Husdyrgjødsel – spreietidspunkt og næring.

21.03.2016 (Oppdatert: 11.12.2018) Anne Lamberg Opsahl

Husdyrgjødsla er framleis «bondens gull». Den er allsidig og inneheld mykje næringsstoff som plantane kan gjera seg nytte av. Det er mykje pengar spart ved å bruka den på rette måten.

Spreietidspunkt

Husdyrgjødsel kjem inn under lova om organisk gjødsel. Den seier at det ikkje er tillete å spreia husdyrgjødsel i perioden 1. oktober til 15. februar. Det er heller ikkje tillete å spreia husdyrgjødsel på snødekt eller frosen mark. Ein bør vera tidleg ute med husdyrgjødsla, men ikkje før veksten er i gang, og jorda er køyresterk. Det er viktig at graset har tilgang på næringsstoff i ein tidleg fase.

Næringsstoff

Husdyrgjødsla er allsidig samansett når det gjeld næringsstoff. Dei kan vera bundne i den organiske delen eller ein finn dei som reine næringsstoff (uorganisk).

Innhaldet av næringsstoff i husdyrgjødsla vil vera sterkt avhenig av fôringa, og då bruk av kraftfôr. Gjødsel frå drøvtyggjarar inneheld mykje kalium medan gjødsel frå dyr som er fôra med mykje kraftfôr er rik på fosfor. Ein kan også rekna med at bruk av mineralblanding til dyra vil verka inn på innhaldet

Nitrogen

Dette næringsstoffet finn ein både som organisk bunde og i uorganisk form som NH4 (ammonium-nitrogen). Det er ammonium-delen som kan gå tapt som ammoniakk til lufta. Dette tapet kan variera frå 20-60%. For å minska ammoniakktapet, kan ein blanda inn vatn eller ein kan nytta stripespreiar av ulike typar. Kjøleg ver vil også dempa ammoniakktapet. Det kan difor vera aktuelt å nytta ettermiddagar og kveldar til å ha ut husdyrgjødsla. Den organiske delen vil verta nedbroten litt om senn. Høg jordtemperatur og luft i jorda vil vera med på å auka nedbrytinga og dermed frigjeringa av nitrogen. Ein får difor størst utnytting av husdyrgjødsla ved å bruka den tidleg i sesongen.

Fosfor

Dette stoffet er i hovudsak bunde til den organiske delen. Høg temperatur og god lufttilgang i jorda er viktige faktorar for å nytta fosforet i husdyrgjødsla. I høgareliggjande område med låge temperaturar om våren, kan det vera ein føremun å bruka mineralgjødsel som inneheld litt fosfor.

Kalium

Kalium finn ein mest i uorganisk form. Land inneheld mykje kalium, likeeins pressaft. Plantane gjer seg god nytte av kalium i husdyrgjødsel. Dersom ein er veldig tidleg ute med husdyrgjødsla og får mykje regn, kan kalium verta utvaska.

Svovel

Dette stoffet finn ein både i organisk og i uorganisk form. Svovel kan vera med å danna dihydrogensulfid, H2S. Dette er ein fargelaus, sterkt giftig gass som kan vera årsak til forgiftning av både menneske og dyr. Det er særleg ved omrøring ein skal vera merksam på dei farlege gassane. Viser elles til artikkel om dette emnet som NLR HMS har sendt ut til sine medlemmer.

Utnyttinga av svovel i husdyrgjødsla vil som for fosfor vera avhengig av temperatur og luftinnhald i jorda. Det er viktig å bruka svovelhaldig mineralgjødsel inntil husdyrgjødsel om våren.

Andre næringsstoff

Magnesium og kalsium vil ein finna ein del av i husdyrgjødsla.

I tillegg til makronæringsstoffa finn ein mikronæringsstoff som jern, kopar, mangan, sink, molybden og klor. Innhaldet av desse stoffa er mindre undersøkt, men det er godt klarlagt at dei også har god verknad som plantenæringsstoff.

Innhald frå ulike dyregrupper

Tabellen viser norm- og gjennomsnittstal for ulike dyreslag.

Analysar teke på enkelte gardsbruk, viser store variasjonar. Det kan difor vera av interesse å ta husdyrgjødselprøvar for å kartleggja innhaldet på det enkelte bruk.

Dyreslag

TS%

Nitrogen

Fosfor

Kalium

Total-N

NH4-N

Storfe

6

3,4

1,8

0,6

3,3

Sau

12

6

3,3

1,2

4,0

Gris (4-5% TS)

4,5

6

4,5

1,3

2,5

 

Forfattar: Jorunn Ringheim Hernes



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.