Fôring av drektig sau

15.02.2016 (Oppdatert: 11.12.2018) Leif Trygve Berge

Livskraftige lam med passe fødselsvekt og søyer med godt utvikla jur som kan mjølke godt etter lemming, er målet med god vinterfôring. Fôringa må tilpassast alderen på søya, haldet ho er i, tal foster, og kor ho er i drektigheitsperioden. Klarer ein å halde søya i eit passeleg hald på 3,5 har ein best mulighet for optimal fôring i drektighetstida.

Progesteron

For sterk fôring med høgt energinivå etter paring reduserer både tal drektige søyer og lammetal. Fagfolk meiner dette kan skuldast progesteron-nivået hos søyene. Progesteron blir produsert av morkaka, og er det viktigaste hormonet for oppretthalding av drektigheta og utvikling av mjølkekjertlane.

Fôringa har særleg betydning for utvikling av morkake og fosterhinne i midtdrektigheta (50-100 dg). Det meste av fosterhinneveksten skjer i dette tidsrommet og storleiken på morkakene gjev grunnlag for nærings- og oksygentilførslel for lamma.

Sterk fôring i midtdrektigheita kan føra til dårlegare utvikling av blodkara i fosterhinnene med påføljande risiko for mindre foster og fleire foster som døyr før og under lamming.

 

Fôrstyrken må passe sauen sitt hald

Ein må vera merksam på at fôrstyrke i denne perioden må vurderast for kvar enkelt søye avhengig av hald og fostertal.

Er søya i godt hald (3,5) er ei mild "underfôring" i denne perioden gunstig for utviklinga av fosterhinner og morkaker. Men for søyer i dårlig hald (2) har ei slik svak fôring ein negativ effekt på utviklinga av fosterhinner og morkaker.

Ein bør difor arbeide for å få søyene i passeleg hald før paring (3,5) slik at ein her eit godt utgangspunkt for optimal fôring og unngår behov for sterk fôring i tidlig drektighet - det trengs ikkje noko til fostervekst då.

 

Østrogen

Siste veka før lemming går produksjonen av progesteron ned, og det vert danna østrogen.

Dette fører til at søya førebur seg til fødsel og mjølkekjertlane byrjar med produksjon av råmjølk. Ei utfordring ein opplever på feite sauer er at progesteronnivået ikkje går fort nok ned. Dette kan gje redusert eller forseinka råmjølkproduksjon. Så igjen - søyer i passe hald før paring og i heile drektighetsperioden er ei stor føremon.

 

Høgdrektighetstida

Dei siste 6 vekene før lemming skjer 70 % av tilveksten på fostera. Næringsbehovet aukar kraftig i denne tida og det er viktig med god fôring med nok energi- og protein. Samtidig minkar plassen til fôr i vomma. Her er det viktig å ha tilgang på eit best mulig grovfôr. Det betyr tidleg hausta med god gjæringskvalitet, høg tørrstoff % og kutting. Dette sikrar god næringsforsyning og sauen sitt ”ve og vel”. Fôring med slikt fôr gjev redusert volum og tyngde på fôret. Dette ser også ut til å redusere problem med skjedeframfall, bukbrokk og lemmingsvanskar. Tilleggsfôring med kraftfôr med høgt innhald av AAT blir tilrådd med ulik styrke etter kor godt grovfôr ein har, kor mange foster søya ber på og kor lenge det er att til lemming.

 

Gradvis opptrapping av kraftfôr

Ved fôring av ei trillingsau kan ein til dømes forvente at søya greier å ta opp ca 1,1 fem tidleg hausta grovfôr pr dag dei siste 6 vekene før lemming. Då blir det gjerne tilrådd 0,5-0,6 fem kraftfôr frå 6-3 veker før lamming og 0,8-0,9 fem kraftfôr dei siste 3 vekene. Sjå meir på: https://medlem.nortura.no/getfile.php/Nortura%20Medlem/medlem.gilde.no/Filer/2014/Temaark_foring_sauoglam_2014_web.pdf

 

Vurdering av grovfôrkvalitet

For best mogleg vurdering av grovfôropptaket tilrår me at de tek ei kontrollveging av grovfôret de fôrar sauene med og trekkjer frå fôrrestande. Og for å finna foreiningskonsentrasjonen kan de synsa litt etter om de har har seint, middels eller tidleg hausta grovfôr. Her er det lett å bomma. For meir presis kunnskap om fôrkvaliteten kan ein få fôranalyse. NLR Surfôrtolken er eit tilbod om grovfôrvurdering. Dette gir ei god vurdering av fôreiningskonsentrasjon, protein- og sukkerinnhald, fordøylighet og opptaksindeks. Ein får og ei vurdering av korleis ein traff med gjødslinga og om det har vore ei vellukka ensilering.

Sjå meir på: http://hordaland.nlr.no/raadgivingstilbod/surfôrproever-med-tolking/

 

Forsking og utvikling

I vår skal det gjennomførast eit fôringsforsøk på NMBU på Ås med ulike fôrstyrkar (energi) til søyer med meir enn 2 foster i sein drektighet (siste 50 dagar). Dette blir spennande å følgja med på. Og kan gjerne gje oss fleire gode svar for god fôring og dyrevelferd for sauene i denne krevjande perioden.

 

Fakta:

Tre drektighetsperiodar

Lågdrektighet er rekna som dei første 50 dagane, midtdrektighet frå 50-100 dagar og

høgdrektighet dei siste 50 dagane før lamming.

 

Haldvurdering – link til talverdiane:

http://animalia.no/Sauehelsenett/Forebygging-i-flokken/Hold-og-energitilforsel/

 

Kjelder:

Bondevennen 6/16, Fôring for meir råmjølk, Ole Arnfinn Røysland, student ved NMBU

Nortura, Fôring av sau og lam, Finn Avdem mfl.

Sau og geit 5/11, Hald og lammetal, Åshild Ø. Våge, Helsetjenesten for sau, Animalia

Pers. med.: Lisbeth Hektoen, Spesialveterinær, Helsetjenesten for sau, Animalia



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.