingssituasjon er det også ofte bestemte individuelle løysingar som ligg lagleg til å bruke i det einskilde høvet. Det kan eksempelvis vere eit eksisterande husdyrrom som blir ledig etter eit byggjeprosjekt på garden eller eit tidlegare grisehus eller hønehus som står tomt. Å få til eit bra kalve- og ungdyropplegg i eit slikt rom er oftast overkommeleg både praktisk og økonomisk, og resultata har også vorte gode i mange høve. Også her er det eit potensiale i å få til eit godt fôringsopplegg til gruppe-bingane. Denne oppstallinga i ledige rom gjer ofte og at ein får til relativt enkle løysingar når det gjeld trykkvatn, møkkhandtering osb.

Oppstalling av kalvar ute

 For nokre år sidan vart det og i landet vårt lansert løysingar med oppstalling av kalv rundt prinsippet om at kalvane skulle oppstallast vekk frå husdyrrommet til kyrne og då under tak eller i eigne skur ute. Denne forfattaren har ikkje sett eller planlagt slike anlegg i Hordaland, men ein veit dei er i bruk andre stadar på Vestlandet. Motivasjonen er her å skåne kalvane for eit stort smittepress frå ein stor kubuskap, og få sterke og friske dyr som pustar i rein luft heile året. På internettsida www.holm-laue.de kan ein mellom anna sjå plastiglooar brukte som kalveskur ute. Dette systemet er også tilgjengeleg i Noreg.  For nokre år sidan laga Høgskolen i Nord-Trøndelag eit FOU-prosjekt om dette kor dei såg på tilpassinga til norske reglar og tilhøve. På ein plass på internettet (www.hint.no/dok/oppslag/7456-479-0-art-hansen.pdf) finn ein presentasjonar av dette prosjektet som gir ei grei framstilling med konklusjonar. Desse konklusjonane er i korte trekk at metoden er tilfredsstillande ut frå dei vanlege krava til velferd og tilvekst hos kalvar vi har i landet vårt. Det er også verd å merke seg at dei tekniske løysingane rundt dette prinsippet kan bli noko kostnadskrevjande. I tillegg til fôringsautomatar med frostsikring får ein også eit eige gjødselhandteringsopplegg. Dette gjer mogleg at dette opplegget helst er ei løysing for dei største bruka. Det er likevel og fullt mogleg å modifisere utedrifta slik at den ikkje har med seg all teknikken. Dyra blir då til dømes fôra inne på ein meir konvensjonell måte, og så kan dei gå ut og opphalde seg i ein luftegard med tak når dei vil. Vår organisasjon kunne gjerne tenke seg å arbeide meir med dette spørsmålet om det er interesse for det hos medlemmene.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.