Erstatning etter vinterskade og avlingssvikt

22.05.2010 (Oppdatert: 11.12.2018) Øyvind Vatshelle

Dersom du har fått vinterutgang i enga på grunn av snømugg i år kan du søkje om erstatning. Angrep av stankelbeinlarvar gir ikkje erstatning. Det finst ei ordning for kostnader med fornying no om våren, og ei ordning dersom det blir behov for fôrinnkjøp. Ta kontakt med kommunen snarast.


Erstatningsordningane i landbruket kan dekke delar av økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot gjennom vanleg forsikring.

Erstatning etter vinterskade på eng

Etter vinterskade kan ein søkje erstatning som bidrar til å dekke kostnader med fornyinga. Dersom du har fått vinterskade på enga, må du gi beskjed til kommunen i god tid før fornying, slik at kommunen kan sjå på skadane. Meir enn 20% av grovfôrarealet på driftseininga må vere skadd for å få utbetalt erstatning.

Frist for å kontakte kommunen: før utbetring
Frist for utbetring: 15. juni
Frist for søknad: 15. juli


Satsen for skade er frå i år oppjustert til 330 kr/daa. Ved utbetaling blir eigendel tilsvarande kostnadene med fornying av 20% av totalarealet trekt frå. Til dømes:


Med 100 daa eng total og vinterskade på 60 daa:
  Kostnad: 60 daa x 330 kr/daa = 19.800 kr
- Eigendel: 100 daa x 330 kr/daa x 20% = 6.600 kr
= Erstatning: 13.200 kr


Både overvintringssopp, frost og isbrann kan ha forårsaka skadane. Det er ikkje mogleg å få erstatning dersom skaden skuldast angrep av stankelbeinlarvar, sjølv om dette òg i høgste grad er knytt til klimatiske tilhøve. Denne avgrensinga blei presisert av departementet i desember 2007.




Erstatning for avlingssvikt

Det kan òg vere aktuelt å søke om erstatning for avlingssvikt. Dette er ei ordning som skal gjere det enklare å kjøpe inn ekstra fôr dersom klimatiske tilhøve har gitt lågare avling enn normalt. Det er krav om at ein har prøvd å utbetre skadane etter vinterutgangen. Eigendelen er på 30%.

Frist for å kontakte kommunen: før innhausting - så snart du ser at det kommer til å bli svikt
Frist for søknad: 31. oktober


Ein reknar ut gjennomsnittleg avlingsnivå for bruket ut frå grovfôrbehovet i besetningen siste 3 år. Ved innsett om hausten reknar ein fôrmengd og dermed avling i skadeåret. Dersom kommunen ikkje gjer denne utrekninga, kan landbruksrådgivinga hjelpe, kontakt Bart van Gool: 98 24 58 37 /
bart.van.gool@lr.no Erstatningssummen blir rekna ut frå prisen pr fôreining og med en vekting der dyrka areal gir høgare utteling enn beite.


 

Meir informasjon og søking
Statens Landbruksforvaltning (SLF) oppmodar til å sende elektronisk søknad. Ein kan då logge seg inn på SLF si nettside eller vai Altinn på same måte som ved søknad om produksjonstilskot. Det er også mogleg å sende papirsøknad, sjå søknadsskjema.

> Les meir: Vinterskade i ytre strok
> Les meir: Forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon
> Les meir: Rundskriv frå SLF: kommentarar til forskrifta



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.