Vinterskade på grunn av snømugg i ytre strok

22.05.2010 (Oppdatert: 14.03.2017) , Lise Austrheim

Etter ein snørik vinter med lite tele ser enga dårleg ut mange plasser i ytre strok, både i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Skadane skuldast i hovudsak soppen snømugg. Det har vore størst utgang i gamal raigraseng, i eng med god gjenvekst på hausten og på areal som fekk gylle etter siste slått.

 

Tekst: Lise Austrheim og Øyvind Vatshelle
Norsk Landbruksrådgiving Hordaland

 

Vi har tidlegare skrevet om angrep av myrstankelbeinlarvar, og trudd at disse har vore årsaka til dei daude partia i enga. Det har vist seg å vere for få larvar til at dei har gjort så store skadar som vi ser mange plassar. Då er det heller soppen snømugg (Michrodochium nivale) som er hovudårsaken.

Bøter med daudgras
I vår kunne ein sjå teppe med daudgras i små og store bøter i enga. Då snøen forsvann kunne ein gjerne sjå at daudgraset hadde mugglag med rosa-oransje farge, noko som er typisk kjenneteikn på soppen snømugg. Etter kvart forsvinn fargen, og eit lag med daude, gråkvite, samanklistra blad ligg att. Nokre brukarar har store skadar og mange bøter med utgang. Dei fleste har gjerne berre sett at enga har blitt meir grissen.



Det ligg att eit teppe av daudt tynt gras etter angrep av snømugg. Foto ØV.



Skade etter snømugg kan sjåast som bøter med daudgras i enga eller glissen eng. Foto ØV.


Snørik vinter med lite tele
Langvarig snødekke og lite tele/telefri jord har gitt gode tilhøve for snømugg i år. Soppen veks på gras under snøen, og krev normalt minst 2 månader snødekke. Jo lengre snødekke, jo sterkare angrep. I ytre strok kom snøen rundt 15-20 desember og låg samanhengande i 3 månader. Det var rett nok noko tele i jorda før snøen kom, men han var tynn etter kortvarig frostperiode. Det kan tenkjast at telen smelta under snøen i løpet av vinteren. Mange plassar var det i alle tilfelle ikkje tele i jorda då snøen smelta bort i andre halvdel av mars.

Helst 3 slåttar eller haustbeite
Det er mest vanleg å få problem med snømugg på raigras som overvintrar med mykje gjenvekst. Mykje gras under snøen gir gode tilhøve for soppen. Nokre plassar kan dette forklare korfor eng med 3 slåttar er fri for skade medan område med 2 slåttar på same teigen kan vere nær totalskadd. Tilpassa haustbeiting kan òg vere gunstig for å unngå lang gjenvekst ved vekstavslutting. Andre tilhøve spillar òg inn, sjølv kort gras har nokre plassar blitt skadd.



Oftast blir det mindre skade av snømugg der det er kort gras gjennom vinteren,
til dømes etter 3 slåttar (til venstre). Større utgang der det er teke 2 slåttar
og gjenveksten på hausten har vore kraftigare (til høgre). Foto: ØV.


Raigras og raisvingel er mykje utsett, medan strandrøyr gjerne står att utan teikn til angrep av snømugg. Det ser ut til at gamal eng har fått dei største skadane.

Unngå gylle om hausten
Mykje gjødsel seint i vekstsesongen gir sein vekstavslutting. Graset veks godt utover hausten og brukar av opplagsnæringa. Når vinteren kjem er graset svekka og meir utsett for både overvintringssopp og andre påkjenningar som isdekke og frost.

Også i  Sogn og Fjordane har Landbruksrådgivinga og Bioforsk registert mykje skade av snømugg i ytre strok i år. I Askvoll i Sunnfjord såg ein skade berre på areal som hadde blitt gjødsla med husdyrgjødsel i månadsskiftet september-oktober i fjor. Sjå nettsida til NLRH Sogn og Fjordane. I Nordhordland har vi derimot òg sett mykje skade på areal som ikkje blei gylla i haust.

Ikkje alltid lett å forstå
Graslengda og gjødslinga kan ikkje alltid forklare korfor den eine teigen har fått meir skade enn den andre. Årsakene kan vere komplekse. Våt jord og våt haust gir òg god vekst om hausten og dermed dårleg herding. Det kan soleis tenkast at eng på myrjord har vore meir utsett for angrep av snømugg enn eng på mineraljord. Låg stubbehøgde og tidleg slått kan truleg òg gjere graset meir utsett for soppangrep då dette reduserar opplagsnæringa i graset.

Er det skade hos deg?
Her i fylket har vi sett ein god del vinterutgang i kystområda. Vi vet om skade i Lindås, Radøy, Bergen, Fusa, Kvinnherad og Kvam (inn til Jondal og Tørvikbygd). Det er truleg skade mange fleire plassar også, anten av stort omfang eller i alle fall som uttynning eller 'brakking' av enkelte teigar. Gi gjerne melding til oss om eventuell skade:
Lise Austrheim: lise.austrheim@lr.no
Øyvind Vatshelle: oyvind.vatshelle@lr.no

Så langt har vi ikkje høyrt om slike skadar i enga i indre strok. I indre strok har det vore mindre snø og djupare tele.


Mykje skade av snømugg hos Thorleif Manger på Radøy 10. mai 2010.
Her blei det raskt innkjøp av nytt såfrø. Foto: ØV.



Fornying
Med små skadeområde innimellom er det mange som har brukt moseharv eller anna lett harving og sådd i raigras. For å få best mogleg jordkontakt bør ein tromle etter såing. Der det berre er uttynning kan ein ikkje køyre med moseharv så langt som graset har kome no.

Direktesåing eller total fornying er framleis aktuelt. Dersom høymole, krypsoleie/trønske eller kveke står att i enga er det viktig å brakke før fornying. Dersom tunrapp dominerar er det usikkert om ein treng å brakke. Med dårleg tilslag på direktesåing og isåing er det venteleg fleire som må ta ein grundigare fornying av enga anten mellom slåttene eller til hausten/neste vår.

For å kunne søkje om erstatning etter vinterskade på eng er det frist 15. juni for å reparere enga.

Unngå skade neste snørike vinter
Det er dei klimatiske tilhøva som har gitt store angrep av snømugg i år. For å redusere faren for angrep neste gang det måtte komme en snørik vinter, kan ein ta nokre ekstra omsyn i drifta – som til dømes å unngå sterk grasvekst utover hausten og unngå overvintring av lang gjenvekst.

 

> Les meir: Vinterskade i ytre strok



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.