Linbendel

14.12.2015 (Oppdatert: 11.12.2018) Aukse Drungiliene

Vanleg fleste stader i landet. Finst også i fjelldalane og nordover til Alta og Sør-Varanger. Er funnen på 790 moh. i Tynset. Kan ha opphav frå Nord– og Mellom-Europa.

Linbendel (Spergula avrvensis)


Kjenneteikn
Vaksen plante har fingreina pålerot og kan verte 15 til 40 cm høg. Stengelen er oppstigande til opprett og sterkt greina ved grunnen. Som oftast har planten klebreie kjertelhår. Blomstrane sit på lange skaft i kvastforma blomsterstand. Dei vender nedover etter blomstring (heng med hovudet). Planta blomstrar i juli-september og blomstrane opnar seg berre i solskin. Linbendel formeirar og spreier seg berre med frø som modnar tidleg og dryss lett. Frøet må som regel overvintra før det spirer. Frøa kan liggje lenge i jorda utan å miste spireevna. Det er funne 1700 år gamle spiredyktige frø under arkeologiske utgravingar i Danmark og Skåne. Frøa spirer godt frå djup ned til 3 cm. Tal frø per plante er i gjennomsnitt 3200.

Krav til veksevilkår
Trivst best på kalkfattig jord, spesielt på lettare jordartar, men ein finn han òg på tyngre jordartar. Linbendel veks i åker, langs vegkantar og på strender.

Les heile fakatark om linbendel her


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.