Stankelbeinlarvar nærast utan skuld

22.05.2010 (Oppdatert: 11.12.2018) Øyvind Vatshelle

Vi trudde tidlegare at larvar av stankelbein var årsak til skadane vi såg i enga i ytre strok i vår. Etter kvart har det vist seg at det er soppen snømugg som har forårsaka skadane i vinter. Det er difor ingen grunn til å utsetje fornyinga i påvente av at larvane skal bli ferdig å gnage. Du kan likevel gjerne sjå etter larvar for å få overblikk over situasjonen.


Tekst: Lise Austrheim og Øyvind Vatshelle
Norsk Landbruksrådgiving Hordaland
 

Dersom overvintringa har vore dårleg, skuldast det truleg snømugg. Dei fleste plassane vi har undersøkt har det ikkje vore mange nok larvar til at dei har gjort stor skade. For å utelukke angrep av stankelbeinlarvar, kan du gjerne grave etter dei. Larvane ser ut til å halde seg nær jordoverflata og skal vere lette å finne.

 

Viss du berre finn nokre få larvar, og gjerne må leite for å finne larvar, så er dei uskuldige og det er heller soppen snømugg som er ’syndaren’. Ein vil kunne finne nokre slike larvar i enga alle år. Det er flest larvar i fuktig jord, særleg myrjord.

 

Meir enn éin larve for kvart spadetak

Erfaringar frå Smøla på Nordmøre tydar på at i åra med sterke angrep av stankelbeinlarvar, har ein sett så mykje som 5-8 larvar pr 10x10 cm. Det aular av larvar. Det er likevel å vente at dei kan gjere skade også når dei er mindre talrike. I Danmark reknar ein at fleire enn 1 larve pr 10x10 cm (eller 100 larvar pr kvadratmeter) om våren er nok til å gi skade på gras. Larvane blir då talt ved å drie larvane ut av jorda med saltvatn, men vi reknar med at ein får brukbar oversikt ved å rote i jorda med ein spade.

 

Dersom du finn éin larve for kvart 10x10 cm hol du grev, så gjer dei altså truleg berre litt skade. Om ein finn færre enn dette, så har dei ikkje skada enga i det heile. For at larvane skal få all skulda for sterk ’vinterutgang’ på eit areal, m å du truleg finne meir enn 2-4 larvar for kvart 10x10 cm hol du grev.

 

Gi gjerne beskjed til oss om kor mange larvar du finn – dette er nyttig kunnskap til seinare år!


I skadeår der larver av stankelbein førar til stor utgang av eng aular det av larvar under den daude grastorva.
Dette er berre illustrasjonsbilete då larvar frå eit større område er samla saman. Foto ØV.

 

Det skal mykje til for å utsetje isåinga

Det har tidlegare vore tilrådd å vente med å så til rundt St. Hans, slik at larvane har forpuppa seg og ikkje gneg meir på graset når grasspirene kjem for fullt. Det er viktig å vere klar over at dette berre gjeld ved sterke angrep og kraftig herjing i enga. Oftast går det bra med tidleg fornying, også om det er noko angrep av larvar. Einaste grunn til å vente med fornyinga er soleis om det verkeleg aular av larvar under den daude grassvoren.

 

Meir snømugg enn larvar i år

Meldingane vi har fått inn og undersøkingane vi har gjort hos brukarar som har teke kontakt angåande angrep av stankelbeinlarvar tydar på at det er relativt få larvar i enga i år. Ein kan i alle tilfelle ikkje snakke om noko herjingsår. Nokre plassar er det kan hende nok larvar til at dei har gjort noko skade, men også her er snømugg truleg den viktigaste forklaringa. Når dette er sagt, må det òg nemnast at ein idrettsplass på Radøy truleg har hatt så mykje larvar at dei er hovudårsak til utgang av graset.

 

> Les meir: Vinterskade i ytre strok
> Les meir: Myrstankelbeinlarver i år også
> Les meir: Myrstankelbein, plantevernleksikonet



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.