Skvallerkål

14.12.2015 (Oppdatert: 11.12.2018) Aukse Drungiliene

Vanleg i låglandet og i dalføra nord til Troms, Hammerfest og Sør-Varanger i Finnmark. Er observert på 740 moh i Røros.

Skvallerkål (Aegopodium podagraria)


Kjenneteikn
Skvallerkål er eit fleirårig, vandrande ugras med jordstenglar som er skøyre og sterkt greina. Vaksen plante kan verte frå 30 til 100 cm høg. Stengelen er opprett, grov og greina i toppen. Blomstrane er kvite og sit i dobbel skjerm. Formeiring og spreiing med frø og jordstenglar. Jordstenglane går lett sund ved jordarbeiding og vert dermed spreidde utover. Deler av jordstenglane følgjer lett med tre og busker som vert flytta med jordklump. Spreiing med frø skjer først og fremst frå plantar som får stå i fred langs gjerder og hekkar. Frøspiringa er treg og planten blomstrar først tredje året etter spiring frå frø. Skvallerkål blomstrar i juni-september. Tal frø per plante er i gjennomsnitt 2800.

Krav til veksevilkår
Trivst best på næringsrik jord i halvskugge mellom tre og buskar. Skvallerkål er eit plagsamt ugras i hagar, bærfelt, planteskular og langs vegar.

Les heile fakatark om Skvallerkål her

Forfatter: Gunnlaug Røthe


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.