Slåttestrategi og slåttetidsprognoser

11.05.2010 (Oppdatert: 14.03.2017) ,  Lise Austrheim

NLR Hordaland vil ta grasprøver ein gong i veka fram til 1. slått. Resultata vert lagt ut på heimesida. Resultata er eit hjelpemiddel når ein skal finna rett slåttetidspunktet.

Grovfôret som vert produsert på garden bør vere kvantitativt og kvalitativt tilpassa produksjonen. Ulike produksjonar vil ha ulike krav til fôret. For å hjelpe til i vurderinga av grovfôret, har NLR Hordaland dei tre siste åra tatt grasprøver ein gong i veka frå slutten av april og fram til 1. slåtten. Resultata vert lagt ut på heimesida slik at du kan fylgje med og planlegge slåttetidspunktet ut frå kva næringsinnhald du ynskjer på grovfôret. Dei to prøvestadene vert også i år Omvikedalen (ytre strøk) og Evanger (indre strøk).

Les meir