Luserne - engvekst med potensial

01.12.2015 (Oppdatert: 14.03.2017) ,  Gunnlaug Røthe

Luserne er ein plante med stort potensial for å fiksere nitrogen og for avling. Kalktilstanden og næringsinnhaldet i jorda må vera god. I tillegg er det viktig med rett rhizobiumsmitte, god smittemåte og rask såing etter smitting. Vêrtilhøve ved såing har og noko å seia. NLR Hordaland har dei seinare åra gjort enkle utprøvingar med luserne både i eigne felt og registrering i økologisk driven eng. På bakgrunn av våre utprøvingar er det mogeleg å få luserne til å etablera seg i eng i indre Hordaland, men det trengst større omsyn til jord, klima, såmetode m.m. ved såing og etablering enn ved andre arter. Luserne kan gje auka innhald av protein i avling noko som kan vera interessant i økologisk dyrking.

Luserne i blanding med kløver og grasarter